Utstilling på Kunst- og Handverksenteret i Murmansk

juli 13, 2007 at 6:30 am 1 kommentar

Kunst og hanndverksenteret vi besøkte, og som vi seinare fann ut hadde blitt plassert i det gamle hovudkvarteret til Kommunistpartiet i Murmansk etter perestrojkaen, har utstillingar av tradisjonelt kunsthandverk, samt ei hovudutstilling som skiftar kvar månad.

Akkurat no var der barnekunstutstilling.  Born i alle aldrar i Murmansk Oblast (Murmansk region, i praksis er det Kolahalvøya),hadde laga kunstverk i ymse teknikkar med tema bøker og forteljingar.  Utstillinga var resultat av ein konkurranse der målsetjinga var å stimulere til leselyst og meir lesing blant born.  Dei tre første plassane i forskjellige kategoriar fekk verdifulle premiar, og der var også ein publikumspris.

trolldeiggris

Borna hadde laga arbeid i mange forskjellige teknikkar; trolldeig (av rugmjøl), materialbilde, perler, applikasjon, batikk, silkemaling, toving (av katte- og hundehår), samt gouache- og akvarellbilde.   Motiva var henta frå bøker eller forteljingar som borna hadde lese eller høyrt, og vi kjende att fleire av dei same eventyra som vi har, samt forteljingar av HC Andersen, Selma Lagerløf og Pushkin sine barnebøker.  Eit tema for bilda var også å vise i kva situasjonar ein kunne lese bøker. 

vevstol

Senteret hadde og ei samling gamle vevstolar, blant anna ein som var over 200 år gammal, og ho som guida oss hadde sjølv henta den i Novgorod og hadde den med seg under armen då ho skulle ta toget tilbake til Murmansk.  Det vart ikkje sett på med blide auge å ha så plasskrevjande bagasje, så ho måtte kjøpe eigen billett til vevstolen.

murmanskquilt

Der er ei aktiv quiltegruppe som brukar senteret ein del, og det var to av desse som kom og viste fram arbeid dei holdt på med, og som vart intervjua på TV.  Quilteteppa med Murmanskmotiv er det denne gruppa som har laga.

murmanskquilt1

Ein stor billedvev under arbeid hang på eine kortveggen.  Vi fekk helse på kunstnaren, som også jobba på senteret, og vi tok eit gruppebilete framfor eit anna teppe som ho og har laga.  Det tok 5 år å gjere ferdig.Alt i alt ein kjempeinteressant stad å tilbrine ein regnfull føremiddag. 

billedvev

billedvev2

For dei som ventar på dagens kulinariske rapport,  – her er dagens lunsj:

rødbetsuppe

tone et lunsj

Rødbetsuppe eller potetsuppe, grønnsaker, brød, og nydelege bliniar (russiske pannekaker) til dessert.  Berre ein ting å seie:  mmmmmmmmmmm

Helsing frå fornøgde damer i Murmansk

Entry filed under: Uncategorized.

Murmansk Ein regnversdag i Murmansk, eller: Korleis kome på russisk TV

Éin kommentar Add your own

  • 1. Asbjørn  |  juli 14, 2007 ved 3:58 am

    Kjekt at de er fornøgde. Eg kosar meg i alle fall med bloggen kvar einaste natt når eg er på vakt. Den er interesant fortalt, og med mange kjekke bilder. Gav bloggadressa til Solveig. Skulle forreste helse frå ho. Ha det fortsatt fint. Her ombord er alt med det normale. Kom oss gjennom fredag13. utan uhell. Er på samme feltet som tidlegare.

    Helsing Asbjørn 🙂

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

%d bloggarar likar dette: