Inarijärvi
juli 6, 2007 at 8:09 pm 1 kommentar
Eg begynte reisa alt tysdag 3. juli, då eg køyrde frå Hammerfest til Kirkenes. Strålande sol gjennom heile Finnmark og Nord-Finnland. Møtte skodda austanfrå på bakken ned mot Kirkenes. Eg stoppa to gongar for å ta bilde av Enare sjø. Første gong måtte eg gi opp. 30 meter å gå frå bilen var for langt. Mygg og andre insekt vann krigen. Inn i bilen så raskt eg kunne, likevel selskap av fire kvefsar, utallige mygg, 10 fluger, og nokre insekt eg ikkje kjende. Full fart på aircondition, fart på bilen, luft gjennom alle vindu, var effektivt. Så stoppa eg, rensa nase og munn for mygg, og plukka ein del av dei ut av håret. Like etterpå kom eg til ein campingplass der eg kunne køyre heilt ned til vatnet, og ta bildet rett ved bilen. Her er resultatet
:
Bodil
Entry filed under: ferietur.
Éin kommentar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
4murmansk | juli 6, 2007 ved 10:30 pm
Insekt blir med andre ord feriefiende nr 1. Kanskje vi skulle hatt fullt birøktarutstyr? Vel, det var det med plassen då…..
Eldrid