Posts filed under ‘konkurranse’
Og vinnaren er…
… dessverre ingen.
Sjå utlysing av konkurransen her.
Fasit: Eg tok 3516 bilde på turen. Ingen hadde gjetta noko i nærleiken av dette, sjølv ikkje om vi rekna gjenomsnittet av alle svara, som blir 1338857,3 bilde.
Premiane skulle vere kopi av dei tre finaste bilda frå turen, men sidan ingen vann premiar, bestemte vi at vi ville legge dei ut så alle fekk sjå. Eg måtte då gå gjennom alle bilda og velge ut dei tre finaste, men det syntest eg var vanskelig, – eg plukka og plukka, og enda til slutt opp med ein heil skokk.
I staden for å bruke meir tid på å velge ut berre tre bilde, har vi like godt laga ei galleriside av dei bilda som eg hadde lagt inn i premiemappa. Link til galleriet er øvst på sida her.
Vi hadde ein fin tur på meir enn ein måte.
Eldrid
Konkurranse! Fine premiar til dei tre beste!!
Kor mange bilde har Eldrid teke på turen? Ho har sytt for at turen vår er veldokumentert. Turen varer frå 9. til 25. juli. Tips: Kortet i apparatet hennar er på 1 GB, og det har hendt at ho har måtta tømme det meir enn ein gong i løpet av dagen. Ein videosnutt blir talt som eitt bilde, og ho har teke 3-4 små snuttar i løpet av turen. For at det skal bli premie, må svara vere innanfor ein feilmargin på +/- 100 bilde.
De deltar i konkurransen ved å legge kommentar til denne posten.
Frist for svar er 15. august. Resultatet blir kunngjort like etterpå, og då kjem premiane snart.
Resultatet er kunngjort her.
Siste kommentarar