Posts filed under ‘Uncategorized’

Skrifta på duken

Under besøket på Hareid, fekk eg endeleg vite kva som står på duken eg kjøpte i Kandalaksja.   Tatjana oversette villeg:

Dette betyr Brød og Salt, som er ei tradisjonell velkomstgåve når ein tek imot gjester.

Eit lite utdrag henta frå denne sida::

http://www.norge.ru/no/russiskkjoekken.html

«Russisk matkultur i høy grad er knyttet til brød. Den tradisjonelle russiske velkomst heter «Khleb-da-sol», hvilken betyr: «Brød og salt». Således mottok man gjester i gamle dager og også ærede gjester som president eller ministere i dag: med et friskbakt brød og en skål salt på et broderet klede. »

Dette betyr «Råd og Kjærlighet» (Råd som i uttrykket «å gi gode råd», «råde til»)

Begge uttrykka er brukt som gode ønske for brudepar.

Reklame

juni 28, 2008 at 11:12 pm Kommenter innlegget

Test

for å sjå om denne posten dukkar opp.  WordPress har hatt problem, – hadde skrive ferdig neste matside, og så berre forsvant mesteparten,  – tre gongar!!! – aaaaarghh!  Får berre vente og sjå om problemet blir løyst.

Eldrid

september 23, 2007 at 10:33 am 4 kommentarar

Lofoten er grøn og cerise..

..og blå og lilla og gul, og er full av galleri, turistar og andre framande fuglar:

Esel i Lofoten

Utifrå det vi hugsar frå bibelsoga meinar vi at denne høyrer heime i Jødeland.

Vi visste at Lofoten har masse høge fjell og mange små og større fiskvær, og til og med ei og anna sandstrand, men vi visste ikkje at Lofoten er så grøn, og har store vidder med jordbruksbygder.

Fjella i Lofoten er knallgrøne

Tjern med knallgrøne fargar

Her er saftige grønfargar som ein kan få vatn i munnen av sjølv om ein ikkje er sau, og Eldrid har knipsa og knipsa, og tært på tolmodet til dei andre turdeltakarane.

– Kva skal du ta bilde av her? var spørsmålet då ho ville stoppe ved tjernet over.

– Ser de ikkje dei flotte grønfargane?

– Ja, det er no gras, seier Tone.

Johanne, som også har reist i Afrika, kjedar seg litt og filosoferar frå baksetet: Skal tru om her er krokodiller?

Etterpå var alle på utkikk etter grønt gras, og ga beskjed til Eldrid: Her er gras til deg.

Geiteramsen blomstrar over alt, – langs alle vegkantar, og her er til og med heile atteleger med geiterams, så det lyser i cerise farge kvar ein snur seg.

Meir geiterams

Spark på sommarføre

Spark på sommarføre

Vi har besøkt mange galleri og museum.  Favorittane var nok glashytta på Vikten og dokke-og leikemuseet på Sakrisøy.  Eldrid såg att Annedokka si der, og Tone såg ei dokkevogn ho har hatt maken til.  Der var også bilar og andre leiker.

Frå glashytta på Vikten

Glashytta låt utruleg flott til, og hadde myke flott som freista.

annedokka

Annedokka i midten bak.

Vi hadde rorbu på Ballstad rett overfor slippen med dei berømte veggmaleria av Scott Thoe, – verdens største ifølge brosjyrene.  Den måtte vi sjølvsagt også ha med:

slippen på Ballstad

Slippen på Ballstad, detalj

Dette blir skrive på ein kafe i Svolvær.  Vi er no på heimveg og skal flyge til Gardermoen tysdag føremiddag.  Ein utruleg innhalsdrik tur nærmar seg slutten.

juli 23, 2007 at 2:32 pm 1 kommentar

«Ooooo dokke…

jorbær 

….sjå på dei tallerkane», utbraut Johanne då jorbærdesserten kom på bordet på kafeen i Henningsvær.  «Tenk på all oppvasken»

Dette siste utløyste ei stor latterkule hos dei andre som var sessa rundt bordet: «Men mamma, det er ikkje du som skal vaske opp!»

Enkelte ryggmargsrefleksar sit godt fast sjølv om ein er på ferie.  Ved nærare ettetanke så har ho eigentleg rett: det er sløsing med plass i oppvaskmaskina å bruke så store tallerkar til så lite mat, og tre kjørel til dei to små pralinane. 

Men det er vakkert å sjå på.

praliner

juli 21, 2007 at 9:16 pm 2 kommentarar

Gamle kjerringar og data

er ikkje alltid like enkelt.  I går fekk vi ikkje opp nettverket på kafeen, og etter å ha sjekka ei stund, gjekk vi og sa frå om det til han som styrer med data der.  Han trudde ikkje på oss.  De må søke etter nettverk og så koble opp, fekk vi beskjed om.  Det har vi gjort, svarte vi, og får ingen nettverk.  Vi trur nettverket ditt er nede. 

Nei, det er i orden, de må klikke på…osv.  Ja vi har gjort det, og får ikkje inn nettverk. 

Har de sjekka om nettverksporten er open? Det var ein mann her i stad om hadde lukka nettverksport.  Ja, vi har sjekka, og den er open. 

Har du sjekka om det kan vere konflikt med bluetooth.  Ja, bluetooth er stengd.  

Har du prøvd å reparere nettverksfobindelse? Ja, og eg får ikkje opp noko nettverk  Vi trur nettverket ditt er nede. 

Så måtte mannen sjølv sjekke maskinen vår og gjere alle dei tinga han hadde spurt om vi hadde gjort. Konklusjon:  Det må vere noko feil med maskinen din!  Vi fortalde han at eg hadde vore på nett med den maskina på stadar som Casablanca, Lakselv, London; Murmansk, Paris, Ulsteinvik, og seinast kvelden før på hans eige nettverk, og det var ingen grunn til  å tru at den skulle ha skjedd noko med maskina.  Så gjekk han og henta sin eiga maskin, og fann ut at nettverket var nede. 

Vi er på ingen måte dataekspertar, men vi har brukt desse maskinene sidan IBM S/36, brukt PCar som ikkje hadde harddisk, der vi måtte lagre på diskettar, og datamaskinar der vi lagra på lydband. Vi har hatt maskiner som åpna seg i DOS, der vi måtte skrive inn ”win 3.1” for å kome inn i windows.  Vi har brukt  086, 286,386 og 486, før vi fekk Pentium, Intel Centrino og no har Intel Centrino Dual. 

bodil datar

Unge menn, ver så snill:  når tjukke damer som nærmar seg 60 år dragsar på berbare datamaskiner, så tru ikkje at dei er dataidiotar.

juli 21, 2007 at 8:40 pm 2 kommentarar

Ferie med blogg er annleis enn vanleg ferie

Vidar Lund gav oss ideen, jf hans feriebloggar

Vi merkar at vi har noko anna fokus.  Når vi ser noko, opplever noko, eller ler til noko,  så kjem ofte ”dette må vi blogge om” i etterkant.  Kanskje 5% av desse episodane hamnar på bloggen.  Typisk er slik som for eit øyeblikk sidan då vi kom til Sund i Lofoten:   Smeden skal akkurat begynne å lage ein skarv, Eldrid blir tilkalt så ho kan dokumentere prosessen, som kanskje kjem på bloggen.  Vi må tilstå at dokumentasjonen nokre gonger har gått utover opplevelsen. Som de ser, har det også ført til at vi ser etter ulike tema: kyrkjer og gravplassar, monument… fleire kjem.   Vi føler oss og forplikta vil å vere meir nøye med fakta i forteljingane våre enn vi ville vere ved vanleg ferieforteljing.  

Det har også nokre gonger vore kjedeleg for Tone og Johanne om kvelden når Eldrid og Bodil arbeider med bloggen.  Eldrid fotograferer mest, og Tone fotograferer noko.  Eldrid sit kveldane og klargjer bilete.  I Russland sat ho ofte til 2-3-tida om natta og arbeidde med bilder og blogg.Sidan vi ikkje hadde gjort dette før, lærer vi etterkvart.  Eldrid oppretta bloggen før vi dro, og la inn fint bakgrunnsbilete, som Bodil greidde å slette.  Vi har planar om å organisere bloggen betre, men manglande internettilgang har forseinka det prosjektet. Ein eigen usynleg treningsblogg er oppretta til det føremålet.   Følg med, sjå korleis vi klarer å gjere bloggen vår betre. . 

Eldrid bloggar

Internettforbindelse er ei anna problemstilling. I Russland var det berre hotellet som hadde slikt utstyr.  I Rovaniemi fann vi ein restaurant med internettforbindelse og meny som vi likte godt, og då vart vi verande der, og valde vekk Alvar Aalto-bygga deira.  Vi var skuffa over manglande internett i Pajala.  Lofoten er heller ikkje velutstyrt.  No las vi i Dagbladet i går om nytt mobilnettverk som blir bygd ut, og som kanskje løyser noko.  Til dessar, ber vi alle lesarar om å stille seg bak kravet om trådlaus internett med høg fart over alt i heile verda.   

Mest av alt, er ferieblogging hyggeleg.  Vi får så mange postitive tilbakemeldingar frå dokke som les bloggen, både som kommentar og via SMS.  Slekt og vener får følgje med på kvar vi er og noko av det vi opplever.  Det er også interaktivt – Ingeborg har halde oss oppdatert om korleis  livet har vore etter bryllupet, og Jostein svarte oss fort på spørsmål om nikkel.  No ventar vi på svar frå Tatjana i Russland – med spildernytt førarkort – om kva forbodsskiltet med bilde av bil med bål på taket, betyr.

 Bloggen vil bli avlsutta ei stund etter at ferien er slutt.  Då trur vi at vi har laga ei fin minnebok for oss som var med, og samstundes gjeve slekt, vener og andre interesserte ein bit av alt det spennande vi har sett, noko frå opplevalsane våre.

juli 21, 2007 at 8:33 pm 2 kommentarar

Bloggen vår er verdensberømt!

Fleire enn russisk TV er interessert i ferieturen vår.  Les Vikebladet Vestposten for i dag, 19. juli!  På førstesida er det henvisning til «Spreke hareidsdamer på tur til Murmansk» side 10.  Og halve side ti er om oss og bloggen vår!  Så no er bloggen verdensberømt!!

Bodil blei oppring på kafe i Rovaniemi – då ho akkurat hadde sett seg på do, og før dei tre andre damene hadde kome inn i kafeen.  Journalisten frå Vikebladet Vestposten var så hyggeleg å prate med at Bodil vart sitjande meir enn ein halvtime inne på do og prate.  Dei andre fann ikkje Bodil på kafeen, men sidan dobesøk er vanleg før ein et lunsj, høyrde dei at noko gjekk føre seg i eit avlukke.  Trass i beskjed om at «no har vi bestilt» kom ikkje Bodil ut.  Det førte til at dei tre andre sette seg ved anna bord enn Bodil hadde tenkt – bord med tilgang til stikkontakt – noko som kan vere viktig når batteriet på datamaskinen er halvtømt, og nye hotellrom og kanskje også flybillettar skal bestillast. 

I kveld kika vi på sida til Vikebladet Vestposten , og fann ikkje noko om oss der.  Vi hadde heller ikkje fått forventa meldingar eller telefonar frå Hareid om vår nye verdensberømte status.  Vi kjøpte dagens utgåve av avisa – og er veldig fornøgde med oppslaget.  Irene Hareide er verdens beste journalist, det syns vi!  Berre bruk anledninga til å få debitert mobilrekninga di med ekstra femten kroner, kjøp Vikebladet Vestposten og les den flotte reportasjon om bloggen vår!

Johanne les vikebladet

Johanne les Vikebladet på nett på kafeen i Ballstad

juli 19, 2007 at 9:22 pm 2 kommentarar

Oppdatering kjem

så snart vi får tilgang til internett.  Vi hadde ikkje tilgang i Pajala, og no ventar vi i Melbu på ferja til Lofoten.  Følg med….

Damene på tur

juli 18, 2007 at 7:48 pm 1 kommentar

Å køyre bil i Nordvest-Russland

Mange har sagt til meg at dei syns eg er så tøff som køyrer bil i Nordvest-Russland.  Det er tredje gongen no, og det har gått kjempefint alle gongane.  Nokre tips om kva ein kan gjere i nokre situasjoner, følgjer her:

1.  Grensepassering:  gjer som dei uniformskledde og dama i banken seier, så fort du kan.  Dei passar på deg, og du kjem ut att med forsikringspapir og betalte avgifter (ca 150 kr til saman) etter 17 ekstra underskrifter.  OBS:  chassissnummer heiter understellsnumer på vognkortet.  Dei uniformskledde blit litt irriterte viss du skal vite kva papira betyr, og det tar mykje lenger tid.

2.  Lesing av skilt:  sidan eg kan lese greske bokstavar, greier eg også dei fleste russiske.  Eg memorerer namnet på skiltet eg ventar, prøver å huske dei to første bokstavane, og når eg ser dei på eit skilt, der også lengda på namnet stemmer nokonlunde med det eg ventar meg, er det riktig. Sjå Monsjegorsk-eksempelet under.

namneskilt.jpg

Vi var heldige, og skulle ikkje til stader som begynte med bokstavar som eg ikkje kan lese.  Viss de ikkje kan lese russiske bokstavar, bør de altså ikkje køyre til stadar der dei to første bokstavane ikkje samsvarar med dei latinske bokstavane.

3.  Uskjønelege skilt.  Vi var berre ute for eitt:

trafikkskilt.jpg

Har de forslag?  Her er nokre av våre:  a) forbudt med jonsokbål på taket, b) forbod mot rakettutskyting frå biltak, c) forbudt å grille på biltak i fart

4.  Russisk versjon av automatisk trafikkkontroll:  Av og til møter du dette, gjerne i ein sving:

 fartskontroll2.jpg

Det er teikningar av politibilar på metall, forma som bilar

5.  Kva ein gjer når ein ikkje veit namnet på dit ein skal.  Vi greidde ikkje å finne vegkart i Kirkenes, og gløymde å prøve i Murmansk.  Så manøvreringa var etter kart over Skandinavia og Nordvest-Russland på side 358 i Lonely Planet-boka.  Alle skuleatlasar har meir detaljerte kart.  Då vi like etter Kandalaksja fann eit skilt der vi trudde vi skulle ta av mot Finnland, sto der ikkje Rovaniemi eller Kemijärvi som eg hadde venta.  Heller ingen andre kjende namn, trass i at eg kunne lese nesten heile dei tre namna som sto der.  Kva gjer du då?  Jau, ringer til det gode reisebyrået Flait i Murmansk, og spør kva namn som skal stå på eit slikt skilt.  Og dei svarar greit at det er Salla, og Calla står det på skiltet med russiske bokstavar. 

6.  Å fylle bensin var det einaste som nokre gonger var vanskeleg.  Å banke på stengde dører, og finne luka der andletet kom ut, få sagt frå om antal liter, og betalt, var ikkje vanskeleg:

betalebensin.jpg

Det einaste verkeleg vanskelege med å køyre bil i Nordvest-Russland er at det ofte ligg hundar på plassen framfor pumpene, og då torer ikkje eg å gå ut og stå og fylle bensin.  Det var godt at modige Tone var med og tok over og løyste den farlege situasjonen.

hund.jpg

Bodil 

Etterord om det uskjønelege skiltet:  Tatjana med det ferske sertifikatet fortel at skiltet betyr:  Transport av eksplosiver og lettantennelige stoffer forbudt. 

Vi meiner Ingeborgs forslag til kva skiltet skulle bety, var det beste: 

Skiltet betyr jo selvsagt at man må se opp for raketter som kan komme fra begge sider og eksplodere på biltaket??  Og slikt er jo selvsagt forbudt, da det kan avstedkomme meget ubehagelige situasjoner for folk i bil!

juli 17, 2007 at 3:35 pm 9 kommentarar

Kort oppdatering

 pakke bilen    Bilen pakka og klar til avreise frå Murmansk.

 

Etter ein lang laurdag i Murmansk spekka med sightseeing, handling og heime-hos-besøk, la vi av gårde søraustover i retning Kvitsjøen.   Etter litt virring rundt på den russiske taigaen fann vi til slutt alle byane vi hadde tenkt å besøke, pluss nokre til, pluss ein del som ikkje stod på kartet og som ikkje hadde namn.

Kort samandrag:  Samehovudstaden Lovozero var første mål, det var ein 8 mil lang avstikkar frå hovudvegen.   Planen var å ete lunsj på hotellet der, som i Lonely Planet guiden blir omtala som ”dowdy”, men skulle vere ferdig oppussa i 2006.  Litt overraskande å bli møtt på den ikkje heilt ferdige inngangstrappa av ein russar som snakka norsk.  Dessverre kunne vi ikkje få lunsj, for det var søndag og kokken hadde reist på fisketur.  Eigaren tilbaud seg å smørje på nokre skiver til oss, men myggen var heller plagsom både inne og ute, så vi foretrakk knekkebrød i bilen.  Han var likevel veldig hyggeleg og anbefalte oss å fylle bensin i nabobyen fordi kvaliteten der var betre.

bading 

Borna i Lovozero badar i elva og har det moro med å hoppe frå ei gamal bru.  Vatnet var sikkert kaldt, for dei måtte av og til opp og varme seg ved bålet.  Eller kanskje bålet holdt noko av myggen unna.

 

bål og bading

Revda vart difor neste stopp, og etter litt om og men fekk vi litt bensin.  Meir om detaljane rundt bensinfylling kjem seinare.

Tilbake på hovudvegen passerte vi Olenogorsk og deretter Monchegorsk, begge byar med tungindustri.  Når det gjeld forurensing og skada natur, er Nikel, som heile tida blir omtala i norske media, bere blåbær mot det vi såg her.  Mil etter mil med svartbrend jord og visna trestammar.  På strekninga forbi Monchegorsk kom det eit voldsomt skybrudd, så det var vanskeleg å få fotografere, og Bodil lurte på om ho burde få vaske bilen etterpå for ikkje å få skade på lakken.

skogdød ved Monchegorsk

Det var forresten denne byen Jens Stoltenberg reiste inn i uten gyldige papir i si tid, vart arrestert og nekta å fortelje at han var sonen til utanriksministeren for å sleppe lett unna.

Neste by var Apatity, og deretter opp i fjella til Kirovsk der vi hadde bestilt hotell for natta.  Ingen internettforbindelse, dessverre, men eit bra, gammalt luksushotell.  Søndagen var eit problem her og, så vi måtte på den lokale bowlinghallen for å få mat.

På mandag morgon såg vi oss litt omkring i Kirovsk, som i tilleg til industri også er eit vintersportssenter.

hoppbakken i kirovsk

Deretter nedatt til Apatity der vi leitte etter Leninstatua deira, men fann den ikkje.  Vi såg derimot ein Statoilstasjon der.  Heile byen og fabrikken vart bygd i 60-åra rundt utvinning av bergarten apatitt som dei produserar kunstgjødsel av.Nedatt på hovudvegen fortsatte vi søraustover mot Kvitsjøen og kom til Kandalaksja by inst i Kandalaksjagolfen i Kvitsjøen i middagstida.  Her er det gjerne ein del Brandølingar som har vore tidlegare, før det vart slutt på selfangsten i dette området. 

Her fann vi til slutt ein skapeleg kafe der vi fekk oss lunsj, – dei hadde til og med noko så «siviliseret» som pizza.   Etterpå gjekk vi i butikk for vi hadde nokre rublar att, og finskegrensa nærma seg. 

johanne kjøpte ikkje kåpe

Johanne prøvde ei lekker skinnkåpe, men ville ikkje kjøpe den trass i at alle vi andre var samde om at ho tok seg flott ut.  Sjå sjølv på bildet.

Deretter la vi i veg på siste etappe mot finskegrensa.  Skog, skog og atter skog, – nokre få reinsdyr vasa seg ut i vegen, – elles var det temmelig livlaust mellom kontrollpostane.  Grensepassering gjekk fint, og vi kom fram til Rovaniemi i ni-tida om kvelden finsk tid.  I skrivande stund veit vi ikkje om vi skal reise vidare til Kiruna i dag, eller om vi brukar resten av dagen her og reiser vidare onsdag. 

Etter Kiruna blir det nokre dagar i Lofoten.

Vi håpar å få opp meir detaljar etterkvart.

Helsing damene på tur

juli 17, 2007 at 2:46 pm Kommenter innlegget

Eldre innlegg


Arkiv

Kalender

mars 2023
M T O T F S S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031