Archive for juli 12, 2007

Murmansk

 

Etter diverse stopp på brakkekafe, krigsmonument og russiskortodoks kloster, kom vi omsider til Murmansk.  Etter at det var slutt på den stengde sona, var det også stort sett slutt på småbyane.  Einaste stoppet vi hadde etterpå var ved krigsmonumentet i Litsa-dalen, der vi gjekk ut og fotograferte litt før vi måtte rømme inn i bilen att.  Mygg er ei stor plage i området.Veiane er relativt gode, – ca dobbelt så breie som Røyset- og Bremangerstandard, men dersom ein reknar med dei breie vegskuldrane som er berekna at militærtanks skal køyre på for ikkje å øydeleggje asfalten, så kan ein gange førnemnte standard med minst tre.   Det siste stykket før Murmansk var det nokså holete og humpete, så dei stakkarane som sat i baksetet fekk seg nokre ufrivillege hopp.  Vi har ikkje sett så mykje av byen enno, – det kjem nok meir om den.  

Vi køyrde rett på hotellet, og sidan klokka her er to timar føre oss, var det eigentleg langt over vanleg middagstid, men restauranten var framleis open, så vi fekk bestilt oss middag.  I motsetning til i Nikkel, kunne kelneren engelsk, og det var også engelsk i tillegg til russisk på menyen.  Dei fleste bestilte kylling med ris, men Eldrid ville ha gratinert laks med reker.  Det var litt overraskande at der ikkje var inkludert poteter eller grønsaker, og det var heller ikkje opplyst.  Men, men…  laksen er ein symjedyktig skapning, og denne her symde rundt i feitt, så Eldrid fekk bestilt seg nokre kokte poteter i tillegg med tanke på å få absorbere noko av feittet.  Poteter kan som kjent ikkje symje, så dei hadde rett og slett drukna i alt smøret dei låg i då dei kom på bordet.  Jaja, kvar sine skikkar, – reknar med at feitt må vere ein vesentleg del av det arktiske kosthaldet.  Potetene vart no fiska opp og etne, smaken var også god, men det vart langt frå det lette måltidet som ho hadde førestelt seg.

laks

Sjokolademousse med aprikos smakte likevel kjempegodt etterpå, det gjorde også det bakte eplet med tyttebær som Bodil prøvde seg på.Ved midnatt lokal tid stengde matsalen, så då tok vi med drikke ut på terassen og sat der og prata ei stund.  Det er nydeleg temperatur ute.

Her var problem å koble opp til internett i kveld (11. Juli), så vi får prøve å få opp dette i morgon.

monument i Petsjenga (Petsamo)

Monumentet i Petsjenga (Petsamo)

restaurant på hotellet

På restauranten på Hotel Poliarnie Zori

natt i murmansk

Nydeleg temperatur ute ved midnatt i Murmansk

Reklame

juli 12, 2007 at 6:26 am 5 kommentarar

Endeleg på vei

Ca eit døgn forsinka i forhold til det vi hadde planlagt, kunne vi endeleg passere grensa inn til Russland.  Det er ein omstendeleg affære, og det var godt at Bodil hadde gjort det nokre gongar før og kunne geleide oss gjennom prosessen og forhindre feiltrinn som kunne kosta tid og irritasjon, ikkje minst hos grensevaktene.  Heile prosessen tok om lag ein times tid, og då var der kun ein bil føre oss då vi kom til bommen.  Bilen måtte tømmast for all bagasje, som så måtte inn og sendast gjennom røntgen.  Skjema måtte fyllast ut, og dei var berre på russisk, men der hang eit utfylt eksempel med engelsk tekst som ein kunne studere.  For Bodil var det ekstra mykje å fylle ut i forhold til bil og forsikring, – 16 plassar å skrive under alt i alt, – så det var det som tok meste tida.  Når det var gjort, gjekk vaktene gjennom bilen, og så kunne vi lesse inn att alle kollia, som måtte stemme med det antalet som var oppgitt.  Så var det ”oppteljing” av personar før vi køyrde gjennom tredje og siste bommen.  Alle pass og skjema måtte vi så ha liggande klar, for der var fleire kontrollpostar vidare innover.

Det vi køyrde inni no blir kalla den stengde sona, og både russarar og andre må ha tillatelse for å opphalde seg der.   På eine sida av vegen – og stundom på begge, – var der piggtrådgjerde med sporsand, – det er nok ein god del ”hemmelighetar” bak desse gjerda. Vi var ikkje heilt komfortable med å fotografere, så Eldrid holdt kamera skjult under dashbordet, løfta det opp av og til og knipsa gjennom ruta i fart når der var noko interessant, og når der ikkje var andre bilar i nærleiken.  Å stoppe og gå ut av bilen var ikkje snakk om langs vegen her.

Vi var litt usikre på om vi skulle køyre inn i Nikel, som er den første byen vi kjem til, sidan der hadde vore eit stort utslepp berre eit par dagar tidlegare.  Mens vi nærma oss, testa vi fleire gonger gjennom vindauget om lufta kjendest god ut å puste i, og vi fann at det var brukande forhold, sidan vinden bles røyken vekk frå innkøyrselen til byen.  Dermed vart det stopp med lunsj på restaurant i Nikel.

 Nikkel

kafe i Nikkel

på kafe i Nikkel

Tone likar seg godt på kafe i Nikel trass i nikkelallergi.

salat mimosa

Salat Mimosa

juli 12, 2007 at 6:11 am 1 kommentar

Morgon i Bugøynes

Vi avslutta gårsdagen med ein lang køyretur frå Vadsø til Bugøynes der vi skulle overnatte.  Vi køyrde i skodde som først var dekorativ, men som vart temmeleg påtrengande før vi kom fram.  Heldigvis fann vi både huset og nøklane.

Tone er morgonfuglen i flokken, så ho var ute og gjekk tur i Bugøynes lenge før vi andre hadde letta på augeloka.  Bugøynes har ei flott sandstrand, men med den rådande temperaturen er det ikkje mange som verkeleg kan nyte ei slik perle.  På bildet kan de sjå nokre av ”badegjestane” ein tidleg onsdagsmorgon i juli.

 

Reinsdyra badar

juli 12, 2007 at 6:04 am 1 kommentar


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031