Skrifta på duken

Under besøket på Hareid, fekk eg endeleg vite kva som står på duken eg kjøpte i Kandalaksja.   Tatjana oversette villeg:

Dette betyr Brød og Salt, som er ei tradisjonell velkomstgåve når ein tek imot gjester.

Eit lite utdrag henta frå denne sida::

http://www.norge.ru/no/russiskkjoekken.html

«Russisk matkultur i høy grad er knyttet til brød. Den tradisjonelle russiske velkomst heter «Khleb-da-sol», hvilken betyr: «Brød og salt». Således mottok man gjester i gamle dager og også ærede gjester som president eller ministere i dag: med et friskbakt brød og en skål salt på et broderet klede. »

Dette betyr «Råd og Kjærlighet» (Råd som i uttrykket «å gi gode råd», «råde til»)

Begge uttrykka er brukt som gode ønske for brudepar.

juni 28, 2008 at 11:12 pm Kommenter innlegget

Den omvende reisa

I år er det ny rundtur, men den går andre vegen, og med litt andre deltakarar.  Bodil er framleis sjåfør, men det er dei to russiske damene vi møtte i Murmansk, Irina og Tatjana, som er dei andre to turdeltakarane.  Tilsaman er dei då 3 damer, som er på veg frå Oslo til Murmansk, og på vegen skal dei sjå og oppleve mest muleg av Norge.

Tradisjonen tru har dei eigen blogg, og den har då fått namnet 3 Damer frå Oslo til Murmansk, og har adresse:

http://3murmansk.wordpress.com/

Irina og Tatjana flaug til Oslo, og Bodil henta dei der.  Jonsokaftan kom dei til Hareid, og her fekk dei møte att alle dei fire damene frå i fjor, pluss mange andre familiemedlemar og vener.

Kveldsmat på Røyset

Her er dei tre reisande i ferd med å ete kveldsmat på Røyset saman med mange familemedlemar, – fleire enn dei som kom med på bildet.

 Følg med på bloggen deira

http://3murmansk.wordpress.com/

 

 

juni 28, 2008 at 10:33 pm Kommenter innlegget

Jul med souvenirar

Eg kjøpte ein laaaaang løpar i Kandalaksja, og lurte eigentleg på om eg kanskje måtte klippe den av og forkorte den litt, men med ein klaff i spisebordet passar han perfekt, og er til og med litt  «julete» i fargane.

Det same er mi russiske dame i bakgrunnen, – eigentleg ei tehette, – så desse to går godt i lag.

lang løpar frå kandalaksja

No kan vi ikkje så mykje russisk enno, så vi har ikkje klart å tyde kva som eigentleg står på duken.   Dersom nokon som les dette veit det, er de velkomne å skrive oversetjinga i kommentarfeltet.  Detaljbilde under, klikk for å få større bilde:

juleduk detalj   juleduk detalj 2

I Kandalaksja hadde dei også lekker måla og lakkert julepynt:

julepynt

Desse er komne på juletreet.

Ha ei fortsatt god jul!

Eldrid

desember 26, 2007 at 5:24 pm 1 kommentar

Endeleg, endeleg, endeleg….

… kom dosida opp.  Sjå link oppe på sida.

Eldrid

oktober 21, 2007 at 11:48 pm 2 kommentarar

No får vi sjå

om den nye matsida heng fast, eller om den er forsvunnen til i morgon.  Det tok nokre forsøk før den kom til syne.  De får bere over med skrivefeil så lenge, – vågar ikkje å redigere og lagre fleire gonger før desse problema er fiksa.

På tide å leite fram do-bilda.

Eldrid

ps.   Dette skal no vere ein direkte link til sida «Meir mat»

pps.  Har no lagt til link til alle dei faste sidene ute i høgre ramma.

september 24, 2007 at 11:28 pm 2 kommentarar

Test

for å sjå om denne posten dukkar opp.  WordPress har hatt problem, – hadde skrive ferdig neste matside, og så berre forsvant mesteparten,  – tre gongar!!! – aaaaarghh!  Får berre vente og sjå om problemet blir løyst.

Eldrid

september 23, 2007 at 10:33 am 4 kommentarar

Omsider..

…. kjem det ei oppdatering her på bloggen.  Skulestart og diverse andre deadlines har teke mesteparten av tida i det siste, så her inne har det dessverre gått noko tregt. Men ting skal nok kome, om ikkje så brått.

Nytt i dag er ei side om mat.  Matbilde vart etterlyst, men det kan nok hende enkelte vil synest at ein bør vere forsiktige med kva ein ønskjer seg, for dette er berre halvparten.

Link oppe på sida.

Eldrid

september 2, 2007 at 11:20 pm Kommenter innlegget

Og vinnaren er…

… dessverre ingen. 

Sjå utlysing av konkurransen her.

Fasit:  Eg tok 3516 bilde på turen.  Ingen hadde gjetta noko i nærleiken av dette, sjølv ikkje om vi rekna gjenomsnittet av alle svara, som blir 1338857,3 bilde.

Premiane skulle vere kopi av dei tre finaste bilda frå turen, men sidan ingen vann premiar, bestemte vi at vi ville legge dei ut så alle fekk sjå.  Eg måtte då gå gjennom alle bilda og velge ut dei tre finaste, men det syntest eg var vanskelig, – eg plukka og plukka, og enda til slutt opp med ein heil skokk. 

I staden for å bruke meir tid på å velge ut berre tre bilde, har vi like godt laga ei galleriside av dei bilda som eg hadde lagt inn i premiemappa.  Link til galleriet er øvst på sida her. 

Vi hadde ein fin tur på meir enn ein måte.

Eldrid

august 18, 2007 at 5:20 pm Kommenter innlegget

Å halde det ein lovar..

..er god folkeskikk.  Vi har hinta om forskjellige saker og sagt vi skal skrive meir om dei, og det kjem nok litt i senn.

I ein av dei første postane lova vi å skrive meir om forviklingane på byrjinga av turen.  Som før fortalt: det flyet der vi tre damene synnafrå var om bord, landa ikkje i Kirkenes som planlagt på grunn av skodde, men i Ivalo i Finland.  (Flyselskapet var Norwegian, berre så det er sagt).

Vi hadde ikkje med oss Europakart eller nokon ting, så vi hadde eigentleg ikkje peiling på akkurat kvar vi var, men utfrå opplysningane som vart gitt på høgtalarane på flyet, høyrdest det ut som det var berre ein svipptur over grensa og inn i Norge.  Seinare fann vi ut at det var ein tre timars busstur frå Ivalo til Kirkenes.  Flymannskapet vinka bye-bye og lovde oss meir informasjon av personalet på flyplassen, før dei snudde flyet og flaug sin veg.

ivalo2

Ankomsthallen i Ivalo…..

ivalo

…. med flotte maleri på veggane

Etter at folk var komne inn i eit ganske tomt, men stilfullt og rustikt lokale, hadde fått bagasjen sin og gjort unna dei verste dokøane, dukka det omsider opp ei ung jente med offisiell refleksvest og ein walkie-talkie i handa.  Ho sa noko til dei som tilfeldigvis stod nærast, og ryktet spreidde seg at det skulle kome ein buss.  Jenta gjekk ut og inn, og sa av og til noko til dei som stod nærast og masa mest, og ryktet sa etterkvart at det skulle kome først ein buss, så ein buss til om 20 minutt, og deretter endå ein buss noko seinare.  Etter ei stund kom ryktet så langt som til høgtalaranlegget, på engelsk med finsk aksent.

ivalo3

Stilig oppsats på flyplassen i Ivalo.  Som de ser hadde vi god tid til å fotografere her.

Den første bussen dukka opp, og der vart det fort trengsel.  Det var ein del som hadde stresskoffert og som også såg tilsvarande stressa ut, og der var også ein del småbarnsfamiliar, så vi tok det med ro, – vi var trass alt vaksne og var på ferie, – men kanskje litt uerfarne som trudde på ryktet om fleire bussar.

Buss nummer to dukka opp etter tre kvarter, men det var ein rutebuss som skulle til Båtsfjord viste det seg, ikkje til Kirkenes, så den meinte vi var uaktuell for oss.  Den vart likevel ganske fort fyllt av folk som sikkert hadde meir oversikt over geografien og korresponderande ruter enn vi hadde akkurat då.

Buss nummer tre såg vi ikkje noko til, og fekk aldri svar på kva tid den skulle kome.

I mellomtida hadde endå eit fly «nødlanda», og no vart det plutseleg voldsom aktivitet på høgtalaranlegget.   Etterkvart forstod vi at det var eit utanlandsk reiseselskap som ikkje hadde nådd hurtigruta i Kirkenes, og som skulle skyssast til Båtsfjord for å gå ombord der.  Høgtalarstemma proklamerte på vekselvis tysk og fransk at det kjem ein buss om fem minutt.  Etter fem minutt kom det verkeleg ein buss, og på høgtalaren fekk dei beskjed om nøyaktig kvar dei skulle gå for å finne bussen, og nøyaktig kven som skulle vere med den bussen, – her var det presisjon i alt.

Tone hadde no fått kontakt med Bodil på mobiltelefon.  Det vi ikkje visste då, var at Bodil hadde rekognosert litt på flyplassen i Kirkenes.  Der stod ein buss klar til å frakte passasjerar til Ivalo, – det var dei som ikkje hadde fått reise med det Norwegianflyet som ikkje hadde landa i Kirkenes, men i Ivalo.  Ho skjøna tegninga: bussen som vi var lova ville ikkje kome til Ivalo før om tre timar, deretter ville det ta tre nye timar tibake til Kirkenes.

Bodil tenkte fort, og dermed vart Tone «tvinga» til å «antaste» bussjåføren med spørsmål om det var plass til oss i bussen med utlendingar til Båtsfjord, og om vi kunne vere med, og det var greit.  For sikkerheits skuld snakka Bodil og med sjåføren og fekk vite at bussen skulle innom Tanabru.

Om bord i bussen var ein livleg gjeng.  Der var også ein midlertidig reiseleiar, som prøvde å fortlje litt om byen Ivalo som vi køyrde inn i.  Før bussen forlot flyplassen, kom det ombord to kasser med varm pariserpizza, som folk fluksens kasta seg over.  Bussen stoppa og fyllte bensin, og då kom reiseleiaren med eit par kartongar med juice.  Deretter var det endå eit stopp ved ein matbutikk, og inn kom endå to kasser med baguettar og ei kasse cola.  Det var til slutt eit heilt lite berg med mat, og seinare tomgods, i midtgangen på bussen.  Før «sjefen» vinka farvel, opplyste ho at det ville bli lunsjstopp på Tana Hotell.  Her skulle det ikkje sveltast.

mat ombord i bussen

Matkasser i bussen

Etter ei stund fekk Tone ei kryptisk melding frå Bodil på telefonen:  «Sei frå dersom bussen svingar til høgre etter ein time». 

Javel?? 

Utifrå det vi registrerte, svinga bussen både hit og dit heile tida, men vi bestemte oss for å vere på utkikk etter ein høgresving etter ca ein time, – eller kanskje ein time pluss 10 – 20 minutt sidan det tok litt tid med all maten.  Det var noko vekslande mobildekning, så vi fekk ikkje kontakt med Bodil for å spørje kva ho eigentleg meinte.

Sjølv om det kanskje var ein ekstra bonus å få litt sightseeing i Finland «på kjøpet», vart landskapet noko einsformig i lengda, og det var ikkje heilt fritt for at vi duppa litt av.  Innimellom bråvakna einkvan og spurte: «Har bussen svinga til høgre?»  «Jada, – fem gongar»

Endeleg kom Bodil gjennom på telefonen til Tone: «Har dokke svinga til høgre? Ser du ein dal og ei elv?»  «Nei, her er berre fjell.»  «Ok, då er dokke der eg trur dokke er.  Sei frå om dokke køyrer over ei bru….»  Så braut det.

Det var godt å vite at nokon visste kvar vi var, for vi hadde ikkje peiling sjølve, så vi fekk berre gjere vår del av oppgåva som best vi kunne og halde utkikk etter ei bru og ein høgresving.  Men vi var litt usikre på om vi skulle køyre over brua eller ikkje, og om høgresvingen framleis var med i planen.

bru

Vi kan skimte ei bru og eit vegkryss gjennom frontruta på bussen.

Etter ei stund såg vi faktisk ei ganske stor bru litt lenger framme, og jammen svinga bussen til høgre og, men det var like før brua.  Bodil fekk fluksens beskjed: «Vi har ikkje køyrt over brua, men vi har svinga til høgre.»  «Ok, då veit eg kvar eg skal køyre.  Hugs å stoppe bussen i Tanabru».

tanaelva

Elvebåtar på Tanaelva

 Då kunne vi slappe av og nyte bussturen nedover langs elva, som vi seinare fekk bekrefta var Tanaelva.  Bussen stoppa av seg sjølv i Tanabru, for der skulle alle inn på hotellet og ete lunsj.  Bodil stod på parkeringsplassen og venta då vi kom, og kjøpte seg ein kaffi inne på hotellet medan vi andre forsynte oss av lunsjbuffeten som var sett fram til busspassasjerane.  Kven som betalte veit vi ikkje.

Det høyrer med til historia at 10 minutt etter at Norwegianflyet vårt skulle ha landa i Kirkenes, men ikkje gjorde det på grunn av verforholda, så landa det eit fly frå SAS/Braathen der.  Skilnaden skal vere lang eller kort erfaring med den aktuelle flyplassen seiest det.  Kanskje noko å ha i bakhovudet når ein ser at eit flyselskap har 200 kr billegare billett enn eit anna.  Uansett så er det viktigaste å kome seg trygt ned på landjorda att, men det er no absolutt ein fordel å kome fram dit ein har tenkt og.  Det er noko med å halde det ein lovar.

Konklusjon:  Bodil er ein ualminnelig snartenkt organisator som kan snu på ein femøring når situasjonene krev det og køyre hit eller dit etter behov.  Alle spørsmåla om høgresvingar og bruer var for å kartlegge kva veg bussen ville ta, og om ho eventuelt kunne møte oss i Neiden eller måtte køyre heilt til Tana.  Godt at nokon held greie på bruer og vegkryss medan andre er langt ute å køyre i den same geografien.

august 11, 2007 at 1:49 am 2 kommentarar

Litt etter litt..

..får vi sortert og skrive ned nokre av inntrykka frå turen.

 Nikel

Nikel

Ny side i dag er om byar og bygningar på Kola.  Sjå link oppe på sida.

Eldrid

august 6, 2007 at 8:24 pm 2 kommentarar

Eldre innlegg


Arkiv

Kalender

oktober 2021
M T O T F S S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031