Minnesmerke

Krigsminnesmerke såg vi overalt, og dei såg ut til å vere viktige, også for folk flest.

alyosha

alyosha nær

Det mest synlege var nok Alyosha-statuen i Murmansk.  Det er ei 30 meter høg statue av ein soldat (den ukjende soldat) på ei høgde ovanfor byen, og er det første ein ser i synsranda når ein kjem køyrande mot Murmansk.   

Statuen er eit minnesmerke over dei som fall i ”Den Store Patriotiske Krigen” (2. verdenskrig), og er vend mot ”ærens dal” der fleire viktige slag stod i denne krigen.  Framfor statuen heng blomstarkransar heile tida (kunstige blomster), og der brenn ein ”evig eld”.  Denne blir no berre tend ved spesielle høve, for det blir for dyrt å la den brenne heile tida.

På eine sida av statuen er det sett opp minnesteinar for ”heltebyane”, dvs. byar som gjorde spesiell stor motstand under andre verdenskrig, – der var 13 slike byar som hadde fått minnestein.

heltebyar

Tre av «heltebyane»: Murmansk, Leningrad og Odessa (klikk på bildet for å få fram heile)

 kø med brudeparbrudepar legg ned blomster 

Det er vanleg for brudepar å kome hit opp og legge ned ein blomsterbukett ved dette minnesmerket på bryllaupsdagen sin.  Den laurdagen vi var oppe var elden tend og der var ”kø” av brudepar som kom i dette ærendet, og for å ta bilde og skåle i champagne.  Brudebilane var flott pynta med ringar og blomsterrankar, – ingen skramlande blekkboksar der i garden.  Oppe ved statuen hadde det samla seg ein del tenåringar.  Dei strekte snor over vegen når brudebilane kom køyrande ut att frå plassen, og brudeparet måtte gi dei gåver for å kome forbi.

champagneglas 

Nokre hadde med seg fine glas å skåle i…..

chanpagne i plastglas

.. medan andre nøgde seg med plastbeger.

  brudebil pynta   fotografering   ungdomar stenger vegen for brudeparet

Flott pynta brudebilar, og avansert foto- og videoutstyr.

Det aller første krigsminnesmerket vi kom til, låg i Petsjenga.  Dette var og eit minnesmerke over ”Den store patriotiske krigen”,  som vi er vane med å kalle Andre verdenskrig. 

petsjenga

petsjanga

Eit anna stort monument låg i Litsa-dalen.  Her gjekk Litsa-fronten, ein stillingskrig som varte frå 1941 til 1944.  Dei russiske soldatane som slost ved denne fronten, vert rekna som dei største heltane frå ”Den store patriotiske krigen”, og går alltid først i dei viktige paradane i Moskva.

litsamonument

litsa 2

Tusenvis var begravde på markene rundt om i dalen.  Frosten gjer at lika kjem oppatt i dagen litt etter kvart, så framleis har dei ofte re-begravelsar i området her.  Markene lyste grønt på lang avstand innimellom fjell og krattskog då vi kom køyrande ned mot dalen. 

grøne marker i Litsadalen

Dei såg velstelte ut på nært hald, men de var ingen gardar eller hus å sjå i nærleiken, så vi lurer framleis på kven som steller dei.  

minnesmerke i Murmansk

Minnesmerke inne i Murmansk over politifolk som har blitt drept i teneste.

Inne i Murmansk var der fleire forskjellige minnesmerke i parkar rundt om i byen, også for offer for ”Foreign Intervention” i 1918-20 (det som vi kallar den russiske borgarkrigen i 1918).  Fleire av minnesmerka var for omkomne sjøfolk.

Elles såg vi mange støtter og blomsterkransar langs vegane når vi køyrde.  Nokre markerte viktige krigshendingar, men også trafikkoffer hadde fått sine kors og kransar. 

 Kirov i Kirovsk

Vi såg også nokre eksempel på statuer av kjende menn.  Kirov er her fotografert i Kirovsk, – som han altså har gitt namn til, og det kan sjå ut som han skal seie: ”Her skal byen ligge”.

Lenin i Kirovsk

Kirovsk hadde også ein Leninstatue.  Vi leitte også etter Apatity-versjonen av Lenin, men fann den ikkje.  Derimot fann vi denne varianten i ein bakgard i Murmansk:

Lenin i Murmansk

Det var ikkje berre i Russland vi såg statuer av kjende menn.  I byen Pello i Finnland kom vi over denne statua: 

mentyranta

Det er muligens berre vi som følgde med på sporten på 60-talet som hugsar Eero Mäntyranta, – han gjekk veldig fort på ski og slo fleire nordmenn. 

I Lofoten såg vi ikkje så mange statuer utanom kunstverka knytt til Skulpturlandskap Nordland som vi har lage ei eiga side om.  Unntaket var i Svolvær, der denne statua stod på kaia:

Jack Berntsen

Det er ei statue av musikaren Jack Berntsen.

Den berømte Fiskarkona står ved innseilinga til byen, og sidan vi både kom og reiste derifrå i bil, fekk vi dessverre ikkje sett denne statua.

I Henningsvær hadde vi kanskje forventa å finne ein statue av deira ektefødde bysbarn Lofottorsken, men det såg vi ikkje.

Reklame

2 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  juli 22, 2007 ved 4:45 pm

    Alt de har fått med dykk! Kjempefin oversikt. Fann de ut alt dette undervegs eller har de lest dykk opp i førevegen?

    Ein liten detalj: «Den store patriotiske kigen» blir omsett til «2. verdskrigen» to gangar og «den russiske borgarkrigen» ein gong. Var det to store patriotiske krigar, eller er der ein skrivefeil i stykket?

    Så må eg be om orsaking for vankunna, men kven var Kirov?

    Svar
  • 2. 4murmansk  |  juli 22, 2007 ved 6:32 pm

    Beklagar feil lenking, Jostein, og takk for at du såg det.. Det gjekk litt fort i går. Har retta det opp no. Vi veit litt, vi les Lonely Planet og internett, og ikkje minst hadde vi strålande guidar i Murmansk.
    Eg hugsa ikkje anna om Kirov enn at han var viktig medlem av politbyrået både under Lenin og Stalin. No har eg lagt lenke.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: