«Ooooo dokke…
juli 21, 2007 at 9:16 pm 2 kommentarar
….sjå på dei tallerkane», utbraut Johanne då jorbærdesserten kom på bordet på kafeen i Henningsvær. «Tenk på all oppvasken»
Dette siste utløyste ei stor latterkule hos dei andre som var sessa rundt bordet: «Men mamma, det er ikkje du som skal vaske opp!»
Enkelte ryggmargsrefleksar sit godt fast sjølv om ein er på ferie. Ved nærare ettetanke så har ho eigentleg rett: det er sløsing med plass i oppvaskmaskina å bruke så store tallerkar til så lite mat, og tre kjørel til dei to små pralinane.
Men det er vakkert å sjå på.
Entry filed under: Uncategorized.
2 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Bjørn | juli 22, 2007 ved 10:33 am
Skikkeleg koseleg å lese bloggen dykkar. Dykkar skildringar modar opp til å ville ta ein liknande tur. Ha det hyggeleg i Lofoten, ( har Ballstad noko å gjere med «Siste Viking av J. Bojer.)
God tur heim.
2.
4murmansk | juli 23, 2007 ved 1:20 pm
Tusen takk for hyggeleg kommentar. Det er berre å reise i veg – det går fint.
Den siste Viking var vel på Lofotfiske, og då var han kan hende innom Ballstad. Vi kan i alle fall anbefale plassen