Ferie med blogg er annleis enn vanleg ferie

juli 21, 2007 at 8:33 pm 2 kommentarar

Vidar Lund gav oss ideen, jf hans feriebloggar

Vi merkar at vi har noko anna fokus.  Når vi ser noko, opplever noko, eller ler til noko,  så kjem ofte ”dette må vi blogge om” i etterkant.  Kanskje 5% av desse episodane hamnar på bloggen.  Typisk er slik som for eit øyeblikk sidan då vi kom til Sund i Lofoten:   Smeden skal akkurat begynne å lage ein skarv, Eldrid blir tilkalt så ho kan dokumentere prosessen, som kanskje kjem på bloggen.  Vi må tilstå at dokumentasjonen nokre gonger har gått utover opplevelsen. Som de ser, har det også ført til at vi ser etter ulike tema: kyrkjer og gravplassar, monument… fleire kjem.   Vi føler oss og forplikta vil å vere meir nøye med fakta i forteljingane våre enn vi ville vere ved vanleg ferieforteljing.  

Det har også nokre gonger vore kjedeleg for Tone og Johanne om kvelden når Eldrid og Bodil arbeider med bloggen.  Eldrid fotograferer mest, og Tone fotograferer noko.  Eldrid sit kveldane og klargjer bilete.  I Russland sat ho ofte til 2-3-tida om natta og arbeidde med bilder og blogg.Sidan vi ikkje hadde gjort dette før, lærer vi etterkvart.  Eldrid oppretta bloggen før vi dro, og la inn fint bakgrunnsbilete, som Bodil greidde å slette.  Vi har planar om å organisere bloggen betre, men manglande internettilgang har forseinka det prosjektet. Ein eigen usynleg treningsblogg er oppretta til det føremålet.   Følg med, sjå korleis vi klarer å gjere bloggen vår betre. . 

Eldrid bloggar

Internettforbindelse er ei anna problemstilling. I Russland var det berre hotellet som hadde slikt utstyr.  I Rovaniemi fann vi ein restaurant med internettforbindelse og meny som vi likte godt, og då vart vi verande der, og valde vekk Alvar Aalto-bygga deira.  Vi var skuffa over manglande internett i Pajala.  Lofoten er heller ikkje velutstyrt.  No las vi i Dagbladet i går om nytt mobilnettverk som blir bygd ut, og som kanskje løyser noko.  Til dessar, ber vi alle lesarar om å stille seg bak kravet om trådlaus internett med høg fart over alt i heile verda.   

Mest av alt, er ferieblogging hyggeleg.  Vi får så mange postitive tilbakemeldingar frå dokke som les bloggen, både som kommentar og via SMS.  Slekt og vener får følgje med på kvar vi er og noko av det vi opplever.  Det er også interaktivt – Ingeborg har halde oss oppdatert om korleis  livet har vore etter bryllupet, og Jostein svarte oss fort på spørsmål om nikkel.  No ventar vi på svar frå Tatjana i Russland – med spildernytt førarkort – om kva forbodsskiltet med bilde av bil med bål på taket, betyr.

 Bloggen vil bli avlsutta ei stund etter at ferien er slutt.  Då trur vi at vi har laga ei fin minnebok for oss som var med, og samstundes gjeve slekt, vener og andre interesserte ein bit av alt det spennande vi har sett, noko frå opplevalsane våre.

Entry filed under: Uncategorized.

Bloggen vår er verdensberømt! Gamle kjerringar og data

2 kommentarar Add your own

  • 1. olav K  |  juli 22, 2007 ved 12:22 am

    hei ! eg heiter olev – er utflytta frå en i stad som heiter Hareid,- bor no syd for Bergen ,- og / men har ei syster som bur på Røyset !! hmm no kan de grunda -no ?? Vil berre sei at bloggen – og reiseskildringane er supre — uten å skryte altso «!! L

    Svar
  • 2. 4murmansk  |  juli 23, 2007 ved 1:22 pm

    Hei, og takk for koseleg kommentar. Johanne meiner at du må vere Finnsgard-Olav, stemmer det?

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

%d bloggarar likar dette: