Nye sider om skulpturlandskap og barnekunst

Bodil har posta ei eiga side med nokre av betraktningane våre rundt dei fire skulpturane frå prosjektet Skulpturlandskap Nordland som vi såg i Lofoten.

Sjå eigen link øvst på sida.

Tillegg:  side om barnekunst er også komen opp no.  Link oppe på sida.

juli 31, 2007 at 9:45 am Kommenter innlegget

Å vere bloggfotograf..

…var kjempekjekt.  Kva tid elles har ein ei så god unnskyldning for å fotografere absolutt alt ein ser?  Eller iallfall nesten alt.

Det ideelle ville vore at vi kunne stoppa slik at eg kunne fotografere ordentleg alle motiv eg hadde lyst til, men det var nok ikkje gjennomførbart i praksis.

For det første ville vi ikkje ha kome særleg langt i løpet av dei par-tre vekene vi hadde til rådevelde. 

For det andre: mange stader var det ikkje muleg å vere ute av bilen meir enn 10-15 sekund før ein var så omsverma av mygg at det var ganske umuleg å konsentrere seg om fotografering.

Løysinga vart å fotografere frå bilen, som oftast i fart, og med enkelte små stopp der bilen vart posisjonert slik at det var bra utsikt til motivet gjennom sidevindauget, som så vart rulla ned akkurat så lenge at eg kunne knipse eit par-tre bilde.  Oftast medførte dette ein større eller mindre myggjakt inne i bilen i etterkant, eller dersom vi var i område der vi kunne køyre litt fort, kunne vi bruke diagonalluftingsmetoden, som vi hadde funne var den mest effektive: venstre framvindauge og høgre bakvindauge opnast samstundes under fart, la blåse 10-30 sekundar, gjenta med høgre framvindauge og venstre bakvindauge om nødvendig.  Vi oppdaga dette reint tilfeldig då to diagonalt motsette vindauge vart opna samstundes og ein bunke papir i bakvindauget plutseleg flagra rundt i heile bilen, – det gjorde dei ikkje med alle vindauga opne, som var den metoden vi hadde brukt tidlegare.

Dersom det ikkje regna (mykje), kunne eg og fotografere gjennom ope sidevindauge i fart. Buskas, skilt og gjerde nær vegen blir berre striper i fart, men litt fjerne motiv kan bli ganske bra, forutsett at utsikten ikkje blir hindra av nettopp buskas, skilt eller gjerde. 

 Autovern

Autovern var ein pest og ein plage for fotografen.  Her med slagghaugar utanfor Olenogorsk i bakgrunnen.

Kunsten er å halde eit lite auge framover vegen, sjå kvar det kanskje kjem ein åpning i buskene, og så vere klar å knipse akkurat der.  Samstundes må eg også ha eit lite auge på kamera for å sjå at eg får inn motivet eg er ute etter, og nokolunde beint, – det er god hjelp i ein litt stor LCD- skjerm i dette høve.  Endå eit lite auge må vere på vegkanten på utkikk etter greiner eller liknande som kan slå borti kameraet (hugs å stramme kamerareima godt rundt handleddet i tilfelle det glepp ut av handa), og det fjerde vesle auget kikar på vegstandarden med tanke på eventuelle humpar (Til lenger inn på Kola vi kom, til sikrare var det at der var humpar).  Det er betre å knipse rett før ein hump enn rett etterpå, dersom ein då har utsikt til motivet, for det tek litt tid å roe bevegelsane etter ein hump og då kan sjansen vere forbi.  At kameraet fokuserer raskt og også tek bildet relativt raskt etter at utløysarknappen er trykt ned, er definitivt ein fordel.

Butikk på skrå

Butikken i Lovozero kom litt på skakke.  Litt skrå bilde kan heldigvis fiksast på datamaskina i etterkant.

butikk i Lovozero fiksa på maskina

For å få fotografere det som er framfor og på venstre sida av bilen, må ein oftast ty til å fotografere gjennom rutene.  Desse bilda blir nok ikkje fullt så klare.  Det er naudsynt å stille kamera inn på landskapsfotografering slik at det ikkje fokuserar på sjølve ruta.  For å unngå speilbilde i ruta er det lurt å fjerne alle lyse ting på dashbordet, og det er også ein god ide å ha på seg litt mørke kle. 

landskap med veg

Vegstrekning på den russiske taigaen.  Ein lapp og luftehol i dashbordet speglar seg i ruta, og det byrjar å bli ganske tett med merke etter insekt.

Etterkvart som frontruta får meir og meir flekkar av insekt, eller regndropar, er det stor sjanse for at desse kjem med på bildet.  Somme tider kan det vere virkningsfullt i bildet, men som regel er det uønska.

regn og trolsk lys

Trolsk lys med regndropar i Lofoten

dogg på ruta ute

I Lovozero var det så varmt og fuktig ute at frontruta dogga på utsida når klimaanlegget stod på inne i bilen.

Ei ekstra utfordring blir det å fotografere medan vindaugsviskarane går.  I tillegg til å halde auge med motiv og åpningar i landskapet, må eg også beregne at kamera skal fokusere og ta bildet akkurat når vindaugsviskaren er i ned-stilling.  Med litt trening, gjekk dette ganske bra.

vindaugsviskar i vegen   vindaugsviskar nede

Ikkje slik, men slik som til høgre.  Klikk for større bilde.

På veg ut frå Apatity mot Kirovsk.

Endå meir avansert blir det når telefonen ringer, – då må alt kameraarbeidet skje med ei hand.  Eit lite og lett kamera er eit «must» i slike tilfelle.

Knipse i bil med ei hand

Asbjørn ringde nesten kvar dag, ofte medan vi køyrde.  Då måtte fotograferinga skje med ei hand, og med motviljuge pausar for å kvile fotofingeren.

Elles gjekk mesteparten av fotograferinga føre seg utanfor bilen, – det var mange andre saker som skulle «dokumenterast» enn landskap, byar og hus, blant anna mange av toaletta vi var innom.

damedoen i Sund

Her blir damedoen i Sund foreviga, – det kjem nok ein eigen reportasje om do.

Kvar kveld eller oftare vart bilda lasta inn på datamaskina, og vi gjekk gjennom for å plukke ut det vi ville ha på bloggen sånn i første omgang.

blogging på Ballstad

Bodil og eg bloggar inne på kafeen på Ballstad

Det vart ganske mange bilde tilsaman, og dei skulle eg helst ha med meg heim.  Mange frukoststunder vart difor brukte til å brenne cd-ar med foto.

Brenne cd til frukost

Nokre av fotoa her er det åpenbart ikkje eg som har teke.  Både Tone og Bodil fotograferte, og Johanne filma ein god del.

Johanne filmar

Johanne ute i landskapet for å posisjonere seg for filming.

Hauk over hauk

Her er det hauk over hauk: Eg har fotografert at Tone fotograferer Johanne som filmar slippen på Ballstad

Turen er nok godt dokumentert ja.

Eldrid

Reklame

juli 29, 2007 at 5:34 pm 3 kommentarar

Så er eg heime att….

.. og har pakka ut bagasjen, fått den første runda med klevask på snora, sortert posten, skumma nokre av lokalavisene, henta mail og sletta bøttevis med spam, og har sylta og frose brettet med jordbær som eg kjøpte med meg på heimvegen.

Så no er det berre å vente på at postpakken eg sende frå Lofoten med glas og keramikk, godt pakka i bobleplast og skitnekle, skal kome fram. 

Det står også att å føre over dei siste bileta frå kamera, sjekke at alle cd-platene med bilde kopiert frå maskina til Bodil fungerar, og halde endeleg oppteljing på alle fotoa.

Så må eg bruke litt tid på å fordøye og filosofere litt over alle intrykka, sjå om dei kan grupperast i emne og oppdatere med nye sider på bloggen.

Og sist, men ikkje minst: klø ferdig alle myggstikka.

Eldrid

babusjka with the big boobies

Mykje rart dukkar opp frå bagasjen.  Her er Babusjka «with the big boobies».

juli 27, 2007 at 9:41 pm 4 kommentarar

Heimtur

Vi tok farvel med Bodil på Evenes tysdagsmorgonen.  Ho skulle no køyre nordover til Hammerfest medan vi skulle sørover, først til Gardermoen, og deretter vestover i Tone sin bil.  Ho var så grei å ta ei litt sørlegare rute så Eldrid kunne sitje på til Vassenden og hente bilen sin der.  Til gjengjeld skulle Tone og Johanne få overnatte der.

Då vi tre var komne til Lærdal, var Bodil komen til Alta, og hadde til og med hatt to sovepausar på tilsaman tre timar.

På Vassenden i Jølster diska Ingunn opp med kveldsmåltid som er vel verd å kome i «Michelinguiden» vår: nydeleg pastasalat, tomat-og mozarellasalat, skinke og potetsalat, ost, kaviar…..  og stort utvalg av te med ordentleg kokt vatn, – alt servert på Rosina Wachtmeister-servise.  Vi forsynte oss godt, trass i at vi hadde hatt pølsepause i Lærdal, – telefonen med advarsel om pølsepauseforbud kom akkurat litt for seint.

Kveldsmat på Vassenden

Ingunn hadde sett alle klutar til for å kome i «Michelinguiden» vår

Praten gjekk til seint på kveld, og det var uvant å sjå at det faktisk vart mørkt ute.

Tone og Johanne hadde planlagt handletur til Førde neste dag, men så fekk Johanne telefon om at der var gjestar i anmarsj på Røyset, så ho ville fortast muleg heim og «lage til». 

Sommaren kan vere ei hektisk tid.

juli 27, 2007 at 9:05 am Kommenter innlegget

Kan æg få bomm en røyk hos dæ?

sa jenta som kom bort til bordet vårt i på ferja mellom Fiskebøl og Melbu.  Det var Tone ho snakka til.

– Korleis veit du at eg har røyk? spurde Tone

– Søstra mi såg at du røykte på kaia, ho ser alt sånt.  Vi er tom for røyk og har ikkje pengar til å kjøpe.   Vi er på ferie med mamma, og ho er så gjerrig at ho gir oss ikkje pengar til noken ting.   

Johanne sin kommentar er grei:  Viss du ikkje har pengar til å kjøpe tobakk, så burde du heller slutte å røyke, eller iallfall jobbe så du får dine eigne pengar.

– Han pappa veit at eg røyker, og eg brukar å få pengar hos han. 

Tone lo, og jenta fekk rulle seg ein røyk. 

– Kan eg få rulle ein til søstra mi og? 

På dette tidspunktet hadde komikken nådd eit slikt nivå at det gjekk nesten ikkje an å nekte det, så søstra fekk røyk og. 

Til gjengjeld fekk vi lov å blogge om hendinga.

rulle røyk

Etterskrift

På oppfordring frå eldstesøstra (ho som ser alt), følgjer her bilete av begge søstrene, jf kommentar ho har skrive til dette innlegget.

jenter-pa-baten.jpg

Ho bekreftar Ingeborgs antagelse om at dei hadde krangla om kven som skulle spørje om røyk.  Bodil kjenner igjen eldstesøsterknepet med å få dei yngre til å gjere dei pinlege og vanskelege oppgåvene.  Det er greit å sjå at skikken blir ført vidare i nye generasjonar.  Vi set og pris på at dei likar bloggen vår. 

juli 26, 2007 at 10:05 am 2 kommentarar

Lofoten er grøn og cerise..

..og blå og lilla og gul, og er full av galleri, turistar og andre framande fuglar:

Esel i Lofoten

Utifrå det vi hugsar frå bibelsoga meinar vi at denne høyrer heime i Jødeland.

Vi visste at Lofoten har masse høge fjell og mange små og større fiskvær, og til og med ei og anna sandstrand, men vi visste ikkje at Lofoten er så grøn, og har store vidder med jordbruksbygder.

Fjella i Lofoten er knallgrøne

Tjern med knallgrøne fargar

Her er saftige grønfargar som ein kan få vatn i munnen av sjølv om ein ikkje er sau, og Eldrid har knipsa og knipsa, og tært på tolmodet til dei andre turdeltakarane.

– Kva skal du ta bilde av her? var spørsmålet då ho ville stoppe ved tjernet over.

– Ser de ikkje dei flotte grønfargane?

– Ja, det er no gras, seier Tone.

Johanne, som også har reist i Afrika, kjedar seg litt og filosoferar frå baksetet: Skal tru om her er krokodiller?

Etterpå var alle på utkikk etter grønt gras, og ga beskjed til Eldrid: Her er gras til deg.

Geiteramsen blomstrar over alt, – langs alle vegkantar, og her er til og med heile atteleger med geiterams, så det lyser i cerise farge kvar ein snur seg.

Meir geiterams

Spark på sommarføre

Spark på sommarføre

Vi har besøkt mange galleri og museum.  Favorittane var nok glashytta på Vikten og dokke-og leikemuseet på Sakrisøy.  Eldrid såg att Annedokka si der, og Tone såg ei dokkevogn ho har hatt maken til.  Der var også bilar og andre leiker.

Frå glashytta på Vikten

Glashytta låt utruleg flott til, og hadde myke flott som freista.

annedokka

Annedokka i midten bak.

Vi hadde rorbu på Ballstad rett overfor slippen med dei berømte veggmaleria av Scott Thoe, – verdens største ifølge brosjyrene.  Den måtte vi sjølvsagt også ha med:

slippen på Ballstad

Slippen på Ballstad, detalj

Dette blir skrive på ein kafe i Svolvær.  Vi er no på heimveg og skal flyge til Gardermoen tysdag føremiddag.  Ein utruleg innhalsdrik tur nærmar seg slutten.

juli 23, 2007 at 2:32 pm 1 kommentar

Konkurranse! Fine premiar til dei tre beste!!

 Eldrid dokumenterer

Kor mange bilde har Eldrid teke på turen?  Ho har sytt for at turen vår er veldokumentert.  Turen varer frå 9. til 25. juli.  Tips:  Kortet i apparatet hennar er på 1 GB, og det har hendt at ho har måtta tømme det meir enn ein gong i løpet av dagen.  Ein videosnutt blir talt som eitt bilde, og ho har teke 3-4 små snuttar i løpet av turen.  For at det skal bli premie, må svara vere innanfor ein feilmargin på +/-  100 bilde.

De deltar i konkurransen ved å legge kommentar til denne posten. 

Frist for svar er 15. august.   Resultatet blir kunngjort like etterpå, og då kjem premiane snart.

Resultatet er kunngjort her.

juli 23, 2007 at 1:44 pm 9 kommentarar

«Ooooo dokke…

jorbær 

….sjå på dei tallerkane», utbraut Johanne då jorbærdesserten kom på bordet på kafeen i Henningsvær.  «Tenk på all oppvasken»

Dette siste utløyste ei stor latterkule hos dei andre som var sessa rundt bordet: «Men mamma, det er ikkje du som skal vaske opp!»

Enkelte ryggmargsrefleksar sit godt fast sjølv om ein er på ferie.  Ved nærare ettetanke så har ho eigentleg rett: det er sløsing med plass i oppvaskmaskina å bruke så store tallerkar til så lite mat, og tre kjørel til dei to små pralinane. 

Men det er vakkert å sjå på.

praliner

juli 21, 2007 at 9:16 pm 2 kommentarar

Gamle kjerringar og data

er ikkje alltid like enkelt.  I går fekk vi ikkje opp nettverket på kafeen, og etter å ha sjekka ei stund, gjekk vi og sa frå om det til han som styrer med data der.  Han trudde ikkje på oss.  De må søke etter nettverk og så koble opp, fekk vi beskjed om.  Det har vi gjort, svarte vi, og får ingen nettverk.  Vi trur nettverket ditt er nede. 

Nei, det er i orden, de må klikke på…osv.  Ja vi har gjort det, og får ikkje inn nettverk. 

Har de sjekka om nettverksporten er open? Det var ein mann her i stad om hadde lukka nettverksport.  Ja, vi har sjekka, og den er open. 

Har du sjekka om det kan vere konflikt med bluetooth.  Ja, bluetooth er stengd.  

Har du prøvd å reparere nettverksfobindelse? Ja, og eg får ikkje opp noko nettverk  Vi trur nettverket ditt er nede. 

Så måtte mannen sjølv sjekke maskinen vår og gjere alle dei tinga han hadde spurt om vi hadde gjort. Konklusjon:  Det må vere noko feil med maskinen din!  Vi fortalde han at eg hadde vore på nett med den maskina på stadar som Casablanca, Lakselv, London; Murmansk, Paris, Ulsteinvik, og seinast kvelden før på hans eige nettverk, og det var ingen grunn til  å tru at den skulle ha skjedd noko med maskina.  Så gjekk han og henta sin eiga maskin, og fann ut at nettverket var nede. 

Vi er på ingen måte dataekspertar, men vi har brukt desse maskinene sidan IBM S/36, brukt PCar som ikkje hadde harddisk, der vi måtte lagre på diskettar, og datamaskinar der vi lagra på lydband. Vi har hatt maskiner som åpna seg i DOS, der vi måtte skrive inn ”win 3.1” for å kome inn i windows.  Vi har brukt  086, 286,386 og 486, før vi fekk Pentium, Intel Centrino og no har Intel Centrino Dual. 

bodil datar

Unge menn, ver så snill:  når tjukke damer som nærmar seg 60 år dragsar på berbare datamaskiner, så tru ikkje at dei er dataidiotar.

juli 21, 2007 at 8:40 pm 2 kommentarar

Ferie med blogg er annleis enn vanleg ferie

Vidar Lund gav oss ideen, jf hans feriebloggar

Vi merkar at vi har noko anna fokus.  Når vi ser noko, opplever noko, eller ler til noko,  så kjem ofte ”dette må vi blogge om” i etterkant.  Kanskje 5% av desse episodane hamnar på bloggen.  Typisk er slik som for eit øyeblikk sidan då vi kom til Sund i Lofoten:   Smeden skal akkurat begynne å lage ein skarv, Eldrid blir tilkalt så ho kan dokumentere prosessen, som kanskje kjem på bloggen.  Vi må tilstå at dokumentasjonen nokre gonger har gått utover opplevelsen. Som de ser, har det også ført til at vi ser etter ulike tema: kyrkjer og gravplassar, monument… fleire kjem.   Vi føler oss og forplikta vil å vere meir nøye med fakta i forteljingane våre enn vi ville vere ved vanleg ferieforteljing.  

Det har også nokre gonger vore kjedeleg for Tone og Johanne om kvelden når Eldrid og Bodil arbeider med bloggen.  Eldrid fotograferer mest, og Tone fotograferer noko.  Eldrid sit kveldane og klargjer bilete.  I Russland sat ho ofte til 2-3-tida om natta og arbeidde med bilder og blogg.Sidan vi ikkje hadde gjort dette før, lærer vi etterkvart.  Eldrid oppretta bloggen før vi dro, og la inn fint bakgrunnsbilete, som Bodil greidde å slette.  Vi har planar om å organisere bloggen betre, men manglande internettilgang har forseinka det prosjektet. Ein eigen usynleg treningsblogg er oppretta til det føremålet.   Følg med, sjå korleis vi klarer å gjere bloggen vår betre. . 

Eldrid bloggar

Internettforbindelse er ei anna problemstilling. I Russland var det berre hotellet som hadde slikt utstyr.  I Rovaniemi fann vi ein restaurant med internettforbindelse og meny som vi likte godt, og då vart vi verande der, og valde vekk Alvar Aalto-bygga deira.  Vi var skuffa over manglande internett i Pajala.  Lofoten er heller ikkje velutstyrt.  No las vi i Dagbladet i går om nytt mobilnettverk som blir bygd ut, og som kanskje løyser noko.  Til dessar, ber vi alle lesarar om å stille seg bak kravet om trådlaus internett med høg fart over alt i heile verda.   

Mest av alt, er ferieblogging hyggeleg.  Vi får så mange postitive tilbakemeldingar frå dokke som les bloggen, både som kommentar og via SMS.  Slekt og vener får følgje med på kvar vi er og noko av det vi opplever.  Det er også interaktivt – Ingeborg har halde oss oppdatert om korleis  livet har vore etter bryllupet, og Jostein svarte oss fort på spørsmål om nikkel.  No ventar vi på svar frå Tatjana i Russland – med spildernytt førarkort – om kva forbodsskiltet med bilde av bil med bål på taket, betyr.

 Bloggen vil bli avlsutta ei stund etter at ferien er slutt.  Då trur vi at vi har laga ei fin minnebok for oss som var med, og samstundes gjeve slekt, vener og andre interesserte ein bit av alt det spennande vi har sett, noko frå opplevalsane våre.

juli 21, 2007 at 8:33 pm 2 kommentarar

Eldre innlegg Nyare innlegg


Arkiv

Kalender

mai 2023
M T O T F S S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031