Archive for juli 7, 2007
Tone og mamma ventar også på ferien
og i mellomtida er dei med på å få Martin og Sylvia gifte den 7/7/07. Er ikkje det staseleg brudepar?
Bodil
Det går nesten ikkje an..
.. å klage på mangel på regn, – det gjer vi vestlendingar berre IKKJE.
Men eg byrjar å lure på om hagen vil overleve til eg kjem att. På vermeldingane lovar dei konstant regn om to eller tre dagar, men når vi kjem dit, er det fortsatt om to eller tre dagar. Dei kvite rosebuskene heng no med blada, det kan eg ikkje hugse dei har gjort før.
På bildet er litt av hagen slik han var tidlegare.
Berre så det er sagt: Dette er IKKJE ein klage over mangel på regn!
Eldrid
Kafé og leikepark
Då ungane var små og vi spurte kva dei ville gjere når vi reiste på ferietur, var standardsvaret dette: kafé og leikepark. Som regel vart det begge deler, i varierande mengder, og nokolunde likt fordelt på deltakarane.
Sidan vi på denne turen er to med diverse rygg- og hofteproblem, og to som er spreke, vil nok det eine paret bruke meir tid på kafe medan par nummer to boltrar seg i «leikepark», – anten det no er butikkar, museumsbesøk eller fjellturar. Etterpå kan vi dele erfaringar med kvarandre.
Får berre håpe der er nok kaféar.
Eldrid
Siste kommentarar