Bloggen vår er verdensberømt!
juli 19, 2007 at 9:22 pm 2 kommentarar
Fleire enn russisk TV er interessert i ferieturen vår. Les Vikebladet Vestposten for i dag, 19. juli! På førstesida er det henvisning til «Spreke hareidsdamer på tur til Murmansk» side 10. Og halve side ti er om oss og bloggen vår! Så no er bloggen verdensberømt!!
Bodil blei oppring på kafe i Rovaniemi – då ho akkurat hadde sett seg på do, og før dei tre andre damene hadde kome inn i kafeen. Journalisten frå Vikebladet Vestposten var så hyggeleg å prate med at Bodil vart sitjande meir enn ein halvtime inne på do og prate. Dei andre fann ikkje Bodil på kafeen, men sidan dobesøk er vanleg før ein et lunsj, høyrde dei at noko gjekk føre seg i eit avlukke. Trass i beskjed om at «no har vi bestilt» kom ikkje Bodil ut. Det førte til at dei tre andre sette seg ved anna bord enn Bodil hadde tenkt – bord med tilgang til stikkontakt – noko som kan vere viktig når batteriet på datamaskinen er halvtømt, og nye hotellrom og kanskje også flybillettar skal bestillast.
I kveld kika vi på sida til Vikebladet Vestposten , og fann ikkje noko om oss der. Vi hadde heller ikkje fått forventa meldingar eller telefonar frå Hareid om vår nye verdensberømte status. Vi kjøpte dagens utgåve av avisa – og er veldig fornøgde med oppslaget. Irene Hareide er verdens beste journalist, det syns vi! Berre bruk anledninga til å få debitert mobilrekninga di med ekstra femten kroner, kjøp Vikebladet Vestposten og les den flotte reportasjon om bloggen vår!
Johanne les Vikebladet på nett på kafeen i Ballstad
Entry filed under: ferietur, Uncategorized.
2 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Asbjørn | juli 20, 2007 ved 5:38 am
Prøvde å kjæpe Vestposten på nett, men har ikkje dekning på mobilen her. Skal forsøke seinare, når vi kjem nærare land. Den andre betalingsmåten var for omfattande. Går det ikkje, så får eg sjå om dei fortsatt har papirutgåva i Ålesund på tysdag.
Asbjørn 🙂
2.
Jostein | juli 20, 2007 ved 5:23 pm
Flott intervju. Denne internettdagboka er såpass interessant og morosam å lese at den fortener brei pressedekning. De har det tydelegvis hyggeleg på turen, og det smittar.