Archive for juli 17, 2007

Å køyre bil i Nordvest-Russland

Mange har sagt til meg at dei syns eg er så tøff som køyrer bil i Nordvest-Russland.  Det er tredje gongen no, og det har gått kjempefint alle gongane.  Nokre tips om kva ein kan gjere i nokre situasjoner, følgjer her:

1.  Grensepassering:  gjer som dei uniformskledde og dama i banken seier, så fort du kan.  Dei passar på deg, og du kjem ut att med forsikringspapir og betalte avgifter (ca 150 kr til saman) etter 17 ekstra underskrifter.  OBS:  chassissnummer heiter understellsnumer på vognkortet.  Dei uniformskledde blit litt irriterte viss du skal vite kva papira betyr, og det tar mykje lenger tid.

2.  Lesing av skilt:  sidan eg kan lese greske bokstavar, greier eg også dei fleste russiske.  Eg memorerer namnet på skiltet eg ventar, prøver å huske dei to første bokstavane, og når eg ser dei på eit skilt, der også lengda på namnet stemmer nokonlunde med det eg ventar meg, er det riktig. Sjå Monsjegorsk-eksempelet under.

namneskilt.jpg

Vi var heldige, og skulle ikkje til stader som begynte med bokstavar som eg ikkje kan lese.  Viss de ikkje kan lese russiske bokstavar, bør de altså ikkje køyre til stadar der dei to første bokstavane ikkje samsvarar med dei latinske bokstavane.

3.  Uskjønelege skilt.  Vi var berre ute for eitt:

trafikkskilt.jpg

Har de forslag?  Her er nokre av våre:  a) forbudt med jonsokbål på taket, b) forbod mot rakettutskyting frå biltak, c) forbudt å grille på biltak i fart

4.  Russisk versjon av automatisk trafikkkontroll:  Av og til møter du dette, gjerne i ein sving:

 fartskontroll2.jpg

Det er teikningar av politibilar på metall, forma som bilar

5.  Kva ein gjer når ein ikkje veit namnet på dit ein skal.  Vi greidde ikkje å finne vegkart i Kirkenes, og gløymde å prøve i Murmansk.  Så manøvreringa var etter kart over Skandinavia og Nordvest-Russland på side 358 i Lonely Planet-boka.  Alle skuleatlasar har meir detaljerte kart.  Då vi like etter Kandalaksja fann eit skilt der vi trudde vi skulle ta av mot Finnland, sto der ikkje Rovaniemi eller Kemijärvi som eg hadde venta.  Heller ingen andre kjende namn, trass i at eg kunne lese nesten heile dei tre namna som sto der.  Kva gjer du då?  Jau, ringer til det gode reisebyrået Flait i Murmansk, og spør kva namn som skal stå på eit slikt skilt.  Og dei svarar greit at det er Salla, og Calla står det på skiltet med russiske bokstavar. 

6.  Å fylle bensin var det einaste som nokre gonger var vanskeleg.  Å banke på stengde dører, og finne luka der andletet kom ut, få sagt frå om antal liter, og betalt, var ikkje vanskeleg:

betalebensin.jpg

Det einaste verkeleg vanskelege med å køyre bil i Nordvest-Russland er at det ofte ligg hundar på plassen framfor pumpene, og då torer ikkje eg å gå ut og stå og fylle bensin.  Det var godt at modige Tone var med og tok over og løyste den farlege situasjonen.

hund.jpg

Bodil 

Etterord om det uskjønelege skiltet:  Tatjana med det ferske sertifikatet fortel at skiltet betyr:  Transport av eksplosiver og lettantennelige stoffer forbudt. 

Vi meiner Ingeborgs forslag til kva skiltet skulle bety, var det beste: 

Skiltet betyr jo selvsagt at man må se opp for raketter som kan komme fra begge sider og eksplodere på biltaket??  Og slikt er jo selvsagt forbudt, da det kan avstedkomme meget ubehagelige situasjoner for folk i bil!

Reklame

juli 17, 2007 at 3:35 pm 9 kommentarar

Kort oppdatering

 pakke bilen    Bilen pakka og klar til avreise frå Murmansk.

 

Etter ein lang laurdag i Murmansk spekka med sightseeing, handling og heime-hos-besøk, la vi av gårde søraustover i retning Kvitsjøen.   Etter litt virring rundt på den russiske taigaen fann vi til slutt alle byane vi hadde tenkt å besøke, pluss nokre til, pluss ein del som ikkje stod på kartet og som ikkje hadde namn.

Kort samandrag:  Samehovudstaden Lovozero var første mål, det var ein 8 mil lang avstikkar frå hovudvegen.   Planen var å ete lunsj på hotellet der, som i Lonely Planet guiden blir omtala som ”dowdy”, men skulle vere ferdig oppussa i 2006.  Litt overraskande å bli møtt på den ikkje heilt ferdige inngangstrappa av ein russar som snakka norsk.  Dessverre kunne vi ikkje få lunsj, for det var søndag og kokken hadde reist på fisketur.  Eigaren tilbaud seg å smørje på nokre skiver til oss, men myggen var heller plagsom både inne og ute, så vi foretrakk knekkebrød i bilen.  Han var likevel veldig hyggeleg og anbefalte oss å fylle bensin i nabobyen fordi kvaliteten der var betre.

bading 

Borna i Lovozero badar i elva og har det moro med å hoppe frå ei gamal bru.  Vatnet var sikkert kaldt, for dei måtte av og til opp og varme seg ved bålet.  Eller kanskje bålet holdt noko av myggen unna.

 

bål og bading

Revda vart difor neste stopp, og etter litt om og men fekk vi litt bensin.  Meir om detaljane rundt bensinfylling kjem seinare.

Tilbake på hovudvegen passerte vi Olenogorsk og deretter Monchegorsk, begge byar med tungindustri.  Når det gjeld forurensing og skada natur, er Nikel, som heile tida blir omtala i norske media, bere blåbær mot det vi såg her.  Mil etter mil med svartbrend jord og visna trestammar.  På strekninga forbi Monchegorsk kom det eit voldsomt skybrudd, så det var vanskeleg å få fotografere, og Bodil lurte på om ho burde få vaske bilen etterpå for ikkje å få skade på lakken.

skogdød ved Monchegorsk

Det var forresten denne byen Jens Stoltenberg reiste inn i uten gyldige papir i si tid, vart arrestert og nekta å fortelje at han var sonen til utanriksministeren for å sleppe lett unna.

Neste by var Apatity, og deretter opp i fjella til Kirovsk der vi hadde bestilt hotell for natta.  Ingen internettforbindelse, dessverre, men eit bra, gammalt luksushotell.  Søndagen var eit problem her og, så vi måtte på den lokale bowlinghallen for å få mat.

På mandag morgon såg vi oss litt omkring i Kirovsk, som i tilleg til industri også er eit vintersportssenter.

hoppbakken i kirovsk

Deretter nedatt til Apatity der vi leitte etter Leninstatua deira, men fann den ikkje.  Vi såg derimot ein Statoilstasjon der.  Heile byen og fabrikken vart bygd i 60-åra rundt utvinning av bergarten apatitt som dei produserar kunstgjødsel av.Nedatt på hovudvegen fortsatte vi søraustover mot Kvitsjøen og kom til Kandalaksja by inst i Kandalaksjagolfen i Kvitsjøen i middagstida.  Her er det gjerne ein del Brandølingar som har vore tidlegare, før det vart slutt på selfangsten i dette området. 

Her fann vi til slutt ein skapeleg kafe der vi fekk oss lunsj, – dei hadde til og med noko så «siviliseret» som pizza.   Etterpå gjekk vi i butikk for vi hadde nokre rublar att, og finskegrensa nærma seg. 

johanne kjøpte ikkje kåpe

Johanne prøvde ei lekker skinnkåpe, men ville ikkje kjøpe den trass i at alle vi andre var samde om at ho tok seg flott ut.  Sjå sjølv på bildet.

Deretter la vi i veg på siste etappe mot finskegrensa.  Skog, skog og atter skog, – nokre få reinsdyr vasa seg ut i vegen, – elles var det temmelig livlaust mellom kontrollpostane.  Grensepassering gjekk fint, og vi kom fram til Rovaniemi i ni-tida om kvelden finsk tid.  I skrivande stund veit vi ikkje om vi skal reise vidare til Kiruna i dag, eller om vi brukar resten av dagen her og reiser vidare onsdag. 

Etter Kiruna blir det nokre dagar i Lofoten.

Vi håpar å få opp meir detaljar etterkvart.

Helsing damene på tur

juli 17, 2007 at 2:46 pm Kommenter innlegget


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031