Russiske damer er godt selskap

juli 14, 2007 at 5:41 am 3 kommentarar

Mange av oss i Finnmark meiner det.  Vi har hatt med oss Irina Paykasheva, jurist, tidlegare Duma-medlem, menneskerettsforkjempar, medlem av den russiske fengselskommisjonen, pensjonist, Amnestymedlem.  

irinabodil2.jpg

  Tatjana Antonova er overingeniør, har arbeidd med planlegging av Shtockman-utbygging, blei arbeidslaus då det blei stoppa, starta krisesenter for kvinner, lærde seg norsk, arbeider no med brannsikring av Murmansk kommune.

tatjanaogjohanne2.jpg

Tone og Johanne  fekk omvisning og hjelp til shopping av Tatjana og Irina, før vi alle møttest på Meridian til middag.  Det vart eit lystig lag. 

Tatjana var så imponert over dei seks fødslane til mor vår, og syns ho var så liten og nett.  Ho såg på dei tre døtrene som var der, og meinte at kanskje barna hadde ete opp mesteparten av mora?  

Johanne fekk svar på mange spørsmål:

1.        Skatt:  Tatjana og Irina betalar mellom 40 og 50 % skatt – og dei har ikkje moms.  Etter å ha rekna med moms i vårt skattegrunnlag, fann vi ut at skattetrykket ikkje var så ulikt 

2.       Pensjon:  vanleg pensjon er 4-5000 rublar pr mnd.  Når husleiga er på 3500 rublar, er det sveltihel.  Søner og døtre må hjelpe til då.  Vi fekk berre talande grimaser på spørsmål om kva som skjer med pensjonistar utan born 

3.       Finst det husdyr?  Vi har ikkje sett verken kyr, sauer eller geiter, berre litt rein.  Det finst nokre veldig få kollektivbruk, med mjølk og kjøtproduksjon.  Tidlegare blei folk utkommanderte sommarstid for å hjelpe til med høyonn og anna hausting.  I marknadsøkonomien vil ikkje folk gjere slikt, derfor er det veldig få gardsbruk att.  Det er ikkje sauer og geiter på Kola, men nokre har ein gris eller tre så dei får kjøt.   

4.       Kva er det store huset med smijernsport midt på Lenin Prospekt?  Irina meinte at det kanskje var det norske konsulatet, men Johanne protesterte:  Norge er eit lite land, og har ikkje store ambassader som fyller nesten eit heilt kvartal.  Etter kvart kom det fram at det var del av universitetet:  matematisk institutt og kunstavdelinga. 

5.       Korleis blir nikkel laga?  Av nikkel, seier Bodil.  Jammen korfor treng dei ein svær fabrikk med massse utslepp då?  Kva er det dei hentar inn i fabrikken, og kva gjer dei med det?  Ingen kunne svare.  Bror og bergverksingeniør Jostein er hermed utfordra:  Korleis blir nikkel laga? 

utekafe21.jpg

Jostein har skrive utførleg og pedagogisk kommentar  til innlegget om nikkel, så no har vi fått svar på det også.

Entry filed under: ferietur, Murmansk, Uncategorized.

Ein regnversdag i Murmansk, eller: Korleis kome på russisk TV Michelinpatruljen

3 kommentarar Add your own

  • 1. Jostein  |  juli 14, 2007 ved 3:10 pm

    Lenge leve vankunna, mi eiga inkludert. Får prøve å gjere noko med det. Nikkel-framstilling er ikkje mi sterke side. La meg presisere at eg ikkje er bergverksingeniør, men metallurg. Fysikalsk-metallurg for å vere meir spesifikk, de som kan mest om metallframstilling kallar seg prosessmetallurgar. Hadde metallurgi vært tre-industri, så hadde prossessmetallurgane vært tømmerhoggerar medan eg hadde vært møbelsnekkar (dette vart ei passe søkt samanlikning, men de forstår kanskje poenget ?)

    Det er forsåvidt rett som Bodil hevdar at nikkel er laga av nikkel. Problemet er at nikkel ikkje er å finne i rein form i naturen, det er butte opp i ulike mineral i forskjellige bergartar. Bergartar som inneheld spesielt mykje metallhaldige mineral kallar ein for malm. Over halvparten av nikkelproduksjonen i verda er basert på svovelhaldige malmar. Desse malmane inneheld mellom 0.3 og 1.2 % nikkel. Det vanlege i ved metallframstilling er at malmen blir raffinert noko i ein fabrikk nær gruva, det ville vere meiningslaust å skipe 99% ikkje-nikkel til eit nikkel-smelteverk. Nøyaktig kva som skjer ved raffineringa (opprdening på gruve-språket) av nikkel-malmar er eg usikker på, men eg har lest at det blir laga pellets (brikettar) av eit slag ved gruva i Zapoljarnij på Kola-halvøya. Eg vil tru at denne pelletsproduksjonen medfører at ein brenner av ein del svovel, som medfører utslepp av svoveldioiksid. Pelletsen blir så sendt til smelteverket i Nikel. Igjen så veit eg så godt som ingenting om sjølve prosessen, men det som måtte vere att av svovel i pelletsen blir nok brent av og medfører ytterlegare utslepp av svoveldioksid. Ut av fabrikken kjem det då nikkel i rein, metallisk form.

    Nikkel blir mykje brukt som legeringselement i andre metall, t.d. rustrfritt stål. Dei som har tatt seg bryet med å titte på merkinga på kaseroller, bestikk, baderomsinteriør eller anne vi omgjev oss med til dagleg vil ofte finne merking som 18/8, 18/10 el. l. Det første talet er andelen krom, det andre talet er andelen nikkel i stålet. Kjekt å vite.

    God tur vidare.
    Helsing Jostein

    Svar
  • 2. Jostein  |  juli 14, 2007 ved 3:26 pm

    Eg registrerer forøvrig at det stend «Baltika» på parasollen over uterestaurant-bordet dykkar, men de er ganske langt unna baltikum. Forklaring?

    Svar
  • 3. 4murmansk  |  juli 14, 2007 ved 9:08 pm

    Baltika er eit russisk øl, ifølge ein ung servitør. På kontrollspørsmål om det var baltisk eller russisk var han noko usikker, men meinte framleis at det var russisk.
    Bodil

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Arkiv

Kalender

juli 2007
M T O T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

%d bloggarar likar dette: