Archive for juli 19, 2007
Bloggen vår er verdensberømt!
Fleire enn russisk TV er interessert i ferieturen vår. Les Vikebladet Vestposten for i dag, 19. juli! På førstesida er det henvisning til «Spreke hareidsdamer på tur til Murmansk» side 10. Og halve side ti er om oss og bloggen vår! Så no er bloggen verdensberømt!!
Bodil blei oppring på kafe i Rovaniemi – då ho akkurat hadde sett seg på do, og før dei tre andre damene hadde kome inn i kafeen. Journalisten frå Vikebladet Vestposten var så hyggeleg å prate med at Bodil vart sitjande meir enn ein halvtime inne på do og prate. Dei andre fann ikkje Bodil på kafeen, men sidan dobesøk er vanleg før ein et lunsj, høyrde dei at noko gjekk føre seg i eit avlukke. Trass i beskjed om at «no har vi bestilt» kom ikkje Bodil ut. Det førte til at dei tre andre sette seg ved anna bord enn Bodil hadde tenkt – bord med tilgang til stikkontakt – noko som kan vere viktig når batteriet på datamaskinen er halvtømt, og nye hotellrom og kanskje også flybillettar skal bestillast.
I kveld kika vi på sida til Vikebladet Vestposten , og fann ikkje noko om oss der. Vi hadde heller ikkje fått forventa meldingar eller telefonar frå Hareid om vår nye verdensberømte status. Vi kjøpte dagens utgåve av avisa – og er veldig fornøgde med oppslaget. Irene Hareide er verdens beste journalist, det syns vi! Berre bruk anledninga til å få debitert mobilrekninga di med ekstra femten kroner, kjøp Vikebladet Vestposten og les den flotte reportasjon om bloggen vår!
Johanne les Vikebladet på nett på kafeen i Ballstad
Vi er no i Lofoten..
og har overnatta på eit bualoft natt til i dag. No har vi fått ei rorbu på Ballstad der vi får vere til mandags morgonen.
Midnatt i Lofoten
I dag har vi køyrt litt rundt og sett på all den flotte naturen og idylliske fiskevær, – blant anna var vi sør til Nusfjord. Veret er bra: litt kjølig nordavind med sol, litt skyer og enkelte regnbyger oppe i fjella, – og velsigna fritt for mygg.
Her er tilgang til internett på kafeen, så vi får oppdatere litt etter kvart, og vi har også fått bestilt oss flybillettar heim i neste veke.
Der er framleis mange inntrykk frå turen over Kola som vi held på å bearbeide. Nytt i dag er ei side om kyrkjer og gravplassar, – sjå linken oppe på sida.
Trappa opp til bualoftet
Siste kommentarar