Posts filed under ‘ferietur’
Den omvende reisa
I år er det ny rundtur, men den går andre vegen, og med litt andre deltakarar. Bodil er framleis sjåfør, men det er dei to russiske damene vi møtte i Murmansk, Irina og Tatjana, som er dei andre to turdeltakarane. Tilsaman er dei då 3 damer, som er på veg frå Oslo til Murmansk, og på vegen skal dei sjå og oppleve mest muleg av Norge.
Tradisjonen tru har dei eigen blogg, og den har då fått namnet 3 Damer frå Oslo til Murmansk, og har adresse:
http://3murmansk.wordpress.com/
Irina og Tatjana flaug til Oslo, og Bodil henta dei der. Jonsokaftan kom dei til Hareid, og her fekk dei møte att alle dei fire damene frå i fjor, pluss mange andre familiemedlemar og vener.
Her er dei tre reisande i ferd med å ete kveldsmat på Røyset saman med mange familemedlemar, – fleire enn dei som kom med på bildet.
Følg med på bloggen deira
http://3murmansk.wordpress.com/
Jul med souvenirar
Eg kjøpte ein laaaaang løpar i Kandalaksja, og lurte eigentleg på om eg kanskje måtte klippe den av og forkorte den litt, men med ein klaff i spisebordet passar han perfekt, og er til og med litt «julete» i fargane.
Det same er mi russiske dame i bakgrunnen, – eigentleg ei tehette, – så desse to går godt i lag.
No kan vi ikkje så mykje russisk enno, så vi har ikkje klart å tyde kva som eigentleg står på duken. Dersom nokon som les dette veit det, er de velkomne å skrive oversetjinga i kommentarfeltet. Detaljbilde under, klikk for å få større bilde:
I Kandalaksja hadde dei også lekker måla og lakkert julepynt:
Desse er komne på juletreet.
Ha ei fortsatt god jul!
Eldrid
No får vi sjå
om den nye matsida heng fast, eller om den er forsvunnen til i morgon. Det tok nokre forsøk før den kom til syne. De får bere over med skrivefeil så lenge, – vågar ikkje å redigere og lagre fleire gonger før desse problema er fiksa.
På tide å leite fram do-bilda.
Eldrid
ps. Dette skal no vere ein direkte link til sida «Meir mat»
pps. Har no lagt til link til alle dei faste sidene ute i høgre ramma.
Omsider..
…. kjem det ei oppdatering her på bloggen. Skulestart og diverse andre deadlines har teke mesteparten av tida i det siste, så her inne har det dessverre gått noko tregt. Men ting skal nok kome, om ikkje så brått.
Nytt i dag er ei side om mat. Matbilde vart etterlyst, men det kan nok hende enkelte vil synest at ein bør vere forsiktige med kva ein ønskjer seg, for dette er berre halvparten.
Link oppe på sida.
Eldrid
Og vinnaren er…
… dessverre ingen.
Sjå utlysing av konkurransen her.
Fasit: Eg tok 3516 bilde på turen. Ingen hadde gjetta noko i nærleiken av dette, sjølv ikkje om vi rekna gjenomsnittet av alle svara, som blir 1338857,3 bilde.
Premiane skulle vere kopi av dei tre finaste bilda frå turen, men sidan ingen vann premiar, bestemte vi at vi ville legge dei ut så alle fekk sjå. Eg måtte då gå gjennom alle bilda og velge ut dei tre finaste, men det syntest eg var vanskelig, – eg plukka og plukka, og enda til slutt opp med ein heil skokk.
I staden for å bruke meir tid på å velge ut berre tre bilde, har vi like godt laga ei galleriside av dei bilda som eg hadde lagt inn i premiemappa. Link til galleriet er øvst på sida her.
Vi hadde ein fin tur på meir enn ein måte.
Eldrid
Å halde det ein lovar..
..er god folkeskikk. Vi har hinta om forskjellige saker og sagt vi skal skrive meir om dei, og det kjem nok litt i senn.
I ein av dei første postane lova vi å skrive meir om forviklingane på byrjinga av turen. Som før fortalt: det flyet der vi tre damene synnafrå var om bord, landa ikkje i Kirkenes som planlagt på grunn av skodde, men i Ivalo i Finland. (Flyselskapet var Norwegian, berre så det er sagt).
Vi hadde ikkje med oss Europakart eller nokon ting, så vi hadde eigentleg ikkje peiling på akkurat kvar vi var, men utfrå opplysningane som vart gitt på høgtalarane på flyet, høyrdest det ut som det var berre ein svipptur over grensa og inn i Norge. Seinare fann vi ut at det var ein tre timars busstur frå Ivalo til Kirkenes. Flymannskapet vinka bye-bye og lovde oss meir informasjon av personalet på flyplassen, før dei snudde flyet og flaug sin veg.
Ankomsthallen i Ivalo…..
…. med flotte maleri på veggane
Etter at folk var komne inn i eit ganske tomt, men stilfullt og rustikt lokale, hadde fått bagasjen sin og gjort unna dei verste dokøane, dukka det omsider opp ei ung jente med offisiell refleksvest og ein walkie-talkie i handa. Ho sa noko til dei som tilfeldigvis stod nærast, og ryktet spreidde seg at det skulle kome ein buss. Jenta gjekk ut og inn, og sa av og til noko til dei som stod nærast og masa mest, og ryktet sa etterkvart at det skulle kome først ein buss, så ein buss til om 20 minutt, og deretter endå ein buss noko seinare. Etter ei stund kom ryktet så langt som til høgtalaranlegget, på engelsk med finsk aksent.
Stilig oppsats på flyplassen i Ivalo. Som de ser hadde vi god tid til å fotografere her.
Den første bussen dukka opp, og der vart det fort trengsel. Det var ein del som hadde stresskoffert og som også såg tilsvarande stressa ut, og der var også ein del småbarnsfamiliar, så vi tok det med ro, – vi var trass alt vaksne og var på ferie, – men kanskje litt uerfarne som trudde på ryktet om fleire bussar.
Buss nummer to dukka opp etter tre kvarter, men det var ein rutebuss som skulle til Båtsfjord viste det seg, ikkje til Kirkenes, så den meinte vi var uaktuell for oss. Den vart likevel ganske fort fyllt av folk som sikkert hadde meir oversikt over geografien og korresponderande ruter enn vi hadde akkurat då.
Buss nummer tre såg vi ikkje noko til, og fekk aldri svar på kva tid den skulle kome.
I mellomtida hadde endå eit fly «nødlanda», og no vart det plutseleg voldsom aktivitet på høgtalaranlegget. Etterkvart forstod vi at det var eit utanlandsk reiseselskap som ikkje hadde nådd hurtigruta i Kirkenes, og som skulle skyssast til Båtsfjord for å gå ombord der. Høgtalarstemma proklamerte på vekselvis tysk og fransk at det kjem ein buss om fem minutt. Etter fem minutt kom det verkeleg ein buss, og på høgtalaren fekk dei beskjed om nøyaktig kvar dei skulle gå for å finne bussen, og nøyaktig kven som skulle vere med den bussen, – her var det presisjon i alt.
Tone hadde no fått kontakt med Bodil på mobiltelefon. Det vi ikkje visste då, var at Bodil hadde rekognosert litt på flyplassen i Kirkenes. Der stod ein buss klar til å frakte passasjerar til Ivalo, – det var dei som ikkje hadde fått reise med det Norwegianflyet som ikkje hadde landa i Kirkenes, men i Ivalo. Ho skjøna tegninga: bussen som vi var lova ville ikkje kome til Ivalo før om tre timar, deretter ville det ta tre nye timar tibake til Kirkenes.
Bodil tenkte fort, og dermed vart Tone «tvinga» til å «antaste» bussjåføren med spørsmål om det var plass til oss i bussen med utlendingar til Båtsfjord, og om vi kunne vere med, og det var greit. For sikkerheits skuld snakka Bodil og med sjåføren og fekk vite at bussen skulle innom Tanabru.
Om bord i bussen var ein livleg gjeng. Der var også ein midlertidig reiseleiar, som prøvde å fortlje litt om byen Ivalo som vi køyrde inn i. Før bussen forlot flyplassen, kom det ombord to kasser med varm pariserpizza, som folk fluksens kasta seg over. Bussen stoppa og fyllte bensin, og då kom reiseleiaren med eit par kartongar med juice. Deretter var det endå eit stopp ved ein matbutikk, og inn kom endå to kasser med baguettar og ei kasse cola. Det var til slutt eit heilt lite berg med mat, og seinare tomgods, i midtgangen på bussen. Før «sjefen» vinka farvel, opplyste ho at det ville bli lunsjstopp på Tana Hotell. Her skulle det ikkje sveltast.
Matkasser i bussen
Etter ei stund fekk Tone ei kryptisk melding frå Bodil på telefonen: «Sei frå dersom bussen svingar til høgre etter ein time».
Javel??
Utifrå det vi registrerte, svinga bussen både hit og dit heile tida, men vi bestemte oss for å vere på utkikk etter ein høgresving etter ca ein time, – eller kanskje ein time pluss 10 – 20 minutt sidan det tok litt tid med all maten. Det var noko vekslande mobildekning, så vi fekk ikkje kontakt med Bodil for å spørje kva ho eigentleg meinte.
Sjølv om det kanskje var ein ekstra bonus å få litt sightseeing i Finland «på kjøpet», vart landskapet noko einsformig i lengda, og det var ikkje heilt fritt for at vi duppa litt av. Innimellom bråvakna einkvan og spurte: «Har bussen svinga til høgre?» «Jada, – fem gongar»
Endeleg kom Bodil gjennom på telefonen til Tone: «Har dokke svinga til høgre? Ser du ein dal og ei elv?» «Nei, her er berre fjell.» «Ok, då er dokke der eg trur dokke er. Sei frå om dokke køyrer over ei bru….» Så braut det.
Det var godt å vite at nokon visste kvar vi var, for vi hadde ikkje peiling sjølve, så vi fekk berre gjere vår del av oppgåva som best vi kunne og halde utkikk etter ei bru og ein høgresving. Men vi var litt usikre på om vi skulle køyre over brua eller ikkje, og om høgresvingen framleis var med i planen.
Vi kan skimte ei bru og eit vegkryss gjennom frontruta på bussen.
Etter ei stund såg vi faktisk ei ganske stor bru litt lenger framme, og jammen svinga bussen til høgre og, men det var like før brua. Bodil fekk fluksens beskjed: «Vi har ikkje køyrt over brua, men vi har svinga til høgre.» «Ok, då veit eg kvar eg skal køyre. Hugs å stoppe bussen i Tanabru».
Elvebåtar på Tanaelva
Då kunne vi slappe av og nyte bussturen nedover langs elva, som vi seinare fekk bekrefta var Tanaelva. Bussen stoppa av seg sjølv i Tanabru, for der skulle alle inn på hotellet og ete lunsj. Bodil stod på parkeringsplassen og venta då vi kom, og kjøpte seg ein kaffi inne på hotellet medan vi andre forsynte oss av lunsjbuffeten som var sett fram til busspassasjerane. Kven som betalte veit vi ikkje.
Det høyrer med til historia at 10 minutt etter at Norwegianflyet vårt skulle ha landa i Kirkenes, men ikkje gjorde det på grunn av verforholda, så landa det eit fly frå SAS/Braathen der. Skilnaden skal vere lang eller kort erfaring med den aktuelle flyplassen seiest det. Kanskje noko å ha i bakhovudet når ein ser at eit flyselskap har 200 kr billegare billett enn eit anna. Uansett så er det viktigaste å kome seg trygt ned på landjorda att, men det er no absolutt ein fordel å kome fram dit ein har tenkt og. Det er noko med å halde det ein lovar.
Konklusjon: Bodil er ein ualminnelig snartenkt organisator som kan snu på ein femøring når situasjonene krev det og køyre hit eller dit etter behov. Alle spørsmåla om høgresvingar og bruer var for å kartlegge kva veg bussen ville ta, og om ho eventuelt kunne møte oss i Neiden eller måtte køyre heilt til Tana. Godt at nokon held greie på bruer og vegkryss medan andre er langt ute å køyre i den same geografien.
Litt etter litt..
..får vi sortert og skrive ned nokre av inntrykka frå turen.
Nikel
Ny side i dag er om byar og bygningar på Kola. Sjå link oppe på sida.
Eldrid
Nye sider om skulpturlandskap og barnekunst
Bodil har posta ei eiga side med nokre av betraktningane våre rundt dei fire skulpturane frå prosjektet Skulpturlandskap Nordland som vi såg i Lofoten.
Sjå eigen link øvst på sida.
Tillegg: side om barnekunst er også komen opp no. Link oppe på sida.
Å vere bloggfotograf..
…var kjempekjekt. Kva tid elles har ein ei så god unnskyldning for å fotografere absolutt alt ein ser? Eller iallfall nesten alt.
Det ideelle ville vore at vi kunne stoppa slik at eg kunne fotografere ordentleg alle motiv eg hadde lyst til, men det var nok ikkje gjennomførbart i praksis.
For det første ville vi ikkje ha kome særleg langt i løpet av dei par-tre vekene vi hadde til rådevelde.
For det andre: mange stader var det ikkje muleg å vere ute av bilen meir enn 10-15 sekund før ein var så omsverma av mygg at det var ganske umuleg å konsentrere seg om fotografering.
Løysinga vart å fotografere frå bilen, som oftast i fart, og med enkelte små stopp der bilen vart posisjonert slik at det var bra utsikt til motivet gjennom sidevindauget, som så vart rulla ned akkurat så lenge at eg kunne knipse eit par-tre bilde. Oftast medførte dette ein større eller mindre myggjakt inne i bilen i etterkant, eller dersom vi var i område der vi kunne køyre litt fort, kunne vi bruke diagonalluftingsmetoden, som vi hadde funne var den mest effektive: venstre framvindauge og høgre bakvindauge opnast samstundes under fart, la blåse 10-30 sekundar, gjenta med høgre framvindauge og venstre bakvindauge om nødvendig. Vi oppdaga dette reint tilfeldig då to diagonalt motsette vindauge vart opna samstundes og ein bunke papir i bakvindauget plutseleg flagra rundt i heile bilen, – det gjorde dei ikkje med alle vindauga opne, som var den metoden vi hadde brukt tidlegare.
Dersom det ikkje regna (mykje), kunne eg og fotografere gjennom ope sidevindauge i fart. Buskas, skilt og gjerde nær vegen blir berre striper i fart, men litt fjerne motiv kan bli ganske bra, forutsett at utsikten ikkje blir hindra av nettopp buskas, skilt eller gjerde.
Autovern var ein pest og ein plage for fotografen. Her med slagghaugar utanfor Olenogorsk i bakgrunnen.
Kunsten er å halde eit lite auge framover vegen, sjå kvar det kanskje kjem ein åpning i buskene, og så vere klar å knipse akkurat der. Samstundes må eg også ha eit lite auge på kamera for å sjå at eg får inn motivet eg er ute etter, og nokolunde beint, – det er god hjelp i ein litt stor LCD- skjerm i dette høve. Endå eit lite auge må vere på vegkanten på utkikk etter greiner eller liknande som kan slå borti kameraet (hugs å stramme kamerareima godt rundt handleddet i tilfelle det glepp ut av handa), og det fjerde vesle auget kikar på vegstandarden med tanke på eventuelle humpar (Til lenger inn på Kola vi kom, til sikrare var det at der var humpar). Det er betre å knipse rett før ein hump enn rett etterpå, dersom ein då har utsikt til motivet, for det tek litt tid å roe bevegelsane etter ein hump og då kan sjansen vere forbi. At kameraet fokuserer raskt og også tek bildet relativt raskt etter at utløysarknappen er trykt ned, er definitivt ein fordel.
Butikken i Lovozero kom litt på skakke. Litt skrå bilde kan heldigvis fiksast på datamaskina i etterkant.
For å få fotografere det som er framfor og på venstre sida av bilen, må ein oftast ty til å fotografere gjennom rutene. Desse bilda blir nok ikkje fullt så klare. Det er naudsynt å stille kamera inn på landskapsfotografering slik at det ikkje fokuserar på sjølve ruta. For å unngå speilbilde i ruta er det lurt å fjerne alle lyse ting på dashbordet, og det er også ein god ide å ha på seg litt mørke kle.
Vegstrekning på den russiske taigaen. Ein lapp og luftehol i dashbordet speglar seg i ruta, og det byrjar å bli ganske tett med merke etter insekt.
Etterkvart som frontruta får meir og meir flekkar av insekt, eller regndropar, er det stor sjanse for at desse kjem med på bildet. Somme tider kan det vere virkningsfullt i bildet, men som regel er det uønska.
Trolsk lys med regndropar i Lofoten
I Lovozero var det så varmt og fuktig ute at frontruta dogga på utsida når klimaanlegget stod på inne i bilen.
Ei ekstra utfordring blir det å fotografere medan vindaugsviskarane går. I tillegg til å halde auge med motiv og åpningar i landskapet, må eg også beregne at kamera skal fokusere og ta bildet akkurat når vindaugsviskaren er i ned-stilling. Med litt trening, gjekk dette ganske bra.
Ikkje slik, men slik som til høgre. Klikk for større bilde.
På veg ut frå Apatity mot Kirovsk.
Endå meir avansert blir det når telefonen ringer, – då må alt kameraarbeidet skje med ei hand. Eit lite og lett kamera er eit «must» i slike tilfelle.
Asbjørn ringde nesten kvar dag, ofte medan vi køyrde. Då måtte fotograferinga skje med ei hand, og med motviljuge pausar for å kvile fotofingeren.
Elles gjekk mesteparten av fotograferinga føre seg utanfor bilen, – det var mange andre saker som skulle «dokumenterast» enn landskap, byar og hus, blant anna mange av toaletta vi var innom.
Her blir damedoen i Sund foreviga, – det kjem nok ein eigen reportasje om do.
Kvar kveld eller oftare vart bilda lasta inn på datamaskina, og vi gjekk gjennom for å plukke ut det vi ville ha på bloggen sånn i første omgang.
Bodil og eg bloggar inne på kafeen på Ballstad
Det vart ganske mange bilde tilsaman, og dei skulle eg helst ha med meg heim. Mange frukoststunder vart difor brukte til å brenne cd-ar med foto.
Nokre av fotoa her er det åpenbart ikkje eg som har teke. Både Tone og Bodil fotograferte, og Johanne filma ein god del.
Johanne ute i landskapet for å posisjonere seg for filming.
Her er det hauk over hauk: Eg har fotografert at Tone fotograferer Johanne som filmar slippen på Ballstad
Turen er nok godt dokumentert ja.
Eldrid
Siste kommentarar