Skulpturlandskap

Nordland fylkeskommune bygde opp Skulpturlandskap Nordland i perioden 1992-1998. 32 skulpturar av internasjonalt kjende kunstnarar er plasserte i like mange kommunar i Nordland.  Prosjektet har vore mykje omdiskutert, og vi fann ut at vi ville sjå på dei fire skulpturane i Lofoten.  «Utgangspunktet for Skulpturlandskap Nordland er tanken om at et kunstverk med sitt nærvær skaper sitt eget sted. Skulpturen synliggjør også sine omgivelser, slik at stedet får en ny dimensjon. Den dialog som oppstår mellom kunstverket og betrakteren vil vise til forskjellige måter å forstå eller fortolke kunst på.»  Slik heiter det i presentasjonen av prosjektet. 

Vi prøvde oss på Moskenes først.  På vegen ut mot Å, såg vi skiltet om skulpturlandskap, og svinga inn på rasteplassen skiltet viste til.  Vi såg ingen skulptur, men vakre bord og benkar, og folk som gjekk nedover ei rås frå rasteplassen.

rasteplass21.jpg

Vi snakka med folk som leitte etter skulpturen og ikkje hadde funne han, og såg eit lite handskrive skilt som sa at det var 20 meter til skulpturen.  Vi begynte å lure på om det var den pene rasteplassen som var Moskenes sin skulptur
 rasteplass11.jpg

Ein nederlandsk turist fortalde til slutt at ho hadde sett ein skulptur ca 100 m nede i fjellsida.  Vi måtte vidare til Sørvågen før butikkane stengde, og bestemte oss for å sjå etter skulpturen på tilbakevegen.  Då blei Tone send nedover i utmarka med fotoapparat

tone-i-marka.jpg

Den blå prikken de ser, er Tone på veg til sitt første skulpturlandskap.  Medan ho var borte, fann vi fram omtale av skulpturlandskapet i heftet vi hadde fått på turistkontoret på Leknes.  Der sto det følgjande om skulpturen i Moskenes:  «Tittel: Laurbærblad – Moskenes. To relieffvegger av aluminium, 273 x 266 og 312 x 266 cm.  Kunstner: Cristina Iglesias, Spania. Laurbærblad – Moskenes er en markering av den naturlig formete hulen «Djevlegrotten». Kunstneren har plassert en relieffvegg på begge sider av inngangen til hulen, som for å understreke dens mystikk og spesielle karakter. Denne omskapelsen av stedet til kunstverk sier noe om en menneskelig vilje til skjønnhet. Her er ideen om skjønnhet hentet fra naturens mønstre og gjentagende former som i følge kunstneren skaper et «landskap i landskapet», eller «et mønster blant de mønstre som vegetasjonen danner»» 

 laur1.jpg

Vi var veldig spente på Tone sin opplevelse, då ho kom tilbake etter å ha vore borte meir enn 20 minutt. Ho hadde sett to store aluminiumsplater som heitte «Laurbærblad».  Det var vanskeleg å klatre ned, og då ho kom ned var ho tissetrengd og måtte få ordna det før skulpturen blei fotografert.  Slik det såg ut der nede, hadde fleire hatt same behov.  Då vi siterte frå guiden om «hole» «mystikk», «vilje til skjønnhet», fnyste ho.  Det var ingen skulptur, det var to store aluminiumsflak.  Johanne meinte at det er misbruk av skattepengane våre – for det første å gøyme det vekk, for det andre å betale for tullete aluminiumsplater og seie at det er kunst. 

laur2.jpg

Flakstad

Skulpturen for Flakstad kommune fann vi ganske greit.  Det var beskrive slik i heftet vårt:  «Sylinder av STEIN. Diameter 805 cm – høyde 500 cm. Bygd stein for stein. Toshikatsu Endos skulpturkunst tilhører både den japanske og den vestlige tradisjonen. Det er kunst som refererer til myter og de store, universelle symboler som man møter i alle kulturer. Formene er symboler på evige lovmessigheter, undergang og gjenkomst, døden og den nye begynnelse. Epitaph – minnebilde – forteller om noe eller noen som har vært, og som man vil eller burde huske.»  Vi svinga av like etter Ramberg, og fann dette:

sirkel1.jpg

Vi vurderte å gå bort til skulpturen, men der var eit skilt om rasfare.  Vi var usikker på om det var ein del av skulpturen, eller om det var sant.  Det var litt seint på dagen, så vi let  vere å gå bort til skulpturen, men fotograferte frå vegen:

sirkel2.jpg

Johanne meinte endå sterkare at det var sløsing med skattepengane – både den sirkelforma steingarden og plasseringa.

Nesten heime att frå denne turen, kom vi fram på eitt skilt til som også sa kunstverk.  Vi køyrde inn på ein rasteplass, og fann dette:

lofotruna.jpg

Lofotruna heiter denne skulpturen.  Åsvar Tangrad, som driv glashytta på Vikten, laga den til åpninga av Nappstraumstunellen i 1990.  Johanne og alle dei tre andre var enige om at dette var god kunst, og greit plassert slik at vi alle fekk sjå det.

Vestvågøy

Siste dag i Lofoten vill vi prøve å få med oss dei to siste skulpturane.  Først køyrde vi ut til Eggum for å sjå på hovudet.  «Kunstner: Marcus Raetz, født 1941, bosatt i Sveits. En helt særegen skulptur i støpejern og granitt, plassert i storslagen natur litt utenfor allfarvei. Skulpturen og omgivelsene appellerer til ettertanke, fantasi og observasjon»

eggum.jpg

Eggum er vakkert, sjølv til Lofoten å vere.  Men for å finne skulpturen måtte vi køyre ut på ein holete grusveg med bompengar.  800 meter til skulpturen, sto det.  Etter å ha køyrt 600 av dei, kom vi fram til dette léet:

tone-og-port.jpg

Tone prøvde å knyte opp knutane så vi alle skulle kunne kome fram til skulpturane, men gav opp etter ti minutt.  Så blei Tone og Johanne sende ut for å fotografere hovudet, som med sokkel skulle vere 178 cm høgt.  Hovudet skulle etter det vi hadde lese, kunne sjåast på 16 forskjellige måtar, her er to av dei:

hovud1.jpg

hovud2.jpg

Sjølv om vi syntes hovudet var fint, var Eldrid ikkje imponert.  Teppet hennar, Natt og Dag , kan nemleg knappast slik at det har 1 152 921 504 606 846 976 moglege kombinasjonar, og då blir 16 peanuts. Johanne meinte framleis at plassering av skulpturane var bortkasta skattepengar, men ho likte hovudet betre enn dei andre to. 

Vi køyrde framom Borga – ein installasjon tyskarane bygde under krigen og som skal ha innehalde ein av dei første tyske radarstasjonane.  Dette var og ei sirkelforma steinrøys.  Vi filosoferte litt over om tyskarane til liks med den japanske kunstnaren i Flakstad også hadde tenkt på  «evige lovmessigheter, undergang og gjenkomst, døden og den nye begynnelse» då borga vart laga?

borg-eggum.jpg 

Alle saman var imponerte over geraniumane som vi såg i eit hus like før Eggum:

geranium1.jpg

Vi er glade for at jakta på skulpturane tok oss til vakre Eggum, som vi nok ikkje hadde besøkt elles.

Vågan

skulle ha ein skulptur utan tittel:  «Kunstner: Dan Graham, USA. Hva er betrakterens rolle i møte med et kunstverk? Kunstnerens løsning går på en konkret måte til selve den skulpturelle strukturen. I hans paviljonger med glass- og speilvegger blir betrakteren bevisst både sin fysiske posisjon og forholdet til skulpturens gjennomskinnende og reflekterende vegger. I møtet med skulpturen på Lyngvær er det de omkringliggende landskapsscener, reflektert på skulpturens veggflater, samt betrakterens posisjon som er det sentrale. »  Høyrest ikkje dette fint ut?  Dette bildet møtte oss då vi følgde skiltet om skulpturlandskap og svinga ned til den gamle ferjekaia på Lyngvær: 

spegel-parkering.jpg

Vi hadde no etterkvart blitt vane med bortgøymde skulpturar, så vi gjekk trøystig ut av bilen og starta jakta.  Tone såg baksida av skulpturen etter ei lita stund, og vi fann ei rås bort til den store spegelen: 

spegel2.jpg

Her sat det fire syklistar som var på dagstur: sykla frå Leknes til Svolvær og skulle ta hurtigruta i retur til Stamsund, og så sykle siste biten heim att.  Dei var litt enige i Johanne sine betraktningar om sløsing med skattepengar.  Vi tre som fekk sjå den, likte denne skulpturen best av alle

spegel.jpg

Naturen som blei spegla blei faktisk eit hakk meir trolsk og vakker enn den verkelege Lofotnaturen. 

Vi var godt fornøgde med jakta og funna våre, og særleg med den siste skulpturen.  Johanne hadde endå ein gong vurdert bruken av skattepengane våre, og kome fram til at den verste sløsinga, er plasseringa av figurane. 

sureldrid.jpg

Vi kom tilbake og var glade og fornøgde med å ha sett naturen bli vakrare i skulpturspegelen.  Der møtte vi Eldrid, som ikkje kunne kome seg ned den vesle dumpa som var i råsa.  Vi undra oss over om ikkje Skulpturlandskap Nordland er klar over at vi har mange hofteopererte/på veg til neste hofteoperasjon i dette landet, og også mange som har vanskeleg for å ta seg fram i ulendt natur av andre grunnar.  Når det først er gjort ei slik storsatsing for å få kunsten ut i naturen – kan de ikkje då også bruke nokre små kroner slik at fleire kan få sjå skulpturane?  Vi sender dette spørsmålet til Nordland fylkeskommune.

Reklame

2 kommentarar Add your own

  • 1. 4murmansk  |  juli 30, 2007 ved 9:30 pm

    Det kan nok hende eg ville ha blitt imponert over hovudet dersom eg hadde kome så nær at eg fekk sjå det. Men ingen blir imponert over ein prikk i horisonten.

    At alle fire skulpturane i Lofoten skulle vere så utilgjengelege var ein skuffelse.

    I det minste oppnådde den siste kunstnaren noko av målsettinga om å bli «bevisst sin fysiske posisjon i forhold til skulpturens vegger». I mitt tilfelle var den fysiske posisjonen på baksida av kunstverket, og eg var også veldig bevisst på den fysiske posisjonen til eit tett buskas mellom meg og skulpturen.

    Eldrid

    Svar
  • 2. Arne Strøm  |  september 18, 2011 ved 8:53 pm

    Vi som er eiere av disse geraniumene er og svært glade for disse vakre plantene og vil gjerne komme i kontakt med fotografen.

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


%d bloggarar likar dette: