Ein regnversdag i Murmansk, eller: Korleis kome på russisk TV

juli 13, 2007 at 6:35 am 4 kommentarar

Etter å ha nytt midnattssol og blitt jaga inn av mygg, vakna vi i dag til mistenkelege lydar: regn.  Vi, som hadde gledd oss til å utforske det spennande vareutvalet i Finnmarksmetropolen Murmansk, måtte reorganisere oss.  Besøk på  handtverkssenteret vart vurdert som høveleg regnversaktivitet.  Ein svært hjelpsom drosjesjåfør spurde seg fram i for- og bakgater, og etter å ha spurt seg føre inne, viste han oss til slutt inn ei svært anonym dør i eit stort hus.  Der møtte vi begeistra kvinner, som gav oss ei engasjert og  interessant omvisning.  Vi greidde å få fortelje at Eldrid er kjend quiltekunstnar i Norge, England og USA, og det syns dei var spennende.  Etter ei stund, kom det brått inn to damer i fine,  quilta  klær.  Dei tok fram quiltearbeid og la utover eit bord.  Eldrid kom fort i kontakt med dei, sjølv om kommunikasjonen var på russisk mot norsk/engelsk.    Dei studerte, kommenterte og beundra arbeid, og dei russiske damene bladde opp kantestoff til quiltane som Eldrid beundra, og dei diskuterte kva trådar som skulle brukast til quiltinga av bildet.   Så kome det inn ei dame som bar på ein mikrofon, og ein mann som bar på TV-kamera.  Kamera vart montert, og brått var Eldrid intervjuobjekt for TV. 

 intervju

 Ei stund lurte vi på om kviltedamer og TV var tilkalla pga Eldrid.  Etterkvart forsto vi at det var avtalt møte med dei to quiltedamene om arbeidet dei held på med, og at vi var kulisser som interesserte turistar.  Så når det regnar i Murmansk, kan du risikere å kome på TV

Bodil

intervju med tatjana

Reklame

Entry filed under: Uncategorized.

Utstilling på Kunst- og Handverksenteret i Murmansk Russiske damer er godt selskap

4 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  juli 13, 2007 ved 3:14 pm

    Bodil: Du hugsa vel på å fortelje at du har erfaring som programleiar i TV?
    Jostein

    Svar
  • 2. Ingeborg  |  juli 13, 2007 ved 4:39 pm

    Næææ, så gøy da, jeg er i slekt med russiske tv-stjerner!!!!!!!!

    *knis*

    Her i Mysen har ting roet seg nå, Silje og Ole-Per er reist til Fredrikstad igjen, Sylvia og Martin var her akkurat og henta Gråpusen, snakket akkurat med pappa i telefonen, han står i lang kø og er på vei ombord i hurtigruten som skal gå fra Bergen kl. 20.00 i kveld.

    Og jeg vasker sengetøy….

    😉

    Kos dykk

    Svar
  • 3. Bård  |  juli 13, 2007 ved 8:06 pm

    Kjekt å lese om turen dokka. og vi håper på meir lesestoff. mvh.Bård

    Svar
  • 4. Ingunn  |  juli 14, 2007 ved 11:13 am

    Mamma, quilting og tv… dette høyres kjent ut 🙂

    Så flinke de er til å få kontakt med folk! Det er mi store svakheit når eg er ute og reiser, er ikkje flink å prate med nokon utenom evt. taxisjåførar…

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

%d bloggarar likar dette: