Bloggen vår er verdensberømt!

Fleire enn russisk TV er interessert i ferieturen vår.  Les Vikebladet Vestposten for i dag, 19. juli!  På førstesida er det henvisning til «Spreke hareidsdamer på tur til Murmansk» side 10.  Og halve side ti er om oss og bloggen vår!  Så no er bloggen verdensberømt!!

Bodil blei oppring på kafe i Rovaniemi – då ho akkurat hadde sett seg på do, og før dei tre andre damene hadde kome inn i kafeen.  Journalisten frå Vikebladet Vestposten var så hyggeleg å prate med at Bodil vart sitjande meir enn ein halvtime inne på do og prate.  Dei andre fann ikkje Bodil på kafeen, men sidan dobesøk er vanleg før ein et lunsj, høyrde dei at noko gjekk føre seg i eit avlukke.  Trass i beskjed om at «no har vi bestilt» kom ikkje Bodil ut.  Det førte til at dei tre andre sette seg ved anna bord enn Bodil hadde tenkt – bord med tilgang til stikkontakt – noko som kan vere viktig når batteriet på datamaskinen er halvtømt, og nye hotellrom og kanskje også flybillettar skal bestillast. 

I kveld kika vi på sida til Vikebladet Vestposten , og fann ikkje noko om oss der.  Vi hadde heller ikkje fått forventa meldingar eller telefonar frå Hareid om vår nye verdensberømte status.  Vi kjøpte dagens utgåve av avisa – og er veldig fornøgde med oppslaget.  Irene Hareide er verdens beste journalist, det syns vi!  Berre bruk anledninga til å få debitert mobilrekninga di med ekstra femten kroner, kjøp Vikebladet Vestposten og les den flotte reportasjon om bloggen vår!

Johanne les vikebladet

Johanne les Vikebladet på nett på kafeen i Ballstad

juli 19, 2007 at 9:22 pm 2 kommentarar

Vi er no i Lofoten..

og har overnatta på eit bualoft natt til i dag.  No har vi fått ei rorbu på Ballstad der vi får vere til mandags morgonen. 

 ballstad ved midnatt

Midnatt i Lofoten

I dag har vi køyrt litt rundt og sett  på all den flotte naturen og idylliske fiskevær, – blant anna var vi sør til Nusfjord. Veret er bra: litt kjølig nordavind med sol, litt skyer og enkelte regnbyger oppe i fjella, – og velsigna fritt for mygg.

Her er tilgang til internett på kafeen, så vi får oppdatere litt etter kvart, og vi har også fått bestilt oss flybillettar heim i neste veke.

Der er framleis mange inntrykk frå turen over Kola som vi held på å bearbeide.  Nytt i dag er ei side om kyrkjer og gravplassar, – sjå linken oppe på sida.

trappa  opp til bualoftet

Trappa opp til bualoftet

juli 19, 2007 at 6:19 pm Kommenter innlegget

Oppdatering kjem

så snart vi får tilgang til internett.  Vi hadde ikkje tilgang i Pajala, og no ventar vi i Melbu på ferja til Lofoten.  Følg med….

Damene på tur

juli 18, 2007 at 7:48 pm 1 kommentar

Å køyre bil i Nordvest-Russland

Mange har sagt til meg at dei syns eg er så tøff som køyrer bil i Nordvest-Russland.  Det er tredje gongen no, og det har gått kjempefint alle gongane.  Nokre tips om kva ein kan gjere i nokre situasjoner, følgjer her:

1.  Grensepassering:  gjer som dei uniformskledde og dama i banken seier, så fort du kan.  Dei passar på deg, og du kjem ut att med forsikringspapir og betalte avgifter (ca 150 kr til saman) etter 17 ekstra underskrifter.  OBS:  chassissnummer heiter understellsnumer på vognkortet.  Dei uniformskledde blit litt irriterte viss du skal vite kva papira betyr, og det tar mykje lenger tid.

2.  Lesing av skilt:  sidan eg kan lese greske bokstavar, greier eg også dei fleste russiske.  Eg memorerer namnet på skiltet eg ventar, prøver å huske dei to første bokstavane, og når eg ser dei på eit skilt, der også lengda på namnet stemmer nokonlunde med det eg ventar meg, er det riktig. Sjå Monsjegorsk-eksempelet under.

namneskilt.jpg

Vi var heldige, og skulle ikkje til stader som begynte med bokstavar som eg ikkje kan lese.  Viss de ikkje kan lese russiske bokstavar, bør de altså ikkje køyre til stadar der dei to første bokstavane ikkje samsvarar med dei latinske bokstavane.

3.  Uskjønelege skilt.  Vi var berre ute for eitt:

trafikkskilt.jpg

Har de forslag?  Her er nokre av våre:  a) forbudt med jonsokbål på taket, b) forbod mot rakettutskyting frå biltak, c) forbudt å grille på biltak i fart

4.  Russisk versjon av automatisk trafikkkontroll:  Av og til møter du dette, gjerne i ein sving:

 fartskontroll2.jpg

Det er teikningar av politibilar på metall, forma som bilar

5.  Kva ein gjer når ein ikkje veit namnet på dit ein skal.  Vi greidde ikkje å finne vegkart i Kirkenes, og gløymde å prøve i Murmansk.  Så manøvreringa var etter kart over Skandinavia og Nordvest-Russland på side 358 i Lonely Planet-boka.  Alle skuleatlasar har meir detaljerte kart.  Då vi like etter Kandalaksja fann eit skilt der vi trudde vi skulle ta av mot Finnland, sto der ikkje Rovaniemi eller Kemijärvi som eg hadde venta.  Heller ingen andre kjende namn, trass i at eg kunne lese nesten heile dei tre namna som sto der.  Kva gjer du då?  Jau, ringer til det gode reisebyrået Flait i Murmansk, og spør kva namn som skal stå på eit slikt skilt.  Og dei svarar greit at det er Salla, og Calla står det på skiltet med russiske bokstavar. 

6.  Å fylle bensin var det einaste som nokre gonger var vanskeleg.  Å banke på stengde dører, og finne luka der andletet kom ut, få sagt frå om antal liter, og betalt, var ikkje vanskeleg:

betalebensin.jpg

Det einaste verkeleg vanskelege med å køyre bil i Nordvest-Russland er at det ofte ligg hundar på plassen framfor pumpene, og då torer ikkje eg å gå ut og stå og fylle bensin.  Det var godt at modige Tone var med og tok over og løyste den farlege situasjonen.

hund.jpg

Bodil 

Etterord om det uskjønelege skiltet:  Tatjana med det ferske sertifikatet fortel at skiltet betyr:  Transport av eksplosiver og lettantennelige stoffer forbudt. 

Vi meiner Ingeborgs forslag til kva skiltet skulle bety, var det beste: 

Skiltet betyr jo selvsagt at man må se opp for raketter som kan komme fra begge sider og eksplodere på biltaket??  Og slikt er jo selvsagt forbudt, da det kan avstedkomme meget ubehagelige situasjoner for folk i bil!

juli 17, 2007 at 3:35 pm 9 kommentarar

Kort oppdatering

 pakke bilen    Bilen pakka og klar til avreise frå Murmansk.

 

Etter ein lang laurdag i Murmansk spekka med sightseeing, handling og heime-hos-besøk, la vi av gårde søraustover i retning Kvitsjøen.   Etter litt virring rundt på den russiske taigaen fann vi til slutt alle byane vi hadde tenkt å besøke, pluss nokre til, pluss ein del som ikkje stod på kartet og som ikkje hadde namn.

Kort samandrag:  Samehovudstaden Lovozero var første mål, det var ein 8 mil lang avstikkar frå hovudvegen.   Planen var å ete lunsj på hotellet der, som i Lonely Planet guiden blir omtala som ”dowdy”, men skulle vere ferdig oppussa i 2006.  Litt overraskande å bli møtt på den ikkje heilt ferdige inngangstrappa av ein russar som snakka norsk.  Dessverre kunne vi ikkje få lunsj, for det var søndag og kokken hadde reist på fisketur.  Eigaren tilbaud seg å smørje på nokre skiver til oss, men myggen var heller plagsom både inne og ute, så vi foretrakk knekkebrød i bilen.  Han var likevel veldig hyggeleg og anbefalte oss å fylle bensin i nabobyen fordi kvaliteten der var betre.

bading 

Borna i Lovozero badar i elva og har det moro med å hoppe frå ei gamal bru.  Vatnet var sikkert kaldt, for dei måtte av og til opp og varme seg ved bålet.  Eller kanskje bålet holdt noko av myggen unna.

 

bål og bading

Revda vart difor neste stopp, og etter litt om og men fekk vi litt bensin.  Meir om detaljane rundt bensinfylling kjem seinare.

Tilbake på hovudvegen passerte vi Olenogorsk og deretter Monchegorsk, begge byar med tungindustri.  Når det gjeld forurensing og skada natur, er Nikel, som heile tida blir omtala i norske media, bere blåbær mot det vi såg her.  Mil etter mil med svartbrend jord og visna trestammar.  På strekninga forbi Monchegorsk kom det eit voldsomt skybrudd, så det var vanskeleg å få fotografere, og Bodil lurte på om ho burde få vaske bilen etterpå for ikkje å få skade på lakken.

skogdød ved Monchegorsk

Det var forresten denne byen Jens Stoltenberg reiste inn i uten gyldige papir i si tid, vart arrestert og nekta å fortelje at han var sonen til utanriksministeren for å sleppe lett unna.

Neste by var Apatity, og deretter opp i fjella til Kirovsk der vi hadde bestilt hotell for natta.  Ingen internettforbindelse, dessverre, men eit bra, gammalt luksushotell.  Søndagen var eit problem her og, så vi måtte på den lokale bowlinghallen for å få mat.

På mandag morgon såg vi oss litt omkring i Kirovsk, som i tilleg til industri også er eit vintersportssenter.

hoppbakken i kirovsk

Deretter nedatt til Apatity der vi leitte etter Leninstatua deira, men fann den ikkje.  Vi såg derimot ein Statoilstasjon der.  Heile byen og fabrikken vart bygd i 60-åra rundt utvinning av bergarten apatitt som dei produserar kunstgjødsel av.Nedatt på hovudvegen fortsatte vi søraustover mot Kvitsjøen og kom til Kandalaksja by inst i Kandalaksjagolfen i Kvitsjøen i middagstida.  Her er det gjerne ein del Brandølingar som har vore tidlegare, før det vart slutt på selfangsten i dette området. 

Her fann vi til slutt ein skapeleg kafe der vi fekk oss lunsj, – dei hadde til og med noko så «siviliseret» som pizza.   Etterpå gjekk vi i butikk for vi hadde nokre rublar att, og finskegrensa nærma seg. 

johanne kjøpte ikkje kåpe

Johanne prøvde ei lekker skinnkåpe, men ville ikkje kjøpe den trass i at alle vi andre var samde om at ho tok seg flott ut.  Sjå sjølv på bildet.

Deretter la vi i veg på siste etappe mot finskegrensa.  Skog, skog og atter skog, – nokre få reinsdyr vasa seg ut i vegen, – elles var det temmelig livlaust mellom kontrollpostane.  Grensepassering gjekk fint, og vi kom fram til Rovaniemi i ni-tida om kvelden finsk tid.  I skrivande stund veit vi ikkje om vi skal reise vidare til Kiruna i dag, eller om vi brukar resten av dagen her og reiser vidare onsdag. 

Etter Kiruna blir det nokre dagar i Lofoten.

Vi håpar å få opp meir detaljar etterkvart.

Helsing damene på tur

juli 17, 2007 at 2:46 pm Kommenter innlegget

Vi reiser vidare..

..austover til Kvitsjøen søndag 15. juli.  No er vi usikre på  om vi får internettforbindelse før vi kjem til Finland om eit par-tre dagar, så dersom de saknar oppdateringar, er det nok på grunn av manglande tilgang til nett.

Følg med!

juli 14, 2007 at 6:10 pm 9 kommentarar

Michelinpatruljen

Fredag den 13. vart endå ein ny dag med nydeleg ver, – grått og opplett om morgonen, meir og meir sol utover dagen og over 20 grader.  Ikkje så verst i Arktis.

Dagen måtte difor brukast til uteaktivitetar, så det vart galleri og handlegate om formiddagen.   Men mat må vi ha, og rett nedanfor galleriet såg det ut til å vere ein brukande kafe.Som svar på Jostein sin kommentar, kan vi vel seie at i dette tilfellet kjende vi oss definitivt meir som Michelin-reportarar enn som mattilsynet.

Førsteinntrykket var bra, definitivt over kjøpesenterkvalitet heime.  Ved døra var garderobevakt som hengde opp ytterjakkene våre (det såg litt truande ut då vi gjekk, så vi frykta regn, – difor ytterjakker).  Like innanfor var alle godsakene utstilt, – ein laaaang disk med dei lekraste kaker.  Interiøret var limegrønt og orange, – veldig moderne stil.

kakedisk

Noko av det viktigaste med å gå på kafe i løpet av handlerunda, er å få bruke doen der før ein går vidare og handlar. 

Eldrid var først ute, og kom tilbake med følgjande melding: Dette må de prøve, her er designerdo med utruleg lekre fargar og kjempestilige vaskar. Der er også  ein heil vegg med kaktusar,  og nydeleg fuglesang inne på do.

 do

Romet utanfor avlukka hadde utsikt til gata utanfor.  Midt i vindauget heng eit speil som her speilar vegg og dører bak fotografen.

Tone var nesteman:  Eg høyrde ei  humle der inne.

Eit stykke ut i måltidet var det Johanne sin tur:  No er gauken komen også. 

Bodil ville prøve å ta opp fuglesongen med mobiltelefonen:  Kor lenge må vi sitje der før gauken kjem?  Eldrid fekk så i oppdrag å gå inn og dokumentere gauken. 

damedo

Maten?

Absolutt topp.  Bodil åt gåseleverpostei, Tone og Eldrid bestilte krabbe gratinert i terteskjell, – eller det såg eigentleg meir ut som eit fuglereir enn eit skjell.  Til drikke fekk dei to sistnemnde nypressa eplejuice som var like limegrøn som omgivelsane. 

gåselever

eplejuice

Johanne var ikkje svolten, så ho ville berre ha nypressa grapejuice.Sidan nokre av oss gjer eit poeng av å sitje lenge på kafe, måtte vi sjølvsagt også ha dessert.  Det var vanskeleg å velge mellom alle dei lekre kakene, men vi enda opp med bringebær og fromasj i tertedeig og sitronfromasj. 

tone et kake

Heile måltidet kom på ca 450 norske kroner, – til saman.  Elles må det seiast at der var reint og fint, dei moppa over golvet to gongar medan vi sat der, vi fekk nye bestikk i stoffserviettar for kvar ny rett, og garderobevakten heldt vindjakkene så vi kunne ta dei på nett som det skulle vore den finaste pels.

Ei totalt uventa oppleving.  Bodil har alt peika ut Kafe Leto til  sin yndlingskafe i Murmansk.

Helsing damene på tur

juli 14, 2007 at 6:08 pm 1 kommentar

Russiske damer er godt selskap

Mange av oss i Finnmark meiner det.  Vi har hatt med oss Irina Paykasheva, jurist, tidlegare Duma-medlem, menneskerettsforkjempar, medlem av den russiske fengselskommisjonen, pensjonist, Amnestymedlem.  

irinabodil2.jpg

  Tatjana Antonova er overingeniør, har arbeidd med planlegging av Shtockman-utbygging, blei arbeidslaus då det blei stoppa, starta krisesenter for kvinner, lærde seg norsk, arbeider no med brannsikring av Murmansk kommune.

tatjanaogjohanne2.jpg

Tone og Johanne  fekk omvisning og hjelp til shopping av Tatjana og Irina, før vi alle møttest på Meridian til middag.  Det vart eit lystig lag. 

Tatjana var så imponert over dei seks fødslane til mor vår, og syns ho var så liten og nett.  Ho såg på dei tre døtrene som var der, og meinte at kanskje barna hadde ete opp mesteparten av mora?  

Johanne fekk svar på mange spørsmål:

1.        Skatt:  Tatjana og Irina betalar mellom 40 og 50 % skatt – og dei har ikkje moms.  Etter å ha rekna med moms i vårt skattegrunnlag, fann vi ut at skattetrykket ikkje var så ulikt 

2.       Pensjon:  vanleg pensjon er 4-5000 rublar pr mnd.  Når husleiga er på 3500 rublar, er det sveltihel.  Søner og døtre må hjelpe til då.  Vi fekk berre talande grimaser på spørsmål om kva som skjer med pensjonistar utan born 

3.       Finst det husdyr?  Vi har ikkje sett verken kyr, sauer eller geiter, berre litt rein.  Det finst nokre veldig få kollektivbruk, med mjølk og kjøtproduksjon.  Tidlegare blei folk utkommanderte sommarstid for å hjelpe til med høyonn og anna hausting.  I marknadsøkonomien vil ikkje folk gjere slikt, derfor er det veldig få gardsbruk att.  Det er ikkje sauer og geiter på Kola, men nokre har ein gris eller tre så dei får kjøt.   

4.       Kva er det store huset med smijernsport midt på Lenin Prospekt?  Irina meinte at det kanskje var det norske konsulatet, men Johanne protesterte:  Norge er eit lite land, og har ikkje store ambassader som fyller nesten eit heilt kvartal.  Etter kvart kom det fram at det var del av universitetet:  matematisk institutt og kunstavdelinga. 

5.       Korleis blir nikkel laga?  Av nikkel, seier Bodil.  Jammen korfor treng dei ein svær fabrikk med massse utslepp då?  Kva er det dei hentar inn i fabrikken, og kva gjer dei med det?  Ingen kunne svare.  Bror og bergverksingeniør Jostein er hermed utfordra:  Korleis blir nikkel laga? 

utekafe21.jpg

Jostein har skrive utførleg og pedagogisk kommentar  til innlegget om nikkel, så no har vi fått svar på det også.

juli 14, 2007 at 5:41 am 3 kommentarar

Ein regnversdag i Murmansk, eller: Korleis kome på russisk TV

Etter å ha nytt midnattssol og blitt jaga inn av mygg, vakna vi i dag til mistenkelege lydar: regn.  Vi, som hadde gledd oss til å utforske det spennande vareutvalet i Finnmarksmetropolen Murmansk, måtte reorganisere oss.  Besøk på  handtverkssenteret vart vurdert som høveleg regnversaktivitet.  Ein svært hjelpsom drosjesjåfør spurde seg fram i for- og bakgater, og etter å ha spurt seg føre inne, viste han oss til slutt inn ei svært anonym dør i eit stort hus.  Der møtte vi begeistra kvinner, som gav oss ei engasjert og  interessant omvisning.  Vi greidde å få fortelje at Eldrid er kjend quiltekunstnar i Norge, England og USA, og det syns dei var spennende.  Etter ei stund, kom det brått inn to damer i fine,  quilta  klær.  Dei tok fram quiltearbeid og la utover eit bord.  Eldrid kom fort i kontakt med dei, sjølv om kommunikasjonen var på russisk mot norsk/engelsk.    Dei studerte, kommenterte og beundra arbeid, og dei russiske damene bladde opp kantestoff til quiltane som Eldrid beundra, og dei diskuterte kva trådar som skulle brukast til quiltinga av bildet.   Så kome det inn ei dame som bar på ein mikrofon, og ein mann som bar på TV-kamera.  Kamera vart montert, og brått var Eldrid intervjuobjekt for TV. 

 intervju

 Ei stund lurte vi på om kviltedamer og TV var tilkalla pga Eldrid.  Etterkvart forsto vi at det var avtalt møte med dei to quiltedamene om arbeidet dei held på med, og at vi var kulisser som interesserte turistar.  Så når det regnar i Murmansk, kan du risikere å kome på TV

Bodil

intervju med tatjana

juli 13, 2007 at 6:35 am 4 kommentarar

Utstilling på Kunst- og Handverksenteret i Murmansk

Kunst og hanndverksenteret vi besøkte, og som vi seinare fann ut hadde blitt plassert i det gamle hovudkvarteret til Kommunistpartiet i Murmansk etter perestrojkaen, har utstillingar av tradisjonelt kunsthandverk, samt ei hovudutstilling som skiftar kvar månad.

Akkurat no var der barnekunstutstilling.  Born i alle aldrar i Murmansk Oblast (Murmansk region, i praksis er det Kolahalvøya),hadde laga kunstverk i ymse teknikkar med tema bøker og forteljingar.  Utstillinga var resultat av ein konkurranse der målsetjinga var å stimulere til leselyst og meir lesing blant born.  Dei tre første plassane i forskjellige kategoriar fekk verdifulle premiar, og der var også ein publikumspris.

trolldeiggris

Borna hadde laga arbeid i mange forskjellige teknikkar; trolldeig (av rugmjøl), materialbilde, perler, applikasjon, batikk, silkemaling, toving (av katte- og hundehår), samt gouache- og akvarellbilde.   Motiva var henta frå bøker eller forteljingar som borna hadde lese eller høyrt, og vi kjende att fleire av dei same eventyra som vi har, samt forteljingar av HC Andersen, Selma Lagerløf og Pushkin sine barnebøker.  Eit tema for bilda var også å vise i kva situasjonar ein kunne lese bøker. 

vevstol

Senteret hadde og ei samling gamle vevstolar, blant anna ein som var over 200 år gammal, og ho som guida oss hadde sjølv henta den i Novgorod og hadde den med seg under armen då ho skulle ta toget tilbake til Murmansk.  Det vart ikkje sett på med blide auge å ha så plasskrevjande bagasje, så ho måtte kjøpe eigen billett til vevstolen.

murmanskquilt

Der er ei aktiv quiltegruppe som brukar senteret ein del, og det var to av desse som kom og viste fram arbeid dei holdt på med, og som vart intervjua på TV.  Quilteteppa med Murmanskmotiv er det denne gruppa som har laga.

murmanskquilt1

Ein stor billedvev under arbeid hang på eine kortveggen.  Vi fekk helse på kunstnaren, som også jobba på senteret, og vi tok eit gruppebilete framfor eit anna teppe som ho og har laga.  Det tok 5 år å gjere ferdig.Alt i alt ein kjempeinteressant stad å tilbrine ein regnfull føremiddag. 

billedvev

billedvev2

For dei som ventar på dagens kulinariske rapport,  – her er dagens lunsj:

rødbetsuppe

tone et lunsj

Rødbetsuppe eller potetsuppe, grønnsaker, brød, og nydelege bliniar (russiske pannekaker) til dessert.  Berre ein ting å seie:  mmmmmmmmmmm

Helsing frå fornøgde damer i Murmansk

juli 13, 2007 at 6:30 am 1 kommentar

Eldre innlegg Nyare innlegg


Arkiv

Kalender

august 2022
M T O T F S S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031