Å køyre bil i Nordvest-Russland

juli 17, 2007 at 3:35 pm 9 kommentarar

Mange har sagt til meg at dei syns eg er så tøff som køyrer bil i Nordvest-Russland.  Det er tredje gongen no, og det har gått kjempefint alle gongane.  Nokre tips om kva ein kan gjere i nokre situasjoner, følgjer her:

1.  Grensepassering:  gjer som dei uniformskledde og dama i banken seier, så fort du kan.  Dei passar på deg, og du kjem ut att med forsikringspapir og betalte avgifter (ca 150 kr til saman) etter 17 ekstra underskrifter.  OBS:  chassissnummer heiter understellsnumer på vognkortet.  Dei uniformskledde blit litt irriterte viss du skal vite kva papira betyr, og det tar mykje lenger tid.

2.  Lesing av skilt:  sidan eg kan lese greske bokstavar, greier eg også dei fleste russiske.  Eg memorerer namnet på skiltet eg ventar, prøver å huske dei to første bokstavane, og når eg ser dei på eit skilt, der også lengda på namnet stemmer nokonlunde med det eg ventar meg, er det riktig. Sjå Monsjegorsk-eksempelet under.

namneskilt.jpg

Vi var heldige, og skulle ikkje til stader som begynte med bokstavar som eg ikkje kan lese.  Viss de ikkje kan lese russiske bokstavar, bør de altså ikkje køyre til stadar der dei to første bokstavane ikkje samsvarar med dei latinske bokstavane.

3.  Uskjønelege skilt.  Vi var berre ute for eitt:

trafikkskilt.jpg

Har de forslag?  Her er nokre av våre:  a) forbudt med jonsokbål på taket, b) forbod mot rakettutskyting frå biltak, c) forbudt å grille på biltak i fart

4.  Russisk versjon av automatisk trafikkkontroll:  Av og til møter du dette, gjerne i ein sving:

 fartskontroll2.jpg

Det er teikningar av politibilar på metall, forma som bilar

5.  Kva ein gjer når ein ikkje veit namnet på dit ein skal.  Vi greidde ikkje å finne vegkart i Kirkenes, og gløymde å prøve i Murmansk.  Så manøvreringa var etter kart over Skandinavia og Nordvest-Russland på side 358 i Lonely Planet-boka.  Alle skuleatlasar har meir detaljerte kart.  Då vi like etter Kandalaksja fann eit skilt der vi trudde vi skulle ta av mot Finnland, sto der ikkje Rovaniemi eller Kemijärvi som eg hadde venta.  Heller ingen andre kjende namn, trass i at eg kunne lese nesten heile dei tre namna som sto der.  Kva gjer du då?  Jau, ringer til det gode reisebyrået Flait i Murmansk, og spør kva namn som skal stå på eit slikt skilt.  Og dei svarar greit at det er Salla, og Calla står det på skiltet med russiske bokstavar. 

6.  Å fylle bensin var det einaste som nokre gonger var vanskeleg.  Å banke på stengde dører, og finne luka der andletet kom ut, få sagt frå om antal liter, og betalt, var ikkje vanskeleg:

betalebensin.jpg

Det einaste verkeleg vanskelege med å køyre bil i Nordvest-Russland er at det ofte ligg hundar på plassen framfor pumpene, og då torer ikkje eg å gå ut og stå og fylle bensin.  Det var godt at modige Tone var med og tok over og løyste den farlege situasjonen.

hund.jpg

Bodil 

Etterord om det uskjønelege skiltet:  Tatjana med det ferske sertifikatet fortel at skiltet betyr:  Transport av eksplosiver og lettantennelige stoffer forbudt. 

Vi meiner Ingeborgs forslag til kva skiltet skulle bety, var det beste: 

Skiltet betyr jo selvsagt at man må se opp for raketter som kan komme fra begge sider og eksplodere på biltaket??  Og slikt er jo selvsagt forbudt, da det kan avstedkomme meget ubehagelige situasjoner for folk i bil!

Entry filed under: Uncategorized.

Kort oppdatering Oppdatering kjem

9 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  juli 17, 2007 ved 7:20 pm

    Ha ha, eg har ikkje flirt så godt på lenge …

    Ang. uforståeleg skilt:
    Av underskiltet gjeng det fram at forbodet mot jonsokbål på taket berre gjeld dersom bilen vinglar frå side til side.

    Svar
  • 2. Vigdis  |  juli 18, 2007 ved 5:01 pm

    Hei!
    Er innom jobb – (nesten) berre for å sjå på feriebloggen. Interessant lesing om ein innhaldsrik tur – og mange fine bilder. God tur vidare i meir kjent kultur og landskap. Helsing Vigdis

    Svar
  • 3. Ingeborg  |  juli 18, 2007 ved 6:03 pm

    Uforståelig skilt??

    Det betyr jo selvsagt at man må se opp for raketter som kan komme fra begge sider og eksplodere på biltaket??

    Og slikt er jo selvsagt forbudt, da det kan avstedkomme meget ubehagelige situasjoner for folk i bil!

    Kos dykk vidare.

    😉

    Svar
  • 4. Asbjørn  |  juli 20, 2007 ved 5:52 am

    Det uforståelege skiltet betyr kort og godt at det er forbudt å vere i køyrebana når der kjem utrykningskøyretøy. Då skal de køyre ut på veiskulderen, enten til eine eller andre sida iflg underskiltet. :-] Kan det høyrest logisk ut?

    Asbjørn

    Svar
  • 5. Ingunn  |  juli 22, 2007 ved 10:47 am

    Eg trur de må sjå alle skilta i sammenheng. De er på forkjørsveg, og då er det forståeleg at de i bilen vert sinte når det kjem småpøblar springande frå alle kantar!

    Svar
  • 6. helen  |  juli 22, 2007 ved 11:08 am

    ha ha! så fantastisk blogg! føler med BODIL som er redd hunder… jeg blir gjerne med som hundevakt på neste tur! 😉

    Svar
  • 7. Gjermund  |  oktober 28, 2007 ved 10:46 pm

    Sonen min og eg skal sykla frå Kemijärvi til Kandalaksja (Kvitsjøen), Murmansk (Barentshavet) og Kirkenes til sommaren. Sist sommar sykla vi frå Narvik til Kemijärvi via Haparanda.
    Eg brukar Google for å finna fram tips til russlandsdelen av sykkelturen vår. Dette var definitivt ei av dei betre sidene eg fann.
    No veit eg at vi i tillegg til myggnett må ha med oss balltre til å halda bikkjene unna beina våre når vi syklar.

    Svar
  • 8. 4murmansk  |  oktober 29, 2007 ved 10:05 pm

    Hei Gjermund
    Kjekt at bloggen kom til nytte.
    Balltre er sikkert ingen dum ide – haha, – pluss fullt birøktarutstyr til kvar gong de skal stoppe syklane 🙂
    Vi køyrde frå Pajala til Lofoten den 18. juli, så vi har kanskje passert kvarandre ein stad på vegen, – men vi hadde berre regn heilt til vi kom over grensa eit stykke.

    Lykke til med sykkelturen

    Eldrid

    Svar
  • […] med å køyre tur-retur Murmansk: 1.  å fylle bensin på russiske bensinstasjonar, sjå link her om kvifor.  2.  Å rygge beine […]

    Svar

Kommenter innlegget

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031