Så er eg heime att….
juli 27, 2007 at 9:41 pm 4 kommentarar
.. og har pakka ut bagasjen, fått den første runda med klevask på snora, sortert posten, skumma nokre av lokalavisene, henta mail og sletta bøttevis med spam, og har sylta og frose brettet med jordbær som eg kjøpte med meg på heimvegen.
Så no er det berre å vente på at postpakken eg sende frå Lofoten med glas og keramikk, godt pakka i bobleplast og skitnekle, skal kome fram.
Det står også att å føre over dei siste bileta frå kamera, sjekke at alle cd-platene med bilde kopiert frå maskina til Bodil fungerar, og halde endeleg oppteljing på alle fotoa.
Så må eg bruke litt tid på å fordøye og filosofere litt over alle intrykka, sjå om dei kan grupperast i emne og oppdatere med nye sider på bloggen.
Og sist, men ikkje minst: klø ferdig alle myggstikka.
Eldrid
Mykje rart dukkar opp frå bagasjen. Her er Babusjka «with the big boobies».
Entry filed under: ferietur.
4 kommentarar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Jostein | juli 28, 2007 ved 12:01 am
Myggstikk, ja. Er det same myggen over alt, eller bit den litt ulikt i dei ulike landa? De har etter det eg forstår operert som ambulerande buffet for myggbestandar over store delar av nordkalotten, så der skulle vere litt erfaringsgrunnlag å trekke konklusjonar frå ….
Noja, det byrjar å bli seint. Skal køyre til Røyset i morgon – øh – seinare i dag. (pratar strengt med seg sjølv: slå av dataen)
2.
4murmansk | juli 28, 2007 ved 11:27 am
Nokre av oss reagerte ulikt på stikk på Kola og i Lofoten, men vi er ikkje heilt sikre på om det siste var mygg eller om det var andre slags insekt som kanskje gøymde seg i «sengehalmen» eller gamle rorbuveggar.
Vi har dessverre ikkje tilgang til myggslekta sin Michelinguide, så vi veit eigentleg ikkje kva del av buffeten som fall best i smak.
Eldrid
3.
olav K | juli 29, 2007 ved 11:03 pm
Comment frå » sør- Vestlandet «. godt blogga – godt fotografert – godt skrevet- fin-fint å lese for ein som (( kjenner litt om forholda på Røyset )) hmm..– no kan de lure -no-
Det ser ut som at det vart / teke ca-ca- 1438 bilder .
MEN !! — spørsmålet er : er det det totale antal bilder de HAR tatt ?
eller dei vi har fått sett ?? ( godt spørsmål )) elle ??
Fortsett med bloggisane – kjekt det
med den aller venligste helsinga frå :: olav K ( kven e da ?
4.
4murmansk | juli 30, 2007 ved 9:39 am
Hei Olav K, – synest å hugse at Siv-Marit vart tipsa av ein onkel 🙂
Om talet på bilde: det er det totale antal som Eldrid har teke som skal gjettast på. Det som er vist på bloggen er berre ein brøkdel.
Takk for koseleg kommentar 🙂
Eldrid