Archive for juli 14, 2007

Vi reiser vidare..

..austover til Kvitsjøen søndag 15. juli.  No er vi usikre på  om vi får internettforbindelse før vi kjem til Finland om eit par-tre dagar, så dersom de saknar oppdateringar, er det nok på grunn av manglande tilgang til nett.

Følg med!

juli 14, 2007 at 6:10 pm 9 kommentarar

Michelinpatruljen

Fredag den 13. vart endå ein ny dag med nydeleg ver, – grått og opplett om morgonen, meir og meir sol utover dagen og over 20 grader.  Ikkje så verst i Arktis.

Dagen måtte difor brukast til uteaktivitetar, så det vart galleri og handlegate om formiddagen.   Men mat må vi ha, og rett nedanfor galleriet såg det ut til å vere ein brukande kafe.Som svar på Jostein sin kommentar, kan vi vel seie at i dette tilfellet kjende vi oss definitivt meir som Michelin-reportarar enn som mattilsynet.

Førsteinntrykket var bra, definitivt over kjøpesenterkvalitet heime.  Ved døra var garderobevakt som hengde opp ytterjakkene våre (det såg litt truande ut då vi gjekk, så vi frykta regn, – difor ytterjakker).  Like innanfor var alle godsakene utstilt, – ein laaaang disk med dei lekraste kaker.  Interiøret var limegrønt og orange, – veldig moderne stil.

kakedisk

Noko av det viktigaste med å gå på kafe i løpet av handlerunda, er å få bruke doen der før ein går vidare og handlar. 

Eldrid var først ute, og kom tilbake med følgjande melding: Dette må de prøve, her er designerdo med utruleg lekre fargar og kjempestilige vaskar. Der er også  ein heil vegg med kaktusar,  og nydeleg fuglesang inne på do.

 do

Romet utanfor avlukka hadde utsikt til gata utanfor.  Midt i vindauget heng eit speil som her speilar vegg og dører bak fotografen.

Tone var nesteman:  Eg høyrde ei  humle der inne.

Eit stykke ut i måltidet var det Johanne sin tur:  No er gauken komen også. 

Bodil ville prøve å ta opp fuglesongen med mobiltelefonen:  Kor lenge må vi sitje der før gauken kjem?  Eldrid fekk så i oppdrag å gå inn og dokumentere gauken. 

damedo

Maten?

Absolutt topp.  Bodil åt gåseleverpostei, Tone og Eldrid bestilte krabbe gratinert i terteskjell, – eller det såg eigentleg meir ut som eit fuglereir enn eit skjell.  Til drikke fekk dei to sistnemnde nypressa eplejuice som var like limegrøn som omgivelsane. 

gåselever

eplejuice

Johanne var ikkje svolten, så ho ville berre ha nypressa grapejuice.Sidan nokre av oss gjer eit poeng av å sitje lenge på kafe, måtte vi sjølvsagt også ha dessert.  Det var vanskeleg å velge mellom alle dei lekre kakene, men vi enda opp med bringebær og fromasj i tertedeig og sitronfromasj. 

tone et kake

Heile måltidet kom på ca 450 norske kroner, – til saman.  Elles må det seiast at der var reint og fint, dei moppa over golvet to gongar medan vi sat der, vi fekk nye bestikk i stoffserviettar for kvar ny rett, og garderobevakten heldt vindjakkene så vi kunne ta dei på nett som det skulle vore den finaste pels.

Ei totalt uventa oppleving.  Bodil har alt peika ut Kafe Leto til  sin yndlingskafe i Murmansk.

Helsing damene på tur

Reklame

juli 14, 2007 at 6:08 pm 1 kommentar

Russiske damer er godt selskap

Mange av oss i Finnmark meiner det.  Vi har hatt med oss Irina Paykasheva, jurist, tidlegare Duma-medlem, menneskerettsforkjempar, medlem av den russiske fengselskommisjonen, pensjonist, Amnestymedlem.  

irinabodil2.jpg

  Tatjana Antonova er overingeniør, har arbeidd med planlegging av Shtockman-utbygging, blei arbeidslaus då det blei stoppa, starta krisesenter for kvinner, lærde seg norsk, arbeider no med brannsikring av Murmansk kommune.

tatjanaogjohanne2.jpg

Tone og Johanne  fekk omvisning og hjelp til shopping av Tatjana og Irina, før vi alle møttest på Meridian til middag.  Det vart eit lystig lag. 

Tatjana var så imponert over dei seks fødslane til mor vår, og syns ho var så liten og nett.  Ho såg på dei tre døtrene som var der, og meinte at kanskje barna hadde ete opp mesteparten av mora?  

Johanne fekk svar på mange spørsmål:

1.        Skatt:  Tatjana og Irina betalar mellom 40 og 50 % skatt – og dei har ikkje moms.  Etter å ha rekna med moms i vårt skattegrunnlag, fann vi ut at skattetrykket ikkje var så ulikt 

2.       Pensjon:  vanleg pensjon er 4-5000 rublar pr mnd.  Når husleiga er på 3500 rublar, er det sveltihel.  Søner og døtre må hjelpe til då.  Vi fekk berre talande grimaser på spørsmål om kva som skjer med pensjonistar utan born 

3.       Finst det husdyr?  Vi har ikkje sett verken kyr, sauer eller geiter, berre litt rein.  Det finst nokre veldig få kollektivbruk, med mjølk og kjøtproduksjon.  Tidlegare blei folk utkommanderte sommarstid for å hjelpe til med høyonn og anna hausting.  I marknadsøkonomien vil ikkje folk gjere slikt, derfor er det veldig få gardsbruk att.  Det er ikkje sauer og geiter på Kola, men nokre har ein gris eller tre så dei får kjøt.   

4.       Kva er det store huset med smijernsport midt på Lenin Prospekt?  Irina meinte at det kanskje var det norske konsulatet, men Johanne protesterte:  Norge er eit lite land, og har ikkje store ambassader som fyller nesten eit heilt kvartal.  Etter kvart kom det fram at det var del av universitetet:  matematisk institutt og kunstavdelinga. 

5.       Korleis blir nikkel laga?  Av nikkel, seier Bodil.  Jammen korfor treng dei ein svær fabrikk med massse utslepp då?  Kva er det dei hentar inn i fabrikken, og kva gjer dei med det?  Ingen kunne svare.  Bror og bergverksingeniør Jostein er hermed utfordra:  Korleis blir nikkel laga? 

utekafe21.jpg

Jostein har skrive utførleg og pedagogisk kommentar  til innlegget om nikkel, så no har vi fått svar på det også.

juli 14, 2007 at 5:41 am 3 kommentarar


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031