Vi kom fram til slutt !!
juli 10, 2007 at 7:52 pm 4 kommentarar
Men ikkje dit vi hadde tenkt, og med litt forviklingar undervegs. Flyet fråOslo kunne ikkje lande i Kirkenes på grunn av verforholda, så vi vart sette av i Finland, ein liten plass som heiter Ivalo. Der fekk vi besked om at det skulle kome ein buss snart, så ein buss til ein halvtime deretter, og så ein tredje buss seinare ein gong. Men med litt telefonkontakt med Bodil, og Tone som var frampå med ein bussjåfør, fekk vi kome med på ein buss som skulle køyre ein last med tyske turistar til Båtsfjord, via Tana.
Ombord på bussen var det mat, som dei tyske turistane delte med oss.
Så køyrde Bodil frå Kirkenes til Tanabru og møtte oss der. Meir detaljar frå bussturen kjem kanskje seinare når vi får omrømme oss litt meir med foto og slikt. I Tana var vi på Sølvsmia, og deretter køyrde vi ein tur utover til Vadsø og Ekkerøy. Så skal vi overnatte på Bugøynes. No er vi på hotellet i Vadsø og skal ete Kamtsjatkakrabbe og torsketunger og elgkarbonade. Vi satsar på å køyre til Murmansk i morgon. Kanskje fer vi innom Kirkenes som vi ikkje kom til i dag.
Helsing damene på tur.
Tillegg: Her er oppdatering om forviklingar og busstur.
Entry filed under: Uncategorized.
4 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Asbjørn | juli 11, 2007 ved 2:10 am
Middagsrettane høyrest fortreffeleg ut, spesielt kongekrabbe, som vi av og til får ombord, og får tilberedt som pålegg til kvelds når det skjer. Elles vart vel kanskje bussturen ein ekstra bonus egentleg, kan eg tenke meg, Bortsett frå Bodil då, som måtte køyre heilt frå Kirkenes til Tana ekstra. Vi er for øyeblkket 46 nautiske mil rett vestfor Tromsø by, og har vindstille, grått og litt regn. egentleg flott veir, bortsett frå når ein skal tørke fisk ute. Men det går sikkert bra det og
Så får de ha ein fortsatt fin tur inn Russland.
Helsing Asbjørn 🙂
2.
Jostein | juli 11, 2007 ved 8:28 pm
Flott nettdagbok de har laga. Korleis har det gått med visum? Eg forstod det slik at det ikkje var klart før avreise?
Vonar de får ein fin tur, og eg ser fram til å lese innlegga framover.
Helsing Jostein
3.
Ingeborg | juli 11, 2007 ved 8:58 pm
10 juli?
Her på Mysen tok vi det stille og rolig, eneste nødvendige bevegelser som ble gjort var å hente posten, og en tur i butikken for å få ferskt brød og fersk avis.
Pappa spiser mat igjen, og maven tåler det godt.
Fiskegrateng til middag.
Kos dykk!!
😉
4. Å halde det ein lovar.. « Fire til Murmansk | august 11, 2007 ved 1:22 pm
[…] ein av dei første postane lova vi å skrive meir om forviklingane på byrjinga av turen. Som før fortalt: det flyet der […]