Archive for juli 26, 2007
Kan æg få bomm en røyk hos dæ?
sa jenta som kom bort til bordet vårt i på ferja mellom Fiskebøl og Melbu. Det var Tone ho snakka til.
– Korleis veit du at eg har røyk? spurde Tone
– Søstra mi såg at du røykte på kaia, ho ser alt sånt. Vi er tom for røyk og har ikkje pengar til å kjøpe. Vi er på ferie med mamma, og ho er så gjerrig at ho gir oss ikkje pengar til noken ting.
Johanne sin kommentar er grei: Viss du ikkje har pengar til å kjøpe tobakk, så burde du heller slutte å røyke, eller iallfall jobbe så du får dine eigne pengar.
– Han pappa veit at eg røyker, og eg brukar å få pengar hos han.
Tone lo, og jenta fekk rulle seg ein røyk.
– Kan eg få rulle ein til søstra mi og?
På dette tidspunktet hadde komikken nådd eit slikt nivå at det gjekk nesten ikkje an å nekte det, så søstra fekk røyk og.
Til gjengjeld fekk vi lov å blogge om hendinga.
Etterskrift
På oppfordring frå eldstesøstra (ho som ser alt), følgjer her bilete av begge søstrene, jf kommentar ho har skrive til dette innlegget.
Ho bekreftar Ingeborgs antagelse om at dei hadde krangla om kven som skulle spørje om røyk. Bodil kjenner igjen eldstesøsterknepet med å få dei yngre til å gjere dei pinlege og vanskelege oppgåvene. Det er greit å sjå at skikken blir ført vidare i nye generasjonar. Vi set og pris på at dei likar bloggen vår.
Siste kommentarar