Byar og bygningar
Byane vi var innom på Kola hadde minst like mange grå blokker som vi hadde forventa, – kanskje til og med fleire. Men der var også ein del gilde fargar å sjå, og byane som hadde vakse fram frå mindre landsbyar hadde også ein del eldre trehus, som oftast i utkanten av byen. Men ingen byar var uten grå bustadblokker.
På brua over fjorden mot Murmansk.
Utsikt frå vindauget på hotellrommet i Murmansk. Byen såg ikkje fullt så kompakt ut herifrå.
Den alminnelige oppfatninga er nok at grå blokker er fantasilause og kjedelege, men dei kan faktisk vere ganske dekorative, – det kjem litt an på auget som ser. Det er ein viss rytme og mønster i alle firkantane. Slik har blokkene blitt tolka på quilten som quiltegruppa ved Kunst- og Handverksenteret har sydd:
Detalj frå quilten som hang på Kunst- og Handverksenteret.
Dei fleste blokkene var nok grå, men ofte var vindaugsrammene måla i forskjellige fargar. Vi veit ikkje om det var gjort med hensikt, eller om oppussing og vedlikehald ikkje har vore heilt koordinert over tid, men vi synest iallfall at det liva opp flatene.
Den vesle kunstnaren som har laga bildet under, har også fått mange fargar i vindauga, men det ser mest ut til å vere gardinene:
Nokre bustadblokker hadde også dekorerte endeveggar, som oftast i kjend Sovjet-stil:
Dei to eksempela over er frå byen Apatity, som vart bygd opp frå grunnen av på 1960-talet.
Dette huset hadde ein flott mosaikk på endeveggen. Frå hovudgata Lenin Prospekt i Murmansk.
Vi såg relativt mange hus som var prega av dårleg vedlikehald, og også ein del byggeprosjekt som ikkje var blitt ferdige og som stod der som tomme skal,- nokre av dei var det også byrja å gro mose på. Folketalet i nordområda vart redusert etter at ting stoppa opp etter perestrojkaen, så i tillegg til uklare ansvarsforhold og mangel på midlar, var det kanskje ikkje lenger behov for alle bustadane som var igangsett.
Bygningar vi passerte i Zapoliyarni.
I det siste har det vore framgang og vekst, så vi såg også byggeprosjekt dei holdt på å jobbe med.
Den norske husbanken er involvert i fleire prosjekt på Kola der dei er med på å ruste opp boligstandarden. På veg over ei bru, såg vi plutseleg desse to husa:
Norskbygde hus? (Motivet kom brått på, og er teke medan vi var på veg over ei bru, så det var ikkje muleg å unngå rekkverket)
Dei var heilt ulike det vi elles såg rundt omkring, og såg veldig norske ut. Vi bestemte oss for at dette sikkert var norskbygde hus.
Langs hovudgata i Murmansk, Lenin Prospekt, såg mange av husa nyoppussa ut, og der var butikkar med butikkvindauge slik som vi er vande med heime.
Men ein skulle ikkje gå langt inn i sidegatene før bildet vart eit litt anna. Eit eksempel var galleriet som Bodil fekk vite hadde bilde av kunstnaren Sergejenko til sals. For å kome dit følgde vi først ein gangsti vekk frå hovudgata, kryssa ein kombinert leike- og parkeringsplass, før vi så svinga inn i ei anna gate. Her var ein delvis overgrodd sti som etterkvart gjekk under eit tre-overbygg, og bak den tredje eller fjerde døra var så galleriet, som også hadde ein stor souvenirbutikk.
Inngangsdøra til galleriet.
Vi såg ingen skilt om galleri, – ikkje at vi hadde forstått det om det stod der heller, – men det var vanskelig å sjå at dette var noko anna enn eit vanleg hus. Godt å treffe hjelpsame guidar på museum som kan opplyse om slikt, og også personleg vise vegen dit i lunsjpausen sin, – det skjer ikkje så ofte her til lands.
Trass i at sprekker og avskala murpuss såg ut til å vere dagens orden meir enn unntaket, gjekk dei ikkje av vegen for å lage «kunstig forfall» som dekor på dei finaste restaurantane:
I restauranten på Hotell Meridian i Murmansk
Bygningane hadde som regel tjukke vegger, – alle glaskarmar var minst ein halvmeter breie, somme tider meir. I Nikel såg vi hus der ytterveggen var bygd utanpå ein annan yttervegg, men vi var tilbakehaldne med å fotografere offentlig der, så vi har ikkje foto av det.
Her er frå kafeen i Nikel, – breie glaskarmar og to sett med vindauge.
I Murmansk såg vi eksempel på meir bruk av store glasvindauge, blant anna på hotellet der vi bodde, og Kafe Leto hadde til og med eit glas-tilbygg.
Midnattssola speglar seg i dei store vindauga på Hotell Poliyarni Zori (Polstjerna)
Kafe Leto med stort tilbygg i glas, og flott mosaikk-skulptur ved inngangen. Her var også den einaste plenen vi såg på Kola.
Standarden på hotella vi bodde på var omtrent som vi er vande med i Norge. Hotellet i Murmansk hadde ei halv trapp opp til heisen, men der var sett opp ein trappeheis ein kunne bruke, og til inngangsdøra ute var der skråplan ved sida av trappa.
I Kirovsk derimot var det ikkje råd å unngå trappa framfor inngangen, men heisen var tilgjengelig like ved resepsjonen.
Dette hotellet var veldig staselig, og inne var der mykje raud plysj og sateng og anna i litt gammal stil. Alt var reint og pent, men ein god del slitt.
Sengeteppe i raud sateng på hotellet i Kirovsk, og i skapet var der festlege koppar, dessverre med ein del skar i (under):
Veldig mange av bygningane vi var inne i, hadde parkett i dette typiske fiskebeinmønsteret:
I eller utanfor alle byane vi besøkte såg vi grønsakhagar. Dei største byane hadde oftast eit kolonihagesystem, – utanfor tettbebyggelsen, eller innimellom blokkene, var der teigar med grønsaker der vi såg folk gjekk og arbeidde. Der var ikkje småhus i desse kolonihagane slik vi hugsar det frå Portveien på Barne-tv, kun jordlappar til å dyrke på.
I småbyar med einebustader såg det ut til at dei fleste av desse hadde sin eigen hage der dei dyrka grønsaker.
Hageflekk i Lovozero.
Eit anna fenomen som vi såg i absolutt alle byane var såkalla garasjeanlegg. Det var rad på rad med små skur som låg vegg i vegg, utan vindauge og med ei dobbel dør eller port. Vi fekk opplyst at dette var stader der mannfolka samlast for å mekke på bilar eller kva dei no måtte ønske å skru på, samt prate og drikke vodka. Kor mykje dei vart brukte er vanskeleg å seie, vi såg omtrent aldri aktivitet ved desse anlegga, – berre husa som stod der på rekkje og rad. Men det kan hende vi var der på feil tidspunkt.
Garasjeanlegg i Murmansk. Som regel låg desse på vegen inn i eller ut av byane vi passerte.
I dei mindre byane lenger aust på Kola var det meir variasjon i byggestil både fordi dei hadde meir av dei eldre husa ståande framleis, og også nyare bygg som ikkje var grå og firkanta. Dei gamle tømmerhusa fanst som regel i utkanten av byane, eller ved elvebreidden der det opprinnelige bysentrum hadde vore. Revda hadde for eksempel ein heil liten landsby med tømmerhus eit stykke før vi kom inn til sjølve byen.
Tømmerhus i Revda.
Lovozero hadde også mange tømmerhus langs elva. Mange av dei var fint forseggjorde då dei var bygde, med utskorne vindaugslister og liknande, men vedlikehaldet såg vi har vore litt ulikt. Under er nokre av dei finaste vi fekk knipsa.
Nokre av borna som stilte ut arbeida sine i på Kunst- og Handverksenteret i Murmansk, hadde tydeligvis også sett slike hus:
Snøkvit held til i eit tømmerhus med fine blondevindauge.
Ofte hadde desse husa utvendig «trapp» opp til loftet:
Lovozero, som blir rekna som Samehovudstaden på Kola, har eit samisk kultursenter som skilde seg ut frå dei andre husa i byen:
Her er lavvo-forma brukt som designelement i bygget, noko vi også såg i ein konstruksjon ved sida av hotellet i same byen.
I nabobyen Revda, som såg ut til å vere ein litt større by enn dette, fekk vi knipsa nokre av dei fargerike husa som vi også såg eksempel på andre stader:
Det var ganske festlege fargar på ein del av husa vi såg, – iaugefallande motstykke til dei grå blokkene som ikkje var fråverande her heller. (Som de kan sjå, regna det då vi besøkte Revda)
Nokre av husa såg ut til å ha vore staselege einebustader tidlegare. Dei fleste såg ut til å vere murhus, men når vi såg nærare på enkelte av dei, oppdaga vi dette:
Enkelte stadar der murpussen var vekk, kunne vi sjå heilt inn på solide tømmerveggar. Utanpå tømmeret såg det ut til å vere eit flettverk av spon eller tynne lekter, og ytst noko som vi tolka som murpuss, utan at vi veit om det var akkurat det.
Vedlikehald av bygningar i dette klimaet er nok ikkje ein heilt enkel affære.
Mykje av landskapet på Kola er dekka av krattskog, og vi kunne køyre fleire mil utan å sjå nokon ting anna enn busker og kratt. Så kunne det plutseleg dukke opp ei bygning eller ein annan konstruksjon i horisonten. Av og til kom vi fram til bygningen vi såg, og som oftast såg det ut til å vere militæranlegg med fleire mindre bygningar rundt seg, men andre gonger passerte hovudvegen på lang avstand utan at der var ein avkøyrsle i den retninga bygget låg.
På avstand såg dette ut som ei bustadblokk midt ute i audemarka. Der var litt fleire bygningar bak åsen såg vi då vi passerte.
På aude vegstrekningar kunne det også plutseleg stå eit busskur, utan at vi såg verken hus eller folk i nærleiken:
Busskura såg ganske nye og fine ut dei fleste stader, men nokre av bussane hadde nok sett bedre tider:
Buss i Lovozero
Vi såg også ein del veiskilt som viste veg til plassar med merkelege «namn»:
Vi hadde høyrt på førehand at Kola var full av hemmelege byar, – på denne sida er ei slags forklaring på korleis dei fekk namn, – dessverre berre på engelsk. Utifrå denne sida syntest hovudprinsippet å vere at byane vart gitt namn som viste talet på kilometer frå ein kjend namngitt by. Sidan dette kunne vere altfor avslørande, vart kilometertalet så sett til eit anna enn det den verkelege avstanden var, og namna vart forandra med ujamne mellomrom.
Vi køyrde også forbi ein by som har fått namnet Sputnik. Forklaringa på namnet skulle vere at den berømte kosmonauten Jurij Gagarin hadde bodd i byen ei stund, og at den så fekk dette namnet til ære for han. Vi veit ikkje om dette er heilt rett, – ifølgje Wikipedia var Gagarin stasjonert i byen Luostari då han var på Kola, og den byen ligg eit stykke lenger sør.
Vegen passerte rett forbi byen Sputnik, som låg bak eit gjerde og hadde militærvakter i porten inn til byen.
Mange byar hadde kontrollpostar på vegen inn og ut av byen.
Tidlegare var det striksare med passkontroll o.l. ved desse byane, men på turen vår vart vi som regel vinka forbi av dei militære som bemanna desse postane. Vi såg at enkelte store køyrety vart stoppa for kontroll. Vi vart ikkje stoppa ved slike postar anna enn då vi køyrde ut av den sikre sona etter grensepasseringa ved Storskog, og då vi nærma oss finskegrensa.
Krattskogen kunne som sagt gjere det vanskeleg å sjå kva vi eigentleg passerte. På vegen ned frå Kirovsk syntest vi at vi såg toppen på hustak innimellom trea, og tenkte det kanskje var ein landsby. Det ville vi gjerne sjå, og fann tilslutt ei lita avkøyrsle i den retning vi hadde sett hustaka.
Vegen vart ganske holete etterkvart, så vi kom ikkje heilt fram til husa. Utifrå glimtet vi fekk mellom buskene, kom vi fram til at dette kanskje var ein hytteby, – Kirovsk er også ein vintersportsstad med både skitrekk og hoppbakkar.
Hytter inne i skogen nedanfor Kirovsk
Wikipedia har meir informasjon om russiske hytter, som blir kalla datsja , på engelsk dacha.
Kvitsjøen sett frå utkanten av Kandalaksja
Eit av måla med turen var å kome ned til Kvitsjøen der mange av våre sambygdingar har vore på selfangst i si tid. Kandalaksja, som ligg inst i Kandalaksjagolfen i Kvitsjøen, var den siste byen vi besøkte på Kola.
Denne byen hadde og dei typiske tømmerhusa langs elva og i utkanten av byen, men også ganske store tømmerbygningar inne i byen.
Gamle tømmerhus langs elva utanfor byen…
..og større bygningar nærare sentrum.
Kandalaksja er ein havneby, og frå utkanten av byen såg vi fargerike kraner på hamna stikke opp bak ein liten haug:
«Terrorgjerdet» deira ser også ut til å vere i orden.
Byen har også ein Statoilstasjon der det var muleg å få fylle ein full tank med bensin og betale i etterkant. Systemet elles på dei russiske stasjonane var å førehandsbetale for eit visst antal liter, så då vart det å gjette på førehand kor mykje det var plass til på tanken.
På skiltet står prisane i rubel. Tatt i betraktning at 100 rublar kosta mellom 20 og 25 norske kroner, var dette kjempebilleg for oss. Men for lokalbefolkninga, som har ei årsløn i rublar som er lavare enn det vi vanlegvis har i kroner, så er det dyrt med bensin. Tenker vi oss at vi fekk ein kronepris med desse tala, som enkelte hevdar vi også vil få om ikkje lenge, kan vi berre forestille oss ramaskriket det vil bli.
Ein ting hadde denne bensinstasjonen til felles med andre bensinstasjonar vi såg: hundar. Her var det heile fire stykker som for og sprang.
For sikkerheits skuld, dersom nokon blir frista til å reise denne ruta, så er det dette skiltet litt sør om Kandalaksja som viser veg til finskegrensa:
Skilt som viser veg til den finske grenseovergangen ved Salla.
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed