Kyrkjer og gravplassar

Dei fleste kyrkjene vi kom fram på såg ut til å vere realtivt nye.  Mange vart det framleis arbeidd på eller på området rundt kyrkja.  Unntaket var kyrkja i munkeklosteret i Petsjenga (gamle finske Petsamo). 

 munkeklosteret i Petsjenga

 Sjølve klosterinstitusjonen er frå 1500-talet, men dei noverande bygningane er frå 1700-talet.  Det har  nok blitt fiksa på i ettertid, blant anna med bølgjeblekk på alle tak.  Helligbrøde ville nok fleire enn riksantikvaren ha sagt, men dersom det er eit vere eller ikkje vere, er vel dette det minste” ondet”.  

klosteret i Petsjenga

klosteret i Petsjenga

Kyrkja låg bak eit plankegjerde, og det som no var att av klosteranlegget har blitt ”innebygd” av militære anlegg.  Rett ovanfor var kome eit stort krigsminnesmerke. 

Det skal kunne gå an å få kome inn og sjå kyrkja på innsida.   Framgangsmåten skal vere:  Gå opp trappa  og vis tydeleg at du vil inn.  Vent ved inngangsdøra.  Etter ei stund skal der kome ein munk og sleppe deg inn.  Hovudet må vere tildekka for å få kome inn, så det er lurt å ha med seg skjerf eller liknande.  Er du så heldig å få kome inn, blir det forventa at du anten gir ei gåve til kyrkja, eller kjøper nokon av korta eller ikona dei har til sals.Vi prøvde denne framgangsmåten, men vi kom ikkje inn, – muligens fordi det var messe akkurat då. 

Kyrkja vi såg i Murmansk låg fint til på ein liten haug for seg sjølv.  Sett frå haugen på andre sida av vatnet ved Alyosha-statua, lyste den godt opp mellom dei grå blokkene i bakgrunnen.  Drosjen vi leigde til sightseeing om laurdagen stoppa her, og vi fekk også kome inn og fotografere, sjølv om presten var i gang med messa, og sjølv om ingen hadde noko på hovudet.  (Der var ordensvakt i døra)

kyrkje i Murmansk

kyrkje i Murmansk

Denne kyrkja såg ganske ny ut, – uteområdet såg ikkje ut til å vere heilt ferdig.  Inne selde dei både lys, kort og små ikon. 

kyrkje i Murmansk

Dei andre kyrkjene såg vi berre frå utsida medan vi køyrde forbi.  I Apatity hadde dei bygd kyrkja nedanfor enden på hovudgata, så der såg vi kyrkjetårnet medan vi køyrde langs heile gata.  Siste vegstykket ned til kyrkja var derimot ikkje god, så vi avsto frå nærare inspeksjon, – vi måtte trass alt ha både bilen og understellet i eit stykke for å kome oss tilbake til Norge.

kyrkja i Apatity

Bortsett frå klosterkyrkja i Petsjenga var det berre kyrkja i Kandalaksja som var bygd av tre, – dei andre såg ut til å vere murbygningar. 

kyrkja i Kirovsk

Kyrkja i Kirovsk var ikkje heilt ferdig, – her jobba dei med uteområdet medan vi var der.

Kyrkja i Lovozero

Her er kyrkja i samehovudstaden Lovozero

kyrkja i Revda

og denne er i nabobyen Revda.

Kyrkja i Kandalaksja

Den siste kyrkja vi fotograferte var i Kandalaksja nede ved Kvitsjøen.

Gravplassar

Vi såg fleire gravplassar langs vegen medan vi køyrde over Kola.  Alle låg inni skogen, eller der var muligens planta tre på gravplassen som så hadde blitt ein skog. 

Nedanfor Kirovsk stoppa vi og tok nokre bilde frå gravplassen som låg der.  Dei fleste gravstøttene hadde inngraverte bilde av personen.  Eldre gravtøtter hadde påskrudde bildeplater, sannsynlegvis laga i ettertid.  Alle gravene var gjerda inne, nokre hadde port i gjerdet, andre berre ein åpning.  Mellom gjerda var det smale stiar så ein kunne gå fram til gravene som låg lenger bak. 

gravplass

gravplass sti

Innanfor gjerdet var der ein benk og eit lite bord.  På gravstøtta og rundt på innsida av gjerdet hang der blomsterkransar.  Skikken er at ved påske og pinse, og på dødsdagen til personen, samlast slekt og venner og har med seg vodka og mat og har piknik på grava.  Dei set og vodka og brød på grava.  Ganske mange av gravene var for unge menn, – nokre var i soldatuniform på bilda på støttene.  

gravplass piknikbord

gravplass unge menn

Eldrid

Reklame

2 kommentarar Add your own

  • 1. Asbjørn  |  juli 20, 2007 ved 3:35 am

    Veldig interessant, og lærerikt ikkje minst. Merkar at geografikunnskapane mine om NordRussland har vore temmeleg nær null. ( To og ein halv, for å vere meir nøyaktig. Visste om Murmansk og Kvitesjøen frå før, og har høyrt om Karelen, utan å vite kor det var. 🙂 ) Har prøvd meg på Google og Wikipedia her ombord, men måtte gi opp. Det tek for mykje konsentrasjon. Så vi må nok setje oss med kart og reiseskildring når vi kjem heim Eldrid. ( Gleder meg.) 🙂

    Helsing Asbjørn.

    Svar
  • 2. olav K  |  august 11, 2007 ved 7:16 pm

    enig med Asbjørn – veldigt lærerikt og utrulegt interresant -.. !!
    Takk — so langt . Vonar på meir !! ( kanskje burde de gitt «» turen ut «» i bokform ?? !!

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: