Archive for juli 9, 2007
Siste post
før eg reiser herifrå. Det er over midnatt, og alt er pakka, kjøleskapet tømt (nesten), bosset kompostert og resten sett fram til henting. Blomstrane er vatna både inne og ute, og ein time etterpå byrja det å regne. Sjå berre! Å kommentere mangel på regn straffar seg (eller løner seg) ganske fort.
Regn er ein ting, men skodda kan skape problem for flya, og Bringeland har ikkje det beste ryktet i så måte. Huff, – best å sjekke alternative bussruter før eg legg avgårde. Eller kanskje før eg går til sengs, elles får eg gjerne ikkje sove.
Jepp, – der går buss frå Førde til Stryn tidsnok til å rekke nattbussen derifrå til Gardermoen.
Var det nokon som nemnde reisefeber?
Eldrid
Siste kommentarar