Meir mat

No har vi alt skrive ganske mykje om maten på Kola, så det ville nesten vere litt diskriminerande å ikkje nemne maten vi fekk då vi kom lenger vest.  Så for å vere rettferdige, må vi nok til med endå ei side med matprat.

Sjølv om Bodil kunne tyde dei russiske vegskilta med å kjenne att dei to første bokstavane og så gjette resten utfrå lengda på ordet, fungerte ikkje dette systemet så bra på dei russiske menyane, så det kunne bli vel mykje «standardløysing» på dei mindre «turistifiserte» stadane der dei ikkje forstod engelsk.

Det var difor ganske kjekt å kome til Rovaniemi i Finland og finne menyar på engelsk att, og ein ting var sikkert: ingen hadde lyst på verken kylling eller snitsel. 

På Restaurant Martina hadde dei ein rikhaldig meny, og Bodil var overlykkelig over å finne ei rad med lekre smårettar: sniglar, blekksprut, skjel og mange andre slags kukkelurar.  Vi andre tre, som ikkje er slett så eventyrlystne i matveien, hadde nok kanskje heller bestilt kylling eller snitsel igjen om der ikkje hadde vore anna enn dette på menyen, men det var der heldigvis.

Sniglar i Rovaniemi

Sniglar i kvitløksaus på Restaurant Martina i Rovaniemi. 

Blekksprut i Rovaniemi

Blekksprut og friterte løkringar.

Kvitløksausen til sneglane smakte vi andre på og, og den var faktisk ikkje så verst.  Bodil syntest nok at «ikkje så verst» var ein altfor svak karakter.

Sik

Eldrid ville ha fisk igjen, og denne gongen vart det sik.  Det var ein fiskesort ho ikkje hadde smakt før, og den var faktisk kjempegod.

Pasta

Johanne hadde ikkje ete pasta på lenge, så det vart bestilt her.  Ho vart nok bra mett av denne porsjonen her.

pepparbiff

Tone fekk endleg setje tennene i ein saftig pepparbiff igjen.

Restaurant Martina var eit innbydande alternativ, og låg sentralt til attmed gågata og ikkje langt frå ein parkeringsplass.  Den vart difor også lunsjrestaurant og base under handleturen neste dag,  sidan der var både internettforbindelse og god mat.  Vi hadde sikkert også enda opp med å ete middag der ein gong til hadde det ikkje vore for at vi måtte til Pajala for å vaske kle.  Dit kom vi seint på ettermiddagen/tidleg kveld, så vi fekk akkurat ordna med nøkkel til hytta der vi skulle bu før vi snudde og køyrde ut på jakt etter mat.  Det var ikkje enkelt, – det eine etablissmentet etter det andre viste seg å vere stengt for kvelden, eller var i ferd med å stenge.  Til slutt enda vi på Frasses Hamburgerbar, – dei hadde 10 minutt til stengetid, men freste likevel opp fire ladningar med pommes frites, pølser og hamburgerar.

hamburgerbar

Vi ventar på maten på Frasses Hamburgerbar i Pajala

Ein liten nedtur frå Martina i Rovaniemi, – ikkje så mange kukkelurar å oppdrive på Frasses, – men humøret var på topp likevel.  Vi hadde fått opplyst då vi bestilte hytte at her var «hämskt litet mygg» i Pajala, og det stemde bra, så vi kunne faktisk sitje ute på terassen ei stund i etterkant.  Mens praten gjekk kom vi inn på ein del familiehistorier av den typen som berre blir meir og meir morosame  etter som åra går, så vi fekk ein del rare blikk av forbipasserande under dei mest hysteriske latterkulene.

På vegen vidare ut mot Lofoten dagen etter, hadde vi lunsjstopp i Kiruna.  Det høljeregna, så det vart å springe inn på ein av dei kafeeane som låg nærast parkeringsplassen.  Dette viste seg å vere ein kafe av «utenlandsk» type med ein meny som kanskje var eit hakk eller to meir eksotisk enn McDonalds.  I det minste var menyen på svensk, så det var muleg å vite kva dei fleste rettane var, men vi vart ikkje like godt opplyste om størrelsen på porsjonane.  Vi trudde dei innbakte pizzaane var passande for ein person.

kiruna

Den innbakte pizzaen kunne nok metta meir enn ein person.

innbakt pizza i Kiruna

Johanne var stille fortvila over størrelsen på porsjonen.

Reservoar av oppsamla serviettar og plastposar i handveskene kjem vel med i slike tilfelle, for å la halve pizzaen ligg att på tallerken kjem ikkje på tale, – spesielt sidan dei var gode på smak.  Så dei vart med i bilen vidare ut i Lofoten og overlevde eit par overnattingar der før dei vart fortærte.

For vi svalt ikkje i Lofoten heller, – langt derifrå.

På Melbu har dei kafe på hotellet ved fergekaia som reklamerer med «middag medan du ventar på ferga».  Det prøvde vi, men det var blitt kveld før vi kom dit, så utvalget av hurtigmiddag var ikkje stort på det tidspunktet, – det vart solide norske kjøtkaker i brun sos.  Dei kom ikkje med på noko bilde, dessverre, men det er nok ikkje noko stort sakn sidan alle veit korleis dei ser ut likevel.

Etter at vi hadde innstallert oss i rorbu på Ballstad, brukte vi mykje kafeen og restauranten i resepsjonsbygget deira.  Her var alt fole maritimt: alle borda var plater som var lagt oppå tønner, – det var til og med saga hol i platene så toppen av tønnene stakk opp av bordplata.

bord på tønner

Johanne les avis i kafeen på Ballstad.  Ser de godt etter under nabobordet bak, kan de sjå tønnene det står på.

toppen av tønna

Toppen av tønna var fyllt med skjelsand, og gamle garnsøkkjer var underlag for telysa.

rekning på skjel

Når måltidet var slutt, fekk ein presentert rekninga på eit tomt kamskjel.

Her ute i havgapet ofra Bodil sniglar og slikt til fordel for torsketunger, – kvar som helst vi kom i Lofoten bestilte ho torsketunger dersom dei i det heile fanst på menyen, men som regel ikkje meir enn ein gong for dagen. 

 torsketunger

Torsketunger på kafeen i Å

 Johanne likte godt fiskesuppe, og prøvde forskjellige eksemplar av denne retten rundt om i Lofoten. 

 fiskesuppe

Johanne smakar på fiskesuppa på kafeen i Å.

Elles hadde dei kvalkjøt på menyen enkelte stader, og det måtte sjølvsagt prøvast etter gammalt.  For oss som vart oppfostra på forskjellige variantar av sild, Grønlandstorsk og kvalkjøt, er det kanksje den sistnemde som vekkjer dei beste «smaksminna».  På menyane her heitte det forresten «hvalbiff», og namnet gjenspegla seg også i produktet: det var tillaga som biff, med separatkokt rødvinssaus og det heile.  Ikkje heilt den gode kvalkjøtsmaken som vi hugsa, men godt likevel.

kvalkjøt

Kvalkjøt som biff, her på kafeen på Ballstad.

laks i å

Eldrid måtte smake på laksen i Lofoten og.  Denne vart servert på kafeen i Å og var nydeleg god.

biff

Biffen ute i Å var også god…..

svinemedaljong

… og det same var svinemedaljongane vi fekk på hotellet på Leknes.

fisk på leknes

Her hadde dei verken torsketunger eller kukkelurar, så Bodil tok til takke med denne fiskeretten.

blåskjel

Men ho tok det att då vi kom til Svolvær, – her hadde dei nydelege blåskjel.

Elles var vi veldig godt fornøgde med besøket vårt på restaurant Fiskekrogen då vi var i Henningsvær,  – her og hadde dei nydeleg mat og god service, og dei tok også kaka når det gjaldt oppdekning og bruk av mange kjørel per rett. 

fiskekrogen

Frå restaurant Fiskekrogen har ein god utsikt til aktivitetar på hamna i Henningsvær.

fiskesuppe i henningsvær

Johanne syntest fiskesuppa her var den beste av dei ho smakte i Lofoten.  Eldrid syntest også den var veldig god.

kyllingsalat

Tone var også veldig fornøgd med kyllingsalaten.

tapas på fiskekrogen

Bodil slo til med ein tapasrett.

Bodil kunne ikkje hugse nøyaktig kva som var i tapasretten, så ho skreiv ein email til restauranten og fekk ganske raskt svar tilbake:

«God ettermiddag. 

Tapasretten inneholdt:  Kokossuppe m. salt kjøtt,  Ostekake av krepsehale,  Syltet torsk,  Torskekaviar,  Geitekjøtt.

Hyggelig at dere likte maten på Fiskekrogen»

Vi bestilte også dessert, og den har vi skrive om tidlegare i denne posten.

Elles må det seiast at vi åt ikkje berre lunsj og middag.  På mange av musea og verkstadane vi besøkte, hadde dei kaffi og vafler til salgs.  Vafler er generelt godt, men alle var samde om at vaflene i Nusfjord var dei aller beste.  Johanne prøvde å lokke oppskrifta frå kafevertinna, men ho holdt på løyndomen med eit lurt smil.

vafler i sund

Kaffi og vafler på kaia i Sund.

At verkstader og museum har kafear tilgjengeleg, set vi pris på.  Her kunne vi kvile føtene, nyte ein kaffi eller tekopp, og samstundes fundere litt over kva vi eventuelt ville kjøpe av det vi hadde sett.  På Glashytta og keramikkverkstaden på Vikten , var kafeen innreidd som ei vanleg stove, og med mange av kunstgjenstandane utstilt på hyller og i vindauge.  Her var også hyller med bøker ein kunne kike i.

viktenkafe

På Vikten kunne ein bla i fine bøker og nyte gode kaker og kaffi eller te.

gulrotkake og te

Dei hadde nydeleg gulrotkake, og teen vart servert i eigenproduserte koppar.

I Kabelvåg hadde dei også nytta mange gamle gjenstandar som møblar eller dekor.  Der var også glaskarmar fulle med bøker som ein kunne lese i, så her var det råd å sitje lenge for dei som ville det, – eller for dei som ufrivillig datt nedi ei av bøkene.

kabelvåg

Høvelbenken har blitt databord på kafeen i Kabelvåg.

klerulle

Her kan dei også rulle dukane sine.

Frukostane har vi ikkje sagt så mykje om på denne sida, – dei varierte frå medbrakte knekkebrød på sengekanten på ungdomsherberge til noko meir heimleg oppdekning på kjøkenbordet på rorbua, der også måltidet ofte vart kombinert med å brenne cd-ar med bilde.  

Siste frukosten i lag åt vi derimot på hotellet ved Tjeldsundbrua.

frukost på Tjeldsund

Her var matsalen prega av at vi nok ikkje var så langt frå Bjørnefjell.

Bjørnunge serverer

I eine enden av rommet stod utstoppa bjørnungar med serveringsfat….

bjørnunge med honningkrukke

… og honningkrukke i Ole Brumm-stil.

Elles var mange av veggane i rommet dekorert med mange skinn og hovud av diverse bjørnar, ulvar og andre dyr.

Heilt til slutt, kveldsmat på Vassenden:

kveldsmat på vassenden

Ei fin avslutning på turen.

Kva vekta sa då vi kom heim? 

 «Derom tier historien»

Reklame

Éin kommentar Add your own

  • 1. Asbjørn  |  september 26, 2007 ved 5:38 am

    Ja, no fungerte det skikkelig. Kanskje er det noko med instillingane på Windows Vista, for det var på den nye maskina i styrehuset eg ikkje kom innpå denne sida. Her på mi eiga maskin, med Windows xp virka alt normalt. Så no har eg lese heile sida, og skal legge meg å sove, og glede meg til middagen her ombord. Såg kokken hadde fått opp ein bakke med hysefilet i byssa, så det vert nok ein god middag her og ( som vanleg ).
    Asbjørn

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: