Å halde det ein lovar..

august 11, 2007 at 1:49 am 2 kommentarar

..er god folkeskikk.  Vi har hinta om forskjellige saker og sagt vi skal skrive meir om dei, og det kjem nok litt i senn.

I ein av dei første postane lova vi å skrive meir om forviklingane på byrjinga av turen.  Som før fortalt: det flyet der vi tre damene synnafrå var om bord, landa ikkje i Kirkenes som planlagt på grunn av skodde, men i Ivalo i Finland.  (Flyselskapet var Norwegian, berre så det er sagt).

Vi hadde ikkje med oss Europakart eller nokon ting, så vi hadde eigentleg ikkje peiling på akkurat kvar vi var, men utfrå opplysningane som vart gitt på høgtalarane på flyet, høyrdest det ut som det var berre ein svipptur over grensa og inn i Norge.  Seinare fann vi ut at det var ein tre timars busstur frå Ivalo til Kirkenes.  Flymannskapet vinka bye-bye og lovde oss meir informasjon av personalet på flyplassen, før dei snudde flyet og flaug sin veg.

ivalo2

Ankomsthallen i Ivalo…..

ivalo

…. med flotte maleri på veggane

Etter at folk var komne inn i eit ganske tomt, men stilfullt og rustikt lokale, hadde fått bagasjen sin og gjort unna dei verste dokøane, dukka det omsider opp ei ung jente med offisiell refleksvest og ein walkie-talkie i handa.  Ho sa noko til dei som tilfeldigvis stod nærast, og ryktet spreidde seg at det skulle kome ein buss.  Jenta gjekk ut og inn, og sa av og til noko til dei som stod nærast og masa mest, og ryktet sa etterkvart at det skulle kome først ein buss, så ein buss til om 20 minutt, og deretter endå ein buss noko seinare.  Etter ei stund kom ryktet så langt som til høgtalaranlegget, på engelsk med finsk aksent.

ivalo3

Stilig oppsats på flyplassen i Ivalo.  Som de ser hadde vi god tid til å fotografere her.

Den første bussen dukka opp, og der vart det fort trengsel.  Det var ein del som hadde stresskoffert og som også såg tilsvarande stressa ut, og der var også ein del småbarnsfamiliar, så vi tok det med ro, – vi var trass alt vaksne og var på ferie, – men kanskje litt uerfarne som trudde på ryktet om fleire bussar.

Buss nummer to dukka opp etter tre kvarter, men det var ein rutebuss som skulle til Båtsfjord viste det seg, ikkje til Kirkenes, så den meinte vi var uaktuell for oss.  Den vart likevel ganske fort fyllt av folk som sikkert hadde meir oversikt over geografien og korresponderande ruter enn vi hadde akkurat då.

Buss nummer tre såg vi ikkje noko til, og fekk aldri svar på kva tid den skulle kome.

I mellomtida hadde endå eit fly «nødlanda», og no vart det plutseleg voldsom aktivitet på høgtalaranlegget.   Etterkvart forstod vi at det var eit utanlandsk reiseselskap som ikkje hadde nådd hurtigruta i Kirkenes, og som skulle skyssast til Båtsfjord for å gå ombord der.  Høgtalarstemma proklamerte på vekselvis tysk og fransk at det kjem ein buss om fem minutt.  Etter fem minutt kom det verkeleg ein buss, og på høgtalaren fekk dei beskjed om nøyaktig kvar dei skulle gå for å finne bussen, og nøyaktig kven som skulle vere med den bussen, – her var det presisjon i alt.

Tone hadde no fått kontakt med Bodil på mobiltelefon.  Det vi ikkje visste då, var at Bodil hadde rekognosert litt på flyplassen i Kirkenes.  Der stod ein buss klar til å frakte passasjerar til Ivalo, – det var dei som ikkje hadde fått reise med det Norwegianflyet som ikkje hadde landa i Kirkenes, men i Ivalo.  Ho skjøna tegninga: bussen som vi var lova ville ikkje kome til Ivalo før om tre timar, deretter ville det ta tre nye timar tibake til Kirkenes.

Bodil tenkte fort, og dermed vart Tone «tvinga» til å «antaste» bussjåføren med spørsmål om det var plass til oss i bussen med utlendingar til Båtsfjord, og om vi kunne vere med, og det var greit.  For sikkerheits skuld snakka Bodil og med sjåføren og fekk vite at bussen skulle innom Tanabru.

Om bord i bussen var ein livleg gjeng.  Der var også ein midlertidig reiseleiar, som prøvde å fortlje litt om byen Ivalo som vi køyrde inn i.  Før bussen forlot flyplassen, kom det ombord to kasser med varm pariserpizza, som folk fluksens kasta seg over.  Bussen stoppa og fyllte bensin, og då kom reiseleiaren med eit par kartongar med juice.  Deretter var det endå eit stopp ved ein matbutikk, og inn kom endå to kasser med baguettar og ei kasse cola.  Det var til slutt eit heilt lite berg med mat, og seinare tomgods, i midtgangen på bussen.  Før «sjefen» vinka farvel, opplyste ho at det ville bli lunsjstopp på Tana Hotell.  Her skulle det ikkje sveltast.

mat ombord i bussen

Matkasser i bussen

Etter ei stund fekk Tone ei kryptisk melding frå Bodil på telefonen:  «Sei frå dersom bussen svingar til høgre etter ein time». 

Javel?? 

Utifrå det vi registrerte, svinga bussen både hit og dit heile tida, men vi bestemte oss for å vere på utkikk etter ein høgresving etter ca ein time, – eller kanskje ein time pluss 10 – 20 minutt sidan det tok litt tid med all maten.  Det var noko vekslande mobildekning, så vi fekk ikkje kontakt med Bodil for å spørje kva ho eigentleg meinte.

Sjølv om det kanskje var ein ekstra bonus å få litt sightseeing i Finland «på kjøpet», vart landskapet noko einsformig i lengda, og det var ikkje heilt fritt for at vi duppa litt av.  Innimellom bråvakna einkvan og spurte: «Har bussen svinga til høgre?»  «Jada, – fem gongar»

Endeleg kom Bodil gjennom på telefonen til Tone: «Har dokke svinga til høgre? Ser du ein dal og ei elv?»  «Nei, her er berre fjell.»  «Ok, då er dokke der eg trur dokke er.  Sei frå om dokke køyrer over ei bru….»  Så braut det.

Det var godt å vite at nokon visste kvar vi var, for vi hadde ikkje peiling sjølve, så vi fekk berre gjere vår del av oppgåva som best vi kunne og halde utkikk etter ei bru og ein høgresving.  Men vi var litt usikre på om vi skulle køyre over brua eller ikkje, og om høgresvingen framleis var med i planen.

bru

Vi kan skimte ei bru og eit vegkryss gjennom frontruta på bussen.

Etter ei stund såg vi faktisk ei ganske stor bru litt lenger framme, og jammen svinga bussen til høgre og, men det var like før brua.  Bodil fekk fluksens beskjed: «Vi har ikkje køyrt over brua, men vi har svinga til høgre.»  «Ok, då veit eg kvar eg skal køyre.  Hugs å stoppe bussen i Tanabru».

tanaelva

Elvebåtar på Tanaelva

 Då kunne vi slappe av og nyte bussturen nedover langs elva, som vi seinare fekk bekrefta var Tanaelva.  Bussen stoppa av seg sjølv i Tanabru, for der skulle alle inn på hotellet og ete lunsj.  Bodil stod på parkeringsplassen og venta då vi kom, og kjøpte seg ein kaffi inne på hotellet medan vi andre forsynte oss av lunsjbuffeten som var sett fram til busspassasjerane.  Kven som betalte veit vi ikkje.

Det høyrer med til historia at 10 minutt etter at Norwegianflyet vårt skulle ha landa i Kirkenes, men ikkje gjorde det på grunn av verforholda, så landa det eit fly frå SAS/Braathen der.  Skilnaden skal vere lang eller kort erfaring med den aktuelle flyplassen seiest det.  Kanskje noko å ha i bakhovudet når ein ser at eit flyselskap har 200 kr billegare billett enn eit anna.  Uansett så er det viktigaste å kome seg trygt ned på landjorda att, men det er no absolutt ein fordel å kome fram dit ein har tenkt og.  Det er noko med å halde det ein lovar.

Konklusjon:  Bodil er ein ualminnelig snartenkt organisator som kan snu på ein femøring når situasjonene krev det og køyre hit eller dit etter behov.  Alle spørsmåla om høgresvingar og bruer var for å kartlegge kva veg bussen ville ta, og om ho eventuelt kunne møte oss i Neiden eller måtte køyre heilt til Tana.  Godt at nokon held greie på bruer og vegkryss medan andre er langt ute å køyre i den same geografien.

Entry filed under: ferietur.

Litt etter litt.. Og vinnaren er…

2 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  august 11, 2007 ved 5:38 pm

    Suveren historie. Og eit skrekkeksempel på kva betalande pasasjerar må finne seg i av informasjonssvikt og manglande reserveløysingar når ikkje alt gjeng etter planen. Eg har også forstått det slik at denne episoda inneheldt eksempel på skræmande dårleg kø-kultur blandt dei reisande (småbarnsforeldre som ikkje blei gitt plass i første bussen).

    Delta Airlines har slagordet «Delta gets you there». Norwegian har slagordet «fly smart», men kunne kanskje skifta til «Norwegian gets you there … or somewhere».

    Her må eg skunde meg å legge til at eg berre har reist med Norwegian ein gang (til Düsseldorf), og det var ei udelt positiv erfaring. Billetbestilling og innsjekking var rask og smidig, flyet var i rute både nedover og på returen, seta var gode å sitje i, og smørbrøda var gode sjølv om dei kosta pengar. Faktisk skulle eg ynskje vi fekk ei Norwegian-rute til Molde, så kanskje vi kunne få slutt på monopol-prisinga til SAS Braathens.

    Svar
  • 2. 4murmansk  |  august 12, 2007 ved 10:49 am

    Eg trur der kom ein eller annan og fekk ordna litt opp i køen etterkvart, og fekk om bord nokre av dei som hadde born. Då sat vi inne i venterommet, så vi såg ikkje akkurat korleis det vart gjort. Men der var framleis born som gjekk og venta då vi reiste frå staden.

    Synest du skal sende inn det nye slagordet til dei 🙂

    Er enig i at det er greit med litt konkurranse og billege billettar, men dei har sin pris dei og, ser det ut til.

    Det som var påfallande, var skilnaden i fart og presisjon i det å skaffe bussar, og informasjonen som var gitt, av dei to flyselskapa som hadde stranda passasjerar på flyplassen. Vi hadde kanskje kunna akseptert at det var vanskeleg å skaffe ledige bussar og sjåførar i ein fei dersom ikkje det andre flyselskapet, som landa ei god stund etter oss, demonstrerte så tydeleg at det gjekk faktisk an å få passasjerane raskt avgårde.

    Vi valde eit anna flyselskap til heimturen, sjølv om dei var litt dyrare.

    Eldrid

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

august 2007
M T O T F S S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

%d bloggarar likar dette: