Mat

…. og drikke og kafear på Varangerhalvøya og Kola.

Mat er eit nødvendig onde, – eller gode, – uansett kvar ein er.  Når ein er på ein ferie som ikkje er campingtur i fjellet der ein må bere med seg absolutt alt, høyrer det nesten med å ete litt godt innimellom, – eller kvar dag, alt ettersom.

Vi har tidlegare nemnt både gode og mindre gode matopplevingar vi hadde, men for variasjonen sin del kunne vi ikkje skrive om mat heile tida, sjølv om vi åt kvar dag.

På denne sida blir det lite varisjon, her kjem det til å handle om mat, pluss litt om omgivelsane der vi åt maten.

På mange restaurantar er dei veldig flinke til å dandere maten , så måltidet blir både ei visuelt estetisk og kulinarisk oppleving.  Det er kanskje denne typen måltid som freistar mest til fotografering, men vi har også foreviga nokre av dei måltida som var litt meir «vanlege», pluss nokre av dei som vi åt berre fordi vi var svoltne.

Sidan vi vart ein dag forsinka på grunn av flyet som ikkje landa etter planen, rakk vi å ta ein køyretur nordaustover Varangerhalvøya og sjå oss litt rundt.  Planen var også å ete middag på restauranten Havhesten på Ekkerøy aust for Vadsø, som er kjend for å servere nydeleg kongekrabbe. 

 Havhesten restaurant på Ekkerøy

Dessverre var restauranten stengd akkurat denne dagen, så vi måtte snu og køyre tilbake til hotellet i Vadsø.  Der hadde dei og nydeleg kongekrabbe:

Kongekrabbe i Vadsø

Kongekrabbe, eller kamtsjatkakrabbe, flott dandert på hotellrestauranten i Vadsø.

Johanne og Eldrid valde kongekrabbe, medan Tone ville ha elgkarbonader, og Bodil berre måtte smake på torsketungene deira. 

Johanne og Tone i Vadsø

torsketunger i Vadsø

Bodil er glad i torsketunger.

Vi hadde så vidt byrja  å blogge før maten, så det ligg leidningar litt på kryss og tvers over bordet.  Dette var ganske vanleg ved ein del av måltida våre.

Frukost i feriehuset på Bugøynes morgonen etter, var medbrakte knekkebrød og ost.  Dei vart ikkje fotograferte, – merkeleg at vi ikkje tenkte på det.

Sidan vi så smått hadde planar om å ete lunsj i Nikel, vart det berre ein kort svipptur innom Kirkenes, men vi fekk tid til ein viktig ting før vi kryssa grensa, nemleg kjøpe med oss eit lager med flaskevatn.  Det var vi glade for mange gongar i dagane som kom.

På veg mot Nikel testa vi luftkvaliteten gjennom bilvindauget fleire gongar før vi tok endeleg avgjerd om å køyre inn i byen.  Like ved parkeringslassen låg der ein kafe, eller kanskje vi skal kalle den restaurant sidan der var både menyar og servitørar.  Men alt var berre på russisk, så det var ikkje så enkelt å vite kva vi skulle velge.

Bodil har erfaring for at dei fleste russisktalande servitørar kan i det minste to «internasjonale» ord: «schnitzel» og «chicken», så det vart kylling og snitsel på oss her. 

 Kyling i Nikel

Kylling, – junk food er junk food sjølv på restaurant.

 Snitsel i Nikel

Snitsel med same tilbehør som kyllingen.

I tillegg trudde Bodil ho visste kva Mimosasalat var, så vi bestilte eit par stykke av dei og.  Litt eventyrlyst må ein jo ha.

Mimosasalat

Mimosasalat

Salaten såg veldig delikat ut, det som ser ut som ei kvit rose er egg med eit tyttebær i midten, og osten såg også god ut, – berre at det var ikkje ost, men kål.  Det var slett ikkje så verst det heller, og ei god motvekt til det andre vi hadde bestilt.

Legg merke til dei flott danderte serviettane, – papir er dyrt i Russland fekk vi vite etterkvart, så papirserviettar vart behandla med den største oppfinnsamheit og respekt.  De får sjå litt meir om det seinare og.

Vidare austover vart det kaffistopp i Titovka.  Dette var ei oppleving som Bodil hadde bestemt at vi berre måtta ha med oss, og opplevinga var noko eigenarta, ja.

Titovka er i utgangspunktet ein kontrollpost på hovudvegen til Murmansk, med ei militærforlegning i nærleiken, men har no også blitt den russiske varianten av «Maja i Svingen», – kafeen på Åndalsnes der ein gong alle sjåførar stoppa for å ta seg ein kaffi og/eller matbit, pluss få utført andre nødvendige ærend. 

Det norske vegvesenet gav i si tid nokre brakker dei ikkje skulle bruke meir til det russiske vegvesenet.  Kva som i utgangspunktet var meininga dei skulle brukast til, er ikkje heilt klart, men no står dei i alle fall på rad og rekke i Titovka og fungerer som bustader med blomsterpotter og hageflekkar utanfor.  Nokre av dei har blitt kafe og bustad for kafevertinna med familie, og nokre har blitt innreidd til toalett for reisande, – meir om det når vi kjem til den etterlengta doreportasjen.

brakker i Titovka

Lange rekker med brakker bak parkeringsplassen til kafeen.

brakker i Titovka med hageflekk

Det blomstrar utanfor brakkene.

Kafe i Titovka

Kafe og bopel for kafeeigaren med familie.

Som de kan sjå er det skilta både på russisk og norsk, og vi kan også kjenne att reklameskiltet.  Dei to brakkene skiltet er festa til er kafedelen, resten fungerer som bustad.  Inne var det plass til to små bord i kvart av romma, pluss ein disk med nokre hyller bak, og med to eller tre fryseboksar pluss kjøle/fryseskap som stod og dura og gjekk, var det sikkert mellom 30 og 40 grader inne i kafeen. 

Inne på kafeen i Titovka

Kaffi/tepause inne på brakkekafeen i Titovka

Inne på kafeen i Titovka

Serveringa var enkel, men der var reint og fint stelt, og flott danderte serviettar her og (sjå ubrukte serviettar på bordet bak ved vindauget).   Vindauga hadde myggnetting, så dei kunne stå litt på gløtt og sleppe inn litt luft, utan at vi heilt merka den store effekten av det.  Trass i myggnetting også på utdøra, var det vanskeleg å hindre at ein og annan myggfante sneik seg inn kvar gong nokon gjekk ut eller inn.  Det vart difor litt uroleg å skulle sitje der lenge, så vi var vel forsynte med ein kopp på kvar, og greidde å kome oss i bilen att utan å bløyte ut t-skjortene altfor mykje.  Hadde det vore vinter, ville vi sikkert sett meir pris på temperaturen inne, og kanskje også blitt freista til å kjøpe ei lita sjokoladeplate frå hylla bak disken, – dei såg freistande ut no og, men etter ein aldri så liten realitetssjekk avgjorde vi at dei var sikkert ikkje fullt så freistande på innsida av papiret.

Vi nådde fram til Murmansk tidsnok til å få middag i spisesalen på hotell Poliyarnie Zori.  Det har vi skrive om i ein post tidlegare, som de kan sjå her.  Hovudsaka der var den feite laksen og potetene, som ikkje fall i smak etter ovannemnde lunsj i Nikel.  Men det må også seiast at vi fekk mykje god mat på hotellet, og sjølv om bruken av feitt og smør kanskje var i rikelegaste laget på enkelte rettar, var der mange magrare alternativ.

Frukosten var buffet, nokolunde slik som vi er vande med på norske og også ein del utanlandske hotell etterkvart.  Maten var god og rikeleg, med brød og rundstykke, diverse kjøt og ostepålegg, frukostblandingar, ei rad varmrettar av frukosttypen, frisk og tørka frukt, og ikkje minst nysteikte pannekaker.  Te, kaffi, mjølk, juice og tyttebærsaft kunne ein velge til drikke. 

frukost på poliyarni zori

Pannekaker og tørka frukt til frukost.  Teen var god, men enkelte posar av typen på bildet kunne vere vanskelige å åpne.

Der var litt meir rigid kontroll av frukostgjestane enn ein er vande med på våre lokale hotell, men slik må det vel vere i ein storby.  Ein av servitørane stod i døra og kryssa av på romnummera etter kvart som gjestane kom.  Enkelte av servitørane snakka til og med norsk, noko som kom vel med sidan mange skandinavar brukar dette hotellet.  Medan han eller ho stod der i døra, bretta og danderte vedkomande serviettar så dei var klar til å setje på borda.  Desse var alltid i flott viftemønster som minner om fuglane som dei russiske krigsfangane i si tid laga og ga vekk i bytte for mat, og som Johanne hadde eit eksemplar av då ho var yngre.

serviettar

Flott danderte serviettar.

russisk fugl

Slike fuglar laga dei russiske krigsfangane i Norge.

På hotellromma var der kjøleskap fullt utstyrt med diverse drikke, men litt plass til overs for noko av pålegget og drikken vi hadde med oss.   For å få plassere alt, måtte vi ta ut noko av det som alt stod der.  Tone var skeptisk, for ho hadde høyrt at på enkelte hotell i Japan hadde dei mikrochips på alle flasker i minibaren, noko som gjorde at flaska vart registrert som brukt med ein gong ein tok den ut av kjøleskapet.   Vi andre tvilte på om dei var fullt så sofistikerte i Murmansk, så vi tok sjansen på å ta ut ei flaske så vi kunne få plass til yoghurten.  Men det var nok ikkje så lurt å undervurdere russarane, for flaska kom på regninga sjølv om vi hadde sett den innatt i skapet like heil og uåpna.  Vi var glade for at vi trass alt hadde vore litt forsiktige og ikkje rydda ut av heile kjøleskapet.

vannflakse på poliyarni zori

Vannflaska stod oppå TVen til vi sette den innatt i kjøleskapet, – men til inga nytte.

Hotellet hadde også ein lunsjbuffet som vi nytta oss av ein gong.  Då betalte vi kontant i døra, og kunne så forsyne oss med det vi ville av varme supper og andre rettar, salatar, brød, og framleis nysteikte pannekaker.

Rødbetsuppe på Poliyarni Zori

Rødbetsuppe og pannekaker.

Kålsuppe på Poliyarni Zori

Kålsuppe må ein nesten også smake når ein først er i Russland.  Den var god.

Grønsaker

Lunsjbuffeten hadde rikeleg med grønsaker.

Vi prøvde oss også på andre restaurantar i Murmansk.  Ein kveld gjekk vi på aserbadjansk restaurant for å prøve mat frå Kaukasus.  Her snakka dei ikkje mykje anna enn russisk, så det var godt at Irina var med og kunne forklare kva vi ville ha.  Ideen var å få eit måltid med mange smårettar som alle kunne dele, – nesten som ein liten buffet, og som blir brukt til festmat, blant anna i bryllup såg vi då vi passerte eit festlokale på hotellet om laurdagen.  Rettane kom på bordet litt etter litt, utan særleg fancy dandering, og vi åt etterkvart som dei vart sette fram.  Det vart difor ikkje noko bilde av lekker mat, men her kan de sjå eit rasert festbord:

på aserbadjansk kafe

Restar av eit festmåltid, – det einaste som framleis er dekorativt er serviettane.

på aserbadjansk kafe med god mat frå kaukasus

Alle vart stappmette.

Maten var nydeleg god, grilla lammekjøt og svinekjøt med masse forskjellige grønsaker.

Vatnet var som tidlegare antyda ikkje særleg godt her, – ikkje eingong Bonaqua flaskevatn som brukar å vere bra.  Perrier var brukande, men det var ikkje alle plassar dei hadde det, så det gjekk mykje i brus til maten for dei som ikkje var så glade i vin.

kaukasusmat utan drikke

På denne restauranten hadde dei ikkje anna brus enn Cola, og det er ikkje Johanne så veldig glad i, så her var det flaskevatnet frå handveska, opprinneleg frå Kirkenes, som vart redninga.

Restauranten på hotell Meridian går for å vere ein av dei beste i Murmansk, så den måtte vi sjølvsagt prøve.  Dit gjekk vi den kvelden både Irina og Tatjana var med oss.  Her var ein rikhaldig meny, både på russisk og engelsk, så det var berre å velge og vrake.  Ikkje at det var så enkelt akkurat når der var så mykje å velge imellom, så vi enda opp med forskjellige rettar for alle saman, – og då var det spennande å sjå maten etterkvart som den kom på bordet.

Grilla laks på Meridian

Eldrid er glad i laks og ville gje laksen i Murmansk ein sjanse til.  Denne var perfekt.

Kreps og blekksprut på meridian

Tatjana bestilte kreps og blekksprut.

pepperbiff på Meridian

Tone ville ha pepperbiff.  Ho ser veldig fornøgd ut med resultatet.

Bak Tone kan de sjå kokkane som handterte grillen:

Grill inne i restauranten på Meridian

Grillen var plassert inne i restaurantlokalet.

Burger på Meridian

Johanne bestilte ein slags burger, – det syntest ho var akkurat passe porsjon…..

Tiramisu

…for då fekk ho plass til ein gedigen tiramisu-dessert etterpå.

Irina sin tiramisu

Det ville Irina ha og, – dei ser verkeleg gode ut.

kokoskake på Meridian

Bodil fekk ei lekker kokoskake til dessert….

ostekake

og Tone kosa seg med ostekake.

All maten her var topp, men alle var samde om at stolane ikkje var gode å sitje på, – det gjaldt forresten også for den aserbadjanske restauranten vi besøkte tidlegare.  Veit ikkje om det er med vilje slik at folk skal gå fortast muleg etter dei har ete for å gi plass til nye gjestar, eller kva….?  Røykarane i gruppa vår tok lengre og lengre pausar, og nokre av oss vart sitjande i sofaen i resepsjonen i staden for å gå innatt etter nødvendige dobesøk.  No høyrest dette litt ut som klage frå bortskjemde turistar, men det burde ikkje vere nødvendig å måtte reise seg frå bordet med bortdovna føter på det etablissementet som har ambisjonar om å vere beste restauranten i Murmansk, – og det trass i at fleire av oss har ganske god naturleg polstring.

Apropos røyking, – det såg ut til å vere lovleg stort sett overalt.  Unntaket var i frukostsalen på hotellet, men i same salen var det tillatt ved middagsserveringa, og det vart røykt overalt både i gangane og resepsjonen.   Her i landet vil vi gjerne tru at lovpålagd røykeforbud er med på å endre haldningar ang. å ta omsyn til sine ikkjerøykande medmenneske, men vi såg ikkje anna enn at norsktalande gjestar røykte like friskt innomhus som alle dei andre nasjonalitetane gjorde, så her er nok ein lang veg å gå enno.  Men berre så det er klart; – røykarane «våre» var flinke og gjekk alltid ut.

Nokre kafear hadde røykfrie soner, og dei fleste vi var på hadde også god lufting, så problemet var ikkje overveldande.  På kafe Leto, den «berømte» lunsjrestauranten vår, sat vi til og med i røykesona utan at det var særleg sjenerande.  Kanalar for lufting var bygd inni det smakfulle interiøret.

Kafe Leto juice

Luftingsrør går ned frå taket i restauranten.

Kafe Leto har vi fortalt ein god del om tidlegare, – sjå denne posten, – men det er eigentleg vanskeleg å slutte å snakke om den.  For oss som sat lenge på kafe, var det ein nytelse med dei behagelege sofaane, og kjempegod service.  Johanne talde servitørar og elles personale som jobba der, – inkludert garderobevakten som var temmeleg arbeidslaus på varme og fine dagar, – såg på prisane og lurte på korleis dei fekk det heile til å gå rundt.  Våre russiske veninner meinte nok at prisane var i stivaste laget, så det var nok helst ein kafe for dei som hadde litt pengar mellom hendene.  Vi var godt stilte i så måte med våre norske kroner.

Den mest populære retten var nok krabbene gratinert i tertedeig, den vart bestilt fleire gonger på forskjellige dagar:

gratinerte krabber i tertedeig

Tone nyt terte-krabbene sine.

Etter Murmansk bar det ut i «provinsen», og det vart litt meir spennande kva muligheiter vi ville få når det gjaldt matservering på vegen mot Kvitsjøen.  Som tidlegare fortalt, kan tilgangen på mat verte begrensa av at kokkane også må ha tid til å fiske, eller åpningstidene på forskjellige etablissement kan vere veldig avgrensa. 

Vegkroer kan vere ei løysing i slike tilfelle, og det har dei også på Kola i nærleiken av somme bensinstasjonar.  Vi havna på ei vegkro nær Olenogorsk, som vi fann ut kunne vere brukande. 

 Veikro i Olenogorsk

Vi ventar på maten.

 Språket var eit problem, så vi måtte ty til Bodil si standardløysing, men her forstod dei ikkje ordet snitsel, så det vart kylling til alle saman.

Kyling på veikro

Kylling servert på veikro nær Olenogorsk.  Ikkje full så feit pommes frites som i Nikel, og salaten var ganske god.

Johanne på veirko

Johanne strevar med korken på limejuicen.

At papir var dyrt fekk vi sjå tydelegare her.  Serviettane var framleis fint oppsette, men kvar av dei var klipte i fire delar:

serviett på veikro

Ikkje så mykje hjelp i å dele serviettane i fire, – omsynslause og illojale turistar treng berre fleire delar til å gjere same nytten.

I Kirovsk hamna vi på den lokale bowlinghallen sidan dei ikkje serverte middag på hotellet om søndagane.  Her kosta det 50 rublar (12 -13 kroner)  i inngangsbillet for kvar person, der var fire dørvakter nede i inngangsdøra, og to gjestar utanom oss då vi kom opp i hallen der serveringa var.   Her var også alle menyar berre på russisk, og ingen snakka eller forstod noko anna heller, så det vart standardløysing igjen.  Her forstod dei snitsel, så det vart bestilt. 

 snitsel i bowlinghallen

Snitsel servert i bowlinghallen, – ikkje så stor skilnad frå kyllingen vi fekk tidlegare på dagen.

Men Johanne ville ikkje ha så masse mat etter kyllingen ho hadde ete tidlegare på dagen, så ho lukkast med å mime «brød og salat», og det fekk ho.

Brød og salat i bowlinghallen

Johanne nyt brød og salat.

Bodil bestemte seg på flekken at ho skulle lære seg nokre russiske mat-ord før neste besøk i Russland.  Men vi vart mette denne kvelden og, og fekk også litt tid til å oppdatere fellesrekneskapet vårt for mat og overnattingar.  Dette var vel også den einaste plassen der vi såg tydeleg at personalet stakk hovuda saman og kikka i smug (trudde dei) på dei merkeleg gjestane.  Det var nok sikkert ein roleg dag skulle ein dømme utifrå talet på gjestar.  Vi såg ingen som bowla på den tida vi brukte å ete.

i bowlinghallen

Vi ventar på maten i bowlinghallen i Kirovsk.

Vi hadde endå ei matoppleving til gode i Kirovsk: frukosten på hotellet der vi overnatta.  Her var det litt anna system enn i Murmansk, – vi måtte gå i resepsjonen og få ein frukostbillett, som så vart levert til servitørane.

Spisesalen var i same stil som roma, gedigen med mykje raud plysj og sateng, og alle gardinene var trekt føre så der var halvmørkt i heile rommet. Nokre av oss trudde først at vi hadde gått feil og var komne inn i nattklubben deira eller noko sånt, men det var nok rette plassen.

Frukostsalen i Kirovsk

Bodil ved frukostbordet.

Frukost i Kirovsk

Frukostrasjonen i Kirovsk

Frukosten bestilte ein utfrå ein meny med fire-fem alternativ, som var berre på russisk.  Servitørane snakka heller ikkje noko anna enn russisk, så det vart å velge eit av alternativa og håpe på det beste.  Over kan de sjå eit av alternativa, i tillegg var der ein kopp kaffi eller te, og eit glas juice.  Ville ein ha ei ekstra brødskive eller påfyll med te eller kaffi, måtte ein betale ekstra.  Vi var også litt uheldige med bordplasseringa, for «vår» servitør var ikkje særleg blid eller imøtekommande.  Vi får tru ho berre hadde ein dårleg dag, for hos alle dei andre vi traff der var det berre smil og hjelpsamheit.

Det siste måltidet vi åt i Russland var lunsj på ein kafe i Kandalaksja.  Lokalet såg ut til å vere ganske nymåla i blått og gult, og dei hadde ein vanleg kafedisk der vi kunne sjå maten og peike på det vi ville ha.  Det same med det rikhaldige utvalget med drikke som var utstilt bak disken, – heldigvis var der også mange valg som passa for sjåførar og andre avholdsfolk.

på kafe i kandalaksja

På kafeen i Kandalaksja.  Framleis flotte serviettbukettar, og rikeleg med drikkevarer.

Ser de godt etter, kan de også sjå at dei har eit ikon over døra til kjøkkenet, – veit ikkje kvifor det hang der, men maten var god. Dei hadde til og med pizza her, og det fann vi ut passa bra til lunsj. 

ikon over kjøkkendøra

Ikon over kjøkendøra…..

kafe i kandalaksja med tv på veggen

… og TV på veggen.

På veggen hang der også eit flatskjerm-TV som sende nyheiter om jordksjelvet i Japan.  Kafe Leto i Murmansk hadde også slik TV på veggen, men der sende dei non-stop moteoppvisning med masse glamour og vrikkande modellar, – det passa nok betre til interiøret der.

På kafeen her hadde vi også oppteljing på resten av rublane våre, bestemte kor mykje vi måtte ha til bensin, og så handla vi for resten før vi drog vidare mot Finland.

Denne sida har no blitt ganske lang, så vi lyt nok til med ei ny side om maten i og på veg ut mot Lofoten.  Der var det også mykje godt og spennande å finne.

Reklame

Éin kommentar Add your own

  • 1. Jostein  |  september 9, 2007 ved 6:43 pm

    Kylling og schnitzel, ja. Eg kom til å tenke på då eg var på interrail med to studiekameratar i 1992 og havna i Poznan i Polen. Vi hadde nokre opplevingar i same gata når vi dro på fin restaurant utan å kunne polsk. (Vi prøvde å mime «vatn», men enda opp med å bestille cola.) Lettelsen var ganske stor når vi, i ein meny med minst 50 rettar med framande namn, fann ordet «stroganoff». Såvidt eg kan hugse stemde den retten vi fekk servert brukbart med forventningane, og var uansett kjempegod.

    Så var det dette med drikke, eg siterer frå teksta over:
    «På denne restauranten hadde dei ikkje anna brus enn Cola, og det er ikkje Johanne så veldig glad i»
    De må jo forstå at dette er det einaste rette alternativet, de var då trass alt på Cola-halvøya!

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: