Archive for juli 10, 2007
Vi kom fram til slutt !!
Men ikkje dit vi hadde tenkt, og med litt forviklingar undervegs. Flyet fråOslo kunne ikkje lande i Kirkenes på grunn av verforholda, så vi vart sette av i Finland, ein liten plass som heiter Ivalo. Der fekk vi besked om at det skulle kome ein buss snart, så ein buss til ein halvtime deretter, og så ein tredje buss seinare ein gong. Men med litt telefonkontakt med Bodil, og Tone som var frampå med ein bussjåfør, fekk vi kome med på ein buss som skulle køyre ein last med tyske turistar til Båtsfjord, via Tana.
Ombord på bussen var det mat, som dei tyske turistane delte med oss.
Så køyrde Bodil frå Kirkenes til Tanabru og møtte oss der. Meir detaljar frå bussturen kjem kanskje seinare når vi får omrømme oss litt meir med foto og slikt. I Tana var vi på Sølvsmia, og deretter køyrde vi ein tur utover til Vadsø og Ekkerøy. Så skal vi overnatte på Bugøynes. No er vi på hotellet i Vadsø og skal ete Kamtsjatkakrabbe og torsketunger og elgkarbonade. Vi satsar på å køyre til Murmansk i morgon. Kanskje fer vi innom Kirkenes som vi ikkje kom til i dag.
Helsing damene på tur.
Siste kommentarar