Barnekunst
Vi såg eksempel på barnekunst både i Murmansk og i Lofoten.
I Murmansk besøkte vi Kunst- og Handverksenteret som hadde barnekunst som månadens utstilling akkurat då vi var der.
Materialbilde med never og pressa planter
Born i alle aldrar i Murmansk Oblast (Murmansk region, i praksis er det Kolahalvøya), hadde laga kunstverk i ymse teknikkar med tema bøker og forteljingar. Utstillinga var resultat av ein konkurranse der målsetjinga var å stimulere til leselyst og meir lesing blant born. Dei tre første plassane i forskjellige kategoriar fekk verdifulle premiar, og der var også ein publikumspris.
Trolldeig
Borna hadde laga arbeid i mange forskjellige teknikkar; trolldeig (av rugmjøl), materialbilde, perler, applikasjon, batikk, silkemaling, toving (av katte- og hundehår), samt gouache- og akvarellbilde.
Trolldeig
Motiva var henta frå bøker eller forteljingar som borna hadde lese eller høyrt, og vi kjende att fleire av dei same eventyra som vi har, samt forteljingar av HC Andersen, Selma Lagerløf og Pushkin sine barnebøker. Eit tema for bilda var også å vise i kva situasjonar ein kunne lese bøker.
Ein kan lese bøker på biblioteket..
.. eller heime i stova.
Vi nemnde såvidt utstillinga i ein post frå Murmansk, men vi var så imponerte over kvaliteten på det som var laga, at vi synest utstillinga fortener ein presentasjon med fleire bilder. Bidrag til konkurransen kom frå både skular og enkeltpersonar, og også frå nokre av dei mange kunst/kulturskulane, som kanskje kan samanliknast litt med vår Skulefritidsordning, – det er senter der borna kan gå etter skuletid og få opplæring i ting dei er interesserte i, slik som forskjellige kunstuttrykk, musikk, sport etc. Det er gratis for alle.
I tillegg til motiv frå bøker, ser vi og at borna har gjengitt nærmiljøet sitt. Under er eit utvalg av arbeid i forskjellige teknikkar:
Reinsdyr i billedvev.
Bønner og andre frø.
Fjøyr og strå på never.
Flott nordlys måla av 9-åring….
…og her av ein 7-åring.
Ein hane laga av fjøyr…
.. og ein som er hekla, brodert og applikert.
Trolldeig på måla bakgrunn.
Dette maleriet fekk publikumspris i si klasse. Guten som måla det vart spurd om kvifor han hadde måla sjø på vestsida av Kola, – der ligg som kjent Skandinavia. Svaret var at han ville ha med berre Kola, – det andre var ikkje så viktig.
Makramé
Applikasjon på ein tråd-bakgrunn
Mange fiskbåtar høyrer heime i Murmanskregionen
Reinsdyr i Nordlys. Reinsdyra over er av pels, under av fjøyr.
Disney er ikkje ukjend her heller.
Donald i papirbretting (origami)
Perlearbeid. Vi trur det er 16-åringen (lappen til venstre) som har laga desse to figurane.
Skulpturen med tre og gras og mange dyr på vann publikumsprisen i denne klassa. Ved sida av er eksempel på tova arbeid av katte- og hundehår, fekk vi opplyst.
Dette bildet måla av ein 13-åring har fått førstepremie.
Bylandskap i vinterdrakt.
Ishavet er næraste nabo, men tigeren er heller ikkje ukjend.
Her er nokre fleire eventyr og forteljingar:
HC Andersen: Den stygge andungen
Tommelise
Nils Holgerssons forunderlige reise.
Eventyret om Skinnvotten, opprinnelig ukrainisk folkeeventyr, norsk versjon av Alf Prøysen.
Pannekaka, laga av pressa blad frå forskjellige tre.
Ein variant av «Snehvit».
Barnekunst i Lofoten
Vi besøkte Galleri Espolin i Kabelvåg, og inne på «Barnas aktivitetsrom» i galleriet hang ei utstilling av bilde laga av forskjellige skuleklassar. Det var resultat av eit undervisningsprosjekt støtta av Den kulturelle skulesekken i høve 100-årsjubileet for kunstnaren sin fødsel i 2007.
På filmen som blei vist om Kaare Espolin Johnson i filmrommet i galleriet, fortel kunstnaren at noko av dei første bilda han laga var i sota papir der han skrapa fram bilde i soten.
Den same tekinkken hadde borna brukt på bilda dei hadde laga.
Nokre 6.klassingar hadde også prøvd seg med koldnål, motiv ser ut til å vere henta frå nokre av Kaare Espolin Johnson sine bilde:
Der var også ein quilt sydd av 6. klasse ved Kabelvåg barneskule:
Éin kommentar Add your own
Legg att eit svar
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed
1.
Bente Giskeødegård | august 11, 2007 ved 10:57 am
Dette var skikkeleg interessant!
Eg blei heilt inspirert….