Murmansk

juli 12, 2007 at 6:26 am 5 kommentarar

 

Etter diverse stopp på brakkekafe, krigsmonument og russiskortodoks kloster, kom vi omsider til Murmansk.  Etter at det var slutt på den stengde sona, var det også stort sett slutt på småbyane.  Einaste stoppet vi hadde etterpå var ved krigsmonumentet i Litsa-dalen, der vi gjekk ut og fotograferte litt før vi måtte rømme inn i bilen att.  Mygg er ei stor plage i området.Veiane er relativt gode, – ca dobbelt så breie som Røyset- og Bremangerstandard, men dersom ein reknar med dei breie vegskuldrane som er berekna at militærtanks skal køyre på for ikkje å øydeleggje asfalten, så kan ein gange førnemnte standard med minst tre.   Det siste stykket før Murmansk var det nokså holete og humpete, så dei stakkarane som sat i baksetet fekk seg nokre ufrivillege hopp.  Vi har ikkje sett så mykje av byen enno, – det kjem nok meir om den.  

Vi køyrde rett på hotellet, og sidan klokka her er to timar føre oss, var det eigentleg langt over vanleg middagstid, men restauranten var framleis open, så vi fekk bestilt oss middag.  I motsetning til i Nikkel, kunne kelneren engelsk, og det var også engelsk i tillegg til russisk på menyen.  Dei fleste bestilte kylling med ris, men Eldrid ville ha gratinert laks med reker.  Det var litt overraskande at der ikkje var inkludert poteter eller grønsaker, og det var heller ikkje opplyst.  Men, men…  laksen er ein symjedyktig skapning, og denne her symde rundt i feitt, så Eldrid fekk bestilt seg nokre kokte poteter i tillegg med tanke på å få absorbere noko av feittet.  Poteter kan som kjent ikkje symje, så dei hadde rett og slett drukna i alt smøret dei låg i då dei kom på bordet.  Jaja, kvar sine skikkar, – reknar med at feitt må vere ein vesentleg del av det arktiske kosthaldet.  Potetene vart no fiska opp og etne, smaken var også god, men det vart langt frå det lette måltidet som ho hadde førestelt seg.

laks

Sjokolademousse med aprikos smakte likevel kjempegodt etterpå, det gjorde også det bakte eplet med tyttebær som Bodil prøvde seg på.Ved midnatt lokal tid stengde matsalen, så då tok vi med drikke ut på terassen og sat der og prata ei stund.  Det er nydeleg temperatur ute.

Her var problem å koble opp til internett i kveld (11. Juli), så vi får prøve å få opp dette i morgon.

monument i Petsjenga (Petsamo)

Monumentet i Petsjenga (Petsamo)

restaurant på hotellet

På restauranten på Hotel Poliarnie Zori

natt i murmansk

Nydeleg temperatur ute ved midnatt i Murmansk

Entry filed under: Uncategorized.

Endeleg på vei Utstilling på Kunst- og Handverksenteret i Murmansk

5 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  juli 12, 2007 ved 6:58 pm

    Hei,
    sei meg, blir de tatt for å vere frå mattilsynet når de driv og fotograferar alt de får på bordet? Eller kanskje frå Michelin-guiden? Det såg forresten ganske godt ut. Får gå og smake litt på spekepølsa og geitosten eg tok med frå Barcelona i forgårs.

    Helsing Jostein

    Svar
  • 2. Frøydis Murberg Enochsen  |  juli 13, 2007 ved 11:40 am

    Du verden – alt dere rekker over. Skal se dere blir kjendiser før dere er tilbake i Norge igjen.

    Artig at dere fotograferer maten underveis. Jeg gjør også det enkelte ganger når jeg er på reise. Dog kan jeg styre min begeistring for alt fettet russerne drukner maten i.

    Kos dere videre! Hilsen Frøydis

    Svar
  • 3. Ingeborg  |  juli 13, 2007 ved 4:26 pm

    Det ser ut til å bli en innholsdrik tur dere er på ja. 😉

    Driver litt omvendt feriedagbok jeg, holde dere oppdatert.

    12 . juli reiste pappa med toget inn til Oslo, han besøkte tante Lalla, snakket med han på tlf, da var han på vei til Aker Brygge for å finne datteren til Bente, vet ikke hvordan det gikk.
    Snakket igjen med han ca 23.00, da var han installert på nattoget til Bergen, og skal ta Hurtigruta opp til Ålesund.

    Elisabeth og famiel kom hit midt på dagen, barna så på kattunger og leika med gamle leiker, untatt Adiran som satt i bilen og skrek, han var trøtt og ville sove mer, må vite.
    Særlig høyt skreik han da vi var ut i døra og såg etter han!
    Men det ga seg etter en time, så kom han inn og var like blid.

    Vi dro over til de nygifte, leika mer, lagde middag og spiste der alle sammen (Pølsegryte, is og jordbær), Silje og Ole-Per dukka også opp og ble med bort til meg da de andre dro ca 19.00.

    Rett koselig var det 🙂

    Svar
  • 4. 4murmansk  |  juli 14, 2007 ved 10:09 pm

    Hei Ingeborg
    fortsett med motsatt blogging. Det er godt å bli oppdatert om kva som skjer – og mamma var bekymra over korleis det gjekk med pappa. Ho var glad han er heime att.

    Svar
  • 5. Siv-Marit R. Kaldhol  |  juli 24, 2007 ved 8:44 pm

    Hei, alle tre – både «Molla», Tone, Eldri og Bodil…

    Eg vart tipsa om bloggen av ein onkel nettopp! Fantastisk å kunne ta del i nokre av opplevingane dykkar på turen – frå Kaldholen! Eg er no spent på om det kjem meir – kanskje er de allereie komne heim..?

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

%d bloggarar likar dette: