Michelinpatruljen
juli 14, 2007 at 6:08 pm 1 kommentar
Fredag den 13. vart endå ein ny dag med nydeleg ver, – grått og opplett om morgonen, meir og meir sol utover dagen og over 20 grader. Ikkje så verst i Arktis.
Dagen måtte difor brukast til uteaktivitetar, så det vart galleri og handlegate om formiddagen. Men mat må vi ha, og rett nedanfor galleriet såg det ut til å vere ein brukande kafe.Som svar på Jostein sin kommentar, kan vi vel seie at i dette tilfellet kjende vi oss definitivt meir som Michelin-reportarar enn som mattilsynet.
Førsteinntrykket var bra, definitivt over kjøpesenterkvalitet heime. Ved døra var garderobevakt som hengde opp ytterjakkene våre (det såg litt truande ut då vi gjekk, så vi frykta regn, – difor ytterjakker). Like innanfor var alle godsakene utstilt, – ein laaaang disk med dei lekraste kaker. Interiøret var limegrønt og orange, – veldig moderne stil.
Noko av det viktigaste med å gå på kafe i løpet av handlerunda, er å få bruke doen der før ein går vidare og handlar.
Eldrid var først ute, og kom tilbake med følgjande melding: Dette må de prøve, her er designerdo med utruleg lekre fargar og kjempestilige vaskar. Der er også ein heil vegg med kaktusar, og nydeleg fuglesang inne på do.
Romet utanfor avlukka hadde utsikt til gata utanfor. Midt i vindauget heng eit speil som her speilar vegg og dører bak fotografen.
Tone var nesteman: Eg høyrde ei humle der inne.
Eit stykke ut i måltidet var det Johanne sin tur: No er gauken komen også.
Bodil ville prøve å ta opp fuglesongen med mobiltelefonen: Kor lenge må vi sitje der før gauken kjem? Eldrid fekk så i oppdrag å gå inn og dokumentere gauken.
Maten?
Absolutt topp. Bodil åt gåseleverpostei, Tone og Eldrid bestilte krabbe gratinert i terteskjell, – eller det såg eigentleg meir ut som eit fuglereir enn eit skjell. Til drikke fekk dei to sistnemnde nypressa eplejuice som var like limegrøn som omgivelsane.
Johanne var ikkje svolten, så ho ville berre ha nypressa grapejuice.Sidan nokre av oss gjer eit poeng av å sitje lenge på kafe, måtte vi sjølvsagt også ha dessert. Det var vanskeleg å velge mellom alle dei lekre kakene, men vi enda opp med bringebær og fromasj i tertedeig og sitronfromasj.
Heile måltidet kom på ca 450 norske kroner, – til saman. Elles må det seiast at der var reint og fint, dei moppa over golvet to gongar medan vi sat der, vi fekk nye bestikk i stoffserviettar for kvar ny rett, og garderobevakten heldt vindjakkene så vi kunne ta dei på nett som det skulle vore den finaste pels.
Ei totalt uventa oppleving. Bodil har alt peika ut Kafe Leto til sin yndlingskafe i Murmansk.
Helsing damene på tur
Entry filed under: Uncategorized.
Éin kommentar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Ernst Bigset | juli 15, 2007 ved 8:46 pm
Hallo damer
Fekk ei melding på telefonen og måtte sjølvsagt inn å sjå,er ikkje ferdig men å lese,men måtte prøve å gje lyd frå meg og mine