Do

Så kom vi endeleg til den etterlengta doreportasjen.   Til forskjell frå sida om dorullbretting som det var posta link til tidlegare, har ikkje vi teke bilde av absolutt alle do vi var innom, – berre dei vi syntest utmerka seg på ein eller annan måte.  Og sjølv om der også er ein samanheng mellom måltid og bruken av do, blir det nok berre ei doside trass i at vi måtte ha to matsider for å få med alt vi syntest var verd å skrive om det emnet.  Mat er no uansett også det mest appetittelege av dei to emna.

Den første litt spesielle doopplevinga hadde vi i «brakkebyen» Titovka, som grovt sett består av brakker, do, og ein kafe, – når ein ikkje reknar med militærleiren i nærleiken.  Kafeen har vi skrive om før.  Doen hadde vi også høyrt litt om på førehand, men ikkje verre ting enn at vi meinte det måtte gå an å bruke den, – eller helst var det vel slik at det vi hadde høyrt pirra nysgjerrigheita såpass at vi bestemte at dette måtte vi berre få med oss.  Dessutan, – ein do er slett ikkje å forakte i noko tilfelle på desse lange aude strekningane.

doen i Titovka

Som de kan sjå, er ei heil brakke sett av til do.  Men det er ikkje berre ein do, – det er også ein arbeidsplass og eit utkomme for personen som eig og driv doen.  Doen er også godt og tydeleg skilta.

doen i Titovka inngang

Med det same ein kjem inn døra, er der ei billettluke.  I luka betalar ein 10 rublar til personen som sit der, og får så utdelt nokre papirtørk.  Så er det berre å finne seg eit avlukke, og gjere det ein må.  Vi trudde først at doen var i ferd med å stenge med det same vi kom inn, for det stod ein langkost på tvers i inngangen til avlukka.  Men det viste seg at det var kun fordi det var nyvaska og vått på golvet, så sikkerheita for kundane blir godt ivareteken. 

Men sjølv om her var både nye toalett og nyvaska og reint, var det likevel ikkje muleg å halde ute myggen, så inne summa det i alle krær, – og dessverre ikkje berre i krærne.  Så her gjaldt det å vere så snar ein kunne.  Var ein så uheldig å måtte bruke litt tid, var det viktig å vifte bak seg med jamne mellomrom slik at ikkje utyska fekk slå seg ned og utføre sitt ærend.

Det gjekk bra, og vi kom oss inn i bilen att ei erfaring rikare.  Vår veninne Tatjana i Murmansk fortalde sidan historia om doen i Titovka, og den var omtrent slik:

«Før var der berre ein gammal utedo.  Så kom ein nordmann forbi, og han måtte bruke denne doen.  Du veit at nordmennene brukar å ha lommeboka i baklomma, og då han drog ned buksa datt lommeboka med mykje pengar i ned i holet.  Han fann den ikkje igjen, og sjølv om hundre mann frå militærleiren leitte etter lommeboka, var det ingen som greidde å finne den att, for den låg minst 10 meter nede i dungen.  Etterpå vart det sett opp ny do i Titovka.»

Så kan ein berre spekulere om denne ukjende nordmannen kanskje var tilsett i Vegvesenet, og drog i nokre snorer der slik at det endeleg kom skikkeleg do i Titovka, – i tillegg til alle dei andre brakkene.  Eller kanskje vi helst skal la spekulasjonane bero så det ikkje blir endå fleire høns av denne fjøyra.

Hotellet i Murmansk hadde heilt ålreit do, så den har vi ikkje eingong bilde av.  På kafear og restaurantar rundt om i byen var det litt opp og ned med kvaliteten, slik det ofte er i byar.  Den som utmerka seg positivt, og var ganske underhaldande, var doen på Kafe Leto som vi skreiv om tidlegare.   Vi vart imponerte over den gjennomførte stilen, heilt ned til merka på døra:

 domerke leto

 Det mest underhaldande var nok fuglesangen som kan høyrast på videoen under:

Her er eit rolegare bilde av kaktusane:

kaktusar på do

I rommet  utanfor avlukka med stilige vaskar, såg ein rett ut på gata:

vaskar utanfor do

Og slik såg det ut frå gata utanfor:

Doen i Leto frå utsida

Ei ekstraordinær positiv oppleving, og som før nemnt, også gullande reint.

Då vi kom lenger inn på Kolahalvøya,var det nok litt varierande kvalitet.  Mest overraska, i positiv lei, var vi kanskje over kvaliteten på hotellet i Kirovsk, som slett ikkje er heilt nytt.  Ikkje at det var samaliknbart med Kafe Leto, men «normale» do, eller litt over, var unasett positivt etter nokre av eksemplara vi var ute for på vegen dit.

Dei fleste av dei såg nokolunde slik ut:

do på vegen

Dette eksemplaret var faktisk nokolunde reint, men det er ikkje behageleg å sitje uten ring, – dvs, – ein unngår helst å sitje når der ikkje er ring, og det kan vere litt travelt for den som ikkje er hankjønn.  Besøk på slike do blir derfor kanskje kortare enn behovet eigentleg skulle tilseie. 

Dette doet var heldigvis inne bak lukka dører, så det var iallfall ingen mygg som summa rundt og laga ekstra liv og røre.

vaskerom

Men litt liv såg der ut til å ha vore på vaskerommet utanfor.  Med det same vi kom inn,  lurte vi nesten på om dei hadde spelt inn ei mordscene her eller noko slikt, men kom fram til at det sikkert hadde eit eller anna med oppussing å gjere, – men akkurat kva forstod vi ikkje.

Som tidlegare nemnt, er det å finne ein do på desse strekningane eit pluss i seg sjølv, elles så blir det å nytte løysinga nedanfor:

vegkant

Vegkantane var frodige somme stadar, – det kan nok hende der vart gjødsla litt ekstra i ny og ne.  Greit nok i finever, litt verre i dei heftigaste regnbygene, men kanskje likevel å foretrekke framfor do av denne typen, som vi heldigvis ikkje var ute for.  Bildet er frå ein annan reiseblogg frå same området.

  

veikro

Vegkroer og andre stadar med «offentlige» toalett hadde eit spesielt system.  Trykk på knappen ved sida av døra (sjå til venstre i bildet), så låser betjeninga opp med ein knapp bak disken, og du kan gå inn.  Inne er der også ein knapp som du trykkjer på når du vil ut att.  Kva som skjer om straumen går mens du er der inne, fekk vi heldivis ikkje testa ut.

Toaletta var stort sett av same typen som vist lenger oppe, så det var ei stor lette å kome inn på Statoilstasjonen i Kandalaksja og endeleg sitje på eit do med ring igjen, – og  der var til og med papir.  Her hadde dei og det same trykknappsystemet som elles i området, men det blå narkotikalyset i taket var litt meir heimevant, – det var forresten det einaste vi såg av sitt slag på Kola.

Det var deretter ei stor forandring å kome til Finland og oppleve dobesøk der.

 do i rovaniemi

Handdusj på do, – ikkje verst.

rovaniemi vask

Stilig vaskestasjon med både såpe og papir.

potter i rovaniemi

Og til og med potter.  Småbarnsforeldre, – kva seier de til det?

Nesten unødvendig å seie at her også var reint og pent.  Det einaste som mangla var kanskje friske blomster, men vi var ikkje så storforlangende på dette tidspunktet.

I Sverige var der ingen spesielle do, – det vil seie, der var do, men ingen som merka seg ut slik at vi hugsar dei spesielt, bortsett kanskje frå doen på bensinstasjonen før grenseovergangen på Bjørnefjell.  Her var det slik betalingsdo med automat på døra som ein putta ein femmar på.  På alle slike betalingsdo går det an å stå utanfor døra og vente, for så å smette inn døra uten å betale idet nokon kjem ut.  Her var  det ein litt ny vri sidan betalingsautomaten var kobla til lyset inne på do. Den som betalte, fekk lys heile tida, men den som sneik seg inn etter at døra hadde vore åpna igjen, fekk lys i 10-20 sekund, og deretter vart det stummande mørkt, for der var ikkje vindauge.  Løysinga, bortsett frå å betale i automaten, var anten å gå inn fleire på ein gong og gjere frå seg etter tur, få nokon til å stå vakt utanfor så du kunne ha døra på gløtt, eller kjøpe seg ei lommelykt.  Dei kosta nok meir enn 5 kroner, men kva ofrar ein ikkje for eit prinsipp.  Var ein fleire i følge kunne det til og med lønne seg å la lommelykta gå på omgang.

Dessverre har vi ingen bilde herifrå.

Så kom vi til slutt ut i Lofoten.  Her var doa også stort sett ok, men eit par av dei merka seg ut på kvar sin måte.  I motsetning til somme stader i Murmansk, la dei ikkje alltid fingrane imellom når det gjaldt å merke avlukka:

kvinnfolkdass

Det gjeld å halde på rett-frå-levra-imaget.  Symbolet er i alle fall internasjonalt, så det var nok råd å forstå for alle kva slags rom dette var.

Den doen vi syntest var mest interessant her ute, var nok den vi fann attmed smia i Sund. 

 doen i sund

 Den framkalla minner om tidlegare tiders utedo, men utan lukta, avispapiret og flugene, – der var både vannklosett og reint og fint.

doen i sund inne

Det som kanskje framkalla dei fleste minna, var nok sprekken i døra.  Nokon synest kanskje at sprekk i døra er litt utrygt når ein sit på do, men det er nok dei som aldri har blitt innelåst av krapylsøsken som sette på kroken på utsida medan ein sat på do inne.

dørsprekk i doen i sund

Denne sprekken var akkurat passelig til å få ei fast samanbretta avisside inn imellom for å løfte opp ein eventuell påsett krok på utsida.

dørlås på doen i sund

Berre så synd at der ikkje var krok ute, men ei slå, – handsmidd sjølvsagt, og med skarv på.  Vel, det gjekk bra likevel, – det var ingen som fann på å låse att med folk inne, – ikkje som vi såg i alle fall.  Og alle søskena som var til stades var dessutan blitt vaksne og fornuftige no.

Men doen hadde fleire overraskingar:

pass deg

Dette skiltet var det første ein såg når ein stakk hovudet inn gjennom dodøra.  Kva for ein båt??

 båtkjøl

Svaret fekk ein med å følgje pila.  Taket var eigentleg botnen av ein båt, og kjølen stakk så langt ned at det var nok råd å slå hovudet for den som var over middels høg.

båtkjøl på sunddoen

båt på doen

Vi la også merke til den flotte handlaga glaslampen som hang på veggen:

lampe på doen i sund

Slik lampe var det nok ikkje på utedoen på Røyset.  

Ettersom vi kan hugse var der ikkje innlagt lys i det heile teke, men vi fekk lov å ta med ei lommelykt om kvelden når det var mørkt, – så det er slett ikkje framandt for oss å bruke lommelykt på do.

På dokkemuseet på Sakrisøy var gamle ting utstilt overalt.  Inne på do hang denne flotte plakaten:

sakrisøy do

Dei som hadde ansvaret for den aller siste doen i rekkja her, skulle kanskje hatt denne plakaten som ei påminning.  På ei ferjekai der vi venta ei stund på ferja, vart det nødvendig for ein i følget å bruke doen der, – og det hasta til og med.  Etter eit par minutt kom det ei fortvila telefonoppringing til oss som sat igjen i bilen: «Kan nokon kome hit med papir?»  Heldigvis hadde vi framleis kriselager med papir i bilen, så det vart gjort og situasjonen berga.  Her vart det også hugsa på å ta bilde før ein forlet slagmarka:

do på ferjekai

 Æsj!!

Her var visst ikkje mangel på papir i det store og heile, men det var ikkje rette sorten.  Litt synd å avslutte reportasjen med eit slikt eksempel, men endå meir synd at inngangen/utgangen til eit av dei finaste turistområda våre skal ha så vanstelte do.

Reklame

3 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  november 3, 2007 ved 8:48 pm

    Den som ventar på noko godt …
    Artige reportasje, men eg må seie at eg hadde nesten venta meg fleire «skrekkopplevingar» frå den russiske audemarka. (sjølv om eksemplet frå den andre reisedagboka mer enn kompenserer for dette …)

    Dersom nokon har sett den russiske filmen «Riaba – Høna mi» er der ei legendarisk do-scene, ikkje ulik nordmannen som mista lommeboka som de refererer til over. Med det same eg er inne på film og do-scener, så er der ei ganske surrealistisk scene, kvalmande inntil det estetiske, frå «den verste doen i Skottland» i filmen «Trainspotting». (Denne scena er forøvrig klipt ned i den amerikanske versjonen av filmen)

    Vonar dette ikkje blei for drøyt, men poenget mitt er at det virkar som at de trass alt har vært svært heldige med sanitærforholda.

    Svar
  • 2. 4murmansk  |  november 4, 2007 ved 7:05 pm

    Jau, vi var nok heldige som ikke kom over dei aller verste tilfella slik som i den andre bloggen. På den andre sida, så var der nokre veldig bra eksemplar, så gjennomsnittet skulle vel bli temmelig sivilisert, tenkjer eg.
    Kommentaren din hadde blitt teken av spam-vaktaren, derfor vart det litt seint før den kom opp.
    Eldrid

    Svar
  • 3. Bodil Røyset  |  november 13, 2007 ved 8:19 pm

    Flott reportasje, Eldrid. Hadde gløymt leiken frå barndomen med å setje kroken på do når nokon var inne. Kan hende eg ikkje var utsett for han sjølv sidan eg var eldst og kunne banke dei syndige sjeler som prøvde seg på slikt.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: